Ragnhild Slettevoll.

[Del 5 av 6. Første delen]
 
(Forteljing av –bjørg.)
                      
 
(Framhald.)
 
        
Andre Dagjen ha’ Kari full Styrnad yver heile Huse og Tenaranne, men dei kunne alli lie desse kvasse Augunne hos ette paa dei, det var plent som vonde Kattaugur. Vesle Ragnhild kunne ’ki hell vera so røduge no, ho fælte seg for Kari, men Kari gat ’ki noko til ho endaa. Ragnhild sprang til Nordigar kvar Dag, dei maatte støtt vera ihop ho og Sigurd. Dei ha’ daa sine Bøkar og las, og so fortalde Ragnhild Sogur, som ho ha’ høyrt av Tone, og so saang dei noko smaa Vers, som dei ha lært baae.
        
Men det bleiv snart ein annan Leik for Ragnhild, for ettesom Tidi leid, so fekk Kari meir og meir bruke Magti si. Ragnhild ha’ enno fengje gjengje si egjo Gaang, men no fekk ho inkje raade seg i noko, ho laut no arbeide jamt baate seint og tileg. Naar ho ville lesa, so treiv Kari Boki av ho, og banna paa, at her var ’ki Tid til Lesnad. Alli fekk ho koma til Nordigar hell no, og ikkje til Hagjen til Tone.
        
Ho var plent vonlaus, for Tor gjekk der i Garen mest som ein Skuggje, det hjelpte ’ki tala med han hell, Kari ha’ full Magt yver han og.
        
Ragnhild var lyug i alle Ting, men ho var ’ki glad, ikkje maatte ho syngja hell no.
        
Burte paa Nordigar sakna dei Ragnhild, men dei kom ihug hossi dethae seg, og ein Dag gjekk Gunhild Norigar burt til Slettevoll. Men du kann nok tru, at ho Kari var sløg og sleip, ho laga seg daa so bli og fjaag, so du mest kunn tenkja det var eit Godmenne; ho laga til det beste, som tenkjast kunne for Gunhild og rødde so søtt, at ein mest kunne supe av ho.
        
Vesle Ragnhild sat og karda paa ein liten Stol, og Gunhild ville til og røa med ho, men ho kunne ’ki tala, for Graaten var færig med sama. Mi heve venta so paa deg, sa’ Gunhild, og Sigurd mest, men det er no væl Moro aa vera heime au no, du heve fengje deg ei Mor, men du lyt snart koma. Du akar væl og lese au om Dagann. Ragnhild fekk alli tala, og Kari lest som ingjen Ting, so Gunhild saag at ho ikkje hadde noko gjera for denna Gaangje, men ho ville fortelja alt til Tone Hagjen, om det kunne vera ei Von, at ho kunne gjera noko til Bate for Ragnhild, men no ved Vetretid var det ’ki Von.
        
So snart Vaaren bleiv daa so stor, at Buskapen maatte ut, so laut det noken til gjæte, og det var ho vesle Ragnhild som var sett til Juring. Slettevoll og Nordigar hae Samlagsbeiti, so dei maatte blande Gjæsla; so vart det til det, at Sigurd og Ragnhild skull gjæte. No ha Ragnhild sluppi to Buri, i Skogjen va ho fri som Fuglen.
        
Det var glade Dagar for Sigurd og Ragnhild desse lange Somaardagar, naar det daa var Godveer, kom Tone til dei i Skogjen, fortalde dei og lærde dei, so ha’ Sigurd, med seg ei Tavle, som dei skrev paa, og no kunne Ragnhild au den Kunsti aa skriva.
        
So gjekk daa Aare. Om Vetren var Ragnhild stengd fraa all Friheit, medan Sigurd maatte vera i Skuli burti Bygdi, men det maatte ’ki Ragnhild for Arbeidets Skull, og ikkje var det noko Plikt med det hell i den Tidi. Men so om Saamoren att, var det morosame Dagar, daa ha’ Ragnhild si Læretid. Ho eigna daa til seg av Sigurds Kunnskap, so ho helt væl atte med han i alle Maatar, det gjekk daa ikapp med dei. Heime paa Slettevoll viste dei ’ki anna hell Ragnhild hadde anvint med Spiti sitt, for ho kom jamt heim om Kvello med vælgjort Arbeid. Men det var Tones Hjelp atte, ho gjore Arbeide, Ragnhild skull gjera, so ho kunn faa lesa, for no var det Tidi dei laut gange for Presten baate Ragnhild og Sigurd, so ville ho so gjønne at Ragnhild skulle kunna svara godt fyre Presten, det ville vera hennar Glea.
        
 
Det var Vaaren, Lauvi ha’ sprutti i Lianne, og Grasi for til bli langt, Gaukjen gol og Fuglarne kvittra og song, so gamle og unge maatt bli kveikte til nytt Liv. Det var daa Sondag. Med Kjyrkja var so folksamt i Dag, det var Konfirmasjon der skull vera. Sigurd og Ragnhild var blant Konfirmanteranne. Baate Foreldri og Syskyni has Sigur var med, men Ragnhild hadde ingjen fraa Heimen, det var Tone som fylgde med ho den Dagjen.
        
Ho er vaksi stor no vesle Ragnhild, men ho ser bleik og aalvorleg ut i Dag. Ho og Tone stend med ei Greft, som er so pynta. Der ligge Aase Slettevoll, Tone hev passa paa Grefti og blomsta ho. Det vøre so godt om Mor ha’ livt, sa’ Ragnhild og brast i graate. Mi skal ynskje Fre yve dei døe, sa’ Tone, væl ha’ det vore betre fyre deg om Mor di ha’ livt, men no voner eg du heve vunni. Bare du no ikkje slepper han, som du i Dag skal lova, so kann du gange hugheilt fram i Verdi. Gud løne deg kjære Tone, sa’ Ragnhild fyre alt du heve gjort mot meg, eg vil vone eg eingaang kan gjera noko atte fyre deg.
        
No bleiv Ungdomen ropa fram, og Sigurd og Ragnhild var kvor paa sin Kant Nommer ein. Og det hadde dei no væl fortent, for alle sa’, at dei alli ha’ høyrt noko Ungdom, klara seg so godt fyre Presten. Ragnhild ha’ sjella komi ut blant Ungdomen, so ho snaut kjende noken, men alle kjende ho, og idag var der sodan Glaaping paa ho, at Tone mest bleiv skamfull yve det. Det gjekk allt i Bygdi Ord um den rike og vene Ragnhild Slettevoll. Der skal koma til bliva Sprong kviskra some seg imillom. Ragnhild let dei glaape og røa som dei ville.
        
Me Messe gjekk ho og Tone burt til Nordigarsfolki, og der tok dei daa baatte ho og Sigurd i Haandi. Baate Tone og Foreldri has Sigurd viste nok, at Sigurd og Ragnhild helt av kvarandre, men dei lest som ingjen Ting. Dei hadde daa Fylgje paa Heimvegjen, og Sigurd og Ragnhild kom til gange fyri dei andre. Du er so bleik i Dag, Ragnhild, sa’ Sigurd og glaapte paa ho med sit opne kjærlege Augnekast, er du ikkje frisk, hell hev ho Kari vori har med deg atte. Jau eg er frisk, sa’ Ragnhild, men eg tykkjer det hev vori so rart i Dag.
        
Mi bli no ikkje lengri rekna fyre Bonn Sigurd, og det hev vori mine glade Dagar, om Somro, naar mi heve gjætt ihopp. No er væl dei Dagar ende, no kan ’ki du vera Hjuring lengri. _ Nei no skal eg nok slutte, eg hadde gjønne vilt gjætt i Somaar au, men Far segjer at det er ’ki høvelegt, daa eg no er so stor. Eg skal nok paa Seminaret til Hausten trur eg, sa Sigurd, og saag paa ho, men ho ha’ Taarir i Augo, daa ho glaapte atte. Ho sto ei Stund so, men seist sa’ ho, du skal hava so inderleg Takk fyre Baanedaganne daa Sigurd, eg vil alli gløyme den Tii, gjøv mi jamt kunn vera som Bonn, det blir alli slik Glea naar ein bli vaksen trur eg. No fær ’ki mi vera ihop og leike meir, for Baanetidi er no ende. Men so desmeir kann mi tenkja paa kvarandre, sa Sigurd. Vil du verkeleg tenkje paa meg daa Sigurd, sa Ragnhild so er eg endaa sæl, men eg hev liksom so vont i meg. Du maa daa ’ki sture og hava nokoslag vonde Tankar om Framtidi no, du er ung og frisk paa Sjæl og Kropp, sa Sigurd, og no laut dei læ baae tvo.
        
No kom dei til Vegeskile og Tone og dei andre ha’ komi etti. Dei takka daa for i Dag og kvar reiste heim til sitt.