Ragnhild Slettevoll.

[Del 1 av 6]
 
(Forteljing av–bjørg.)
           
 
Tor Slettevoll var ein ovende rike Mann og so gjiruge, at han vilde faa grava unde seg alt det, han paa nokon Maate kunde faa fat paa. Han bleiv illi lika baate av sine Grannar og Tenarar, dei maatte jamt hava Skai av han. Gretten og sur var han au myki og gnog og mulla paa Vond-Or jamt.
           
Men Aase, Kjeringje var paa ein annan Maate, ho var snild og venleg mot baate rike og fatike, og mest mot dei fatike Bonni. Det var mangt eit fatikt Baan, som bleiv baate klætt og vælstelt av Aase. Men Tor lika ’ki, at ho var so til gjeva dei fatike. Mi hev ’ki Raad til det, sa’ han. Men Aase var ’ki rædd Mannen sin, om han gnog og mulla, ho fekk mest jamt tala han til nøgjes. Hot skal all denne Maten vera til, sa Aase, er det ’ki Vaarherre, som heve gjevi oss soso store Gudsgaavur, og han segjer mi skal hjelpa paa dei som trenge. Ikkje heve mi Bonn som mi kann rike upp, for du ser mi misser dei atte, sa ho og gret. Hm! sa Tor, graate fyre mi ikkje heve Bonn, det er daa bare Bry med dei Unganne, ser du ’ki burti Norigar, hos smaatt det er med dei, det er vist ikkje lengje før Bygdi maa føa de. Du maa daa alli segja, det er so smaatt med dei burti Norigar, sa Aase, dei klarar seg somen gott, og alle dei vene Bonni er ei stor Velsigning i Husi. Eg totte, det vøre so hugnalegt hava Bonn kringom seg; naar ein ol dei upp væl, so kunne ein hava større Glee av allt det ein hadde. Tor tagde jamt, naar Aase tala, for ho var so væl lærd Aase, at det var ’ki godt aa tala imot, men han meinte nok tvertimot. Han var liti lærde Tor, so han snaut kunne lesa i Bok, men det var ’ki største Nytte i aa lesa, meine han; bare ein kunne bli rik paa noken Maate, so var det heile Saki.
 
           
Det saag ut som Ynski hennar Aase vart uppfylt, for ho vart nekomi med ei liti Gjente, som bleiv kalla Ragnhild. Aase var so glad i denna vesle Gjenta, og no ynskte ho ’ki anna, hell at det maatte vera dei undt aa faa hava ho.
           
Tor tottest au vera meir fjaag no, og var myki inni for aa sjaa paa Baane. Men Aase var lengje sjuk før ho kunne vera uppe atte, og daa var det bare so vitt ho kunne passe vesle Ragnhild.
           
Tor klaga fyre Aase, at det gjekk ”atskjiligt” til no i Huse, og det var somen sannt. Tenararne var nok rædde Tor, men likevæl gjekk ikkje Arbeie so væl no, sia ikkje Aase var tilstaes og styrde og stelte paa sin blie, logne Maate. For Aase var no so laga, at alle maatte vyre og agta ho, ho var fyr Tenararne mest som ei Mor. Støtt ha’ ho eitkvart godt Or til sine Folk og rettleidde dei med so mangt, so alle var glade i ho. Av Tor høyrde dei alli ko Vondor jamt, anten dei arbeidde liti hell myki, so var det det same; men fyrr hadde Aase vori til styrt med dei, so det gjore ’ki noko, det Tor gnaalte, men no bleiv dei leide av aa høyra paa det jamt, og so gjekk det nok ”adskjiligt” til, som Tor sagde.
           
Det saag mest ut, som Aase skull ’ki bli frisk att, for ho folna burt til kvar Dag, og sjølv gjekk ho med den Tankjen, at det var ki lengje ho livde. Det sveiv tunge Tankar for ho no, ho kom ihug den vesle Gjenta, som væl kanskje snart bleiv morlaus, men ho hadde ’ki sagt noko for Tor endaa. Tor gaadde det nok, men han var nok grusten og gretten som vanleg; men naar han var einsmall, kunne dei sjaa han stod lange Lonur paa sama Staen og tenkte, og naar han daa trefte Folk etterpaa, gjekk han og alli tala.
           
Ein Morgo var det meir stillt paa Garden hell vanleg, Tenaranne for stillare, og ikkje høyrde du dei tala eit høgt Or. Det var liksom dei var rædde for gjera noken til meinars. Husbonden var ikkje til aa sjaa. Aase var nok so klein, at ho alli kunne koma av Sengji, og Tor ha’ vori inni Sjukeromet heile Notti. Vesle Ragnhild var au derinne. Aase ville at dei sill’ vera einsmalle, ho laut no tala med Tor om det, som laag ho so tongt paa Hjarta, for det kunde snart vera forseint. Umsuti for Ragnhild kunne ho ’ki faa fraa seg, endaa ho viste det var ’ki rett. Mangt og myki bleiv tala millom dessa tvo; dei ha’ kanskje alli tala so myki med kvarandre paa eit heilt Aar, som dei gjore paa dessa faa Timarne, som var dei seiste, som Aase hadde aa liva i. Daa det leid frametter til Middag, kom Tor inn, men han var ’ki kjennande atte, han ha’ nok loti bøygt seg no, der ha’ nok vori ein sterkare hell han derinne i Dag. Tenaranne tore alli tala til han, men det saag ut som han venta, at dei ville spyrja om noko, for han saag paa dei ymse. Endeleg vaaga ei av Jentunne seg til aa spyrja, om det var noko Aase vilde hava, men daa riste han paa Hovui, og sovitt fekk segja, at ho ha døyt. Dei gret, daa dei høyrde dette, no fekk dei ’ki tala med ho Aase meir. Tor ville manna seg upp, men han var ’ki god til det, han seig mest som i Uvit, so han maatte til Sengje. So maatte dei daa sjaa uti Romet, som Døen ha’ gjesta idag. Der var det eit grøtelegt Syn, Aase laag paa Sengje kald og stiv, med ein Smil baate saar og sæl ha’ ho tryst vesle Ragnhild tett inn til Brosti sitt.
           
Ho sov den vesle so søtt og gott. Ragnhild var bare eit Aar no, daa ho miste Mor si, so ho ha’ ’ki nokon Tankje om, kot Mor var værd.
           
Det var daa ikkje so lengje, før Tor retta seg atte, han ha’ so myki gjera no, so det var ’ki Tid til vera klein.
           
Men daa Likfere hennar Aase hadde vori, vart det omlegt paa Slettevoll, ein kunne sanne, at Stytta som helt Huset uppe, var burti. Mannen gjekk der sur og gretten, verre hell daa Aase livde. Det einaste som kunne kveikje honom var, naar vesle Ragnhild gjekk og sulla med Baanelæte sine og rødde med dei. Han kunne daa sometier klappa ho og ynskje at ho var vaksi.