1184-1884


(Del 1 av 7.)
 
 
1884 er eit stort Merkeaar i Norigs Soga.

Iaar er det nett 70 Aar etter 1814. So lenge hev Folket voret mest liksom heimlaus i sin eigen Heim, og Folkeviljen hev dei litet ansat paa. 70 Aar varde den babyloniske Udlændighed og. No ser det ut til, at me liksom Jødarne paa gamle Tufter kann mura det nationale Templet, og me lyt nokk mura med Sverd ved Lend liksom Jødarne, skal me vera heiltupp trygge.

Det høver so undarleg til, at iaar er det nett 700 Aar sidan ein annan politisk Strid vart løyst, Striden millom Birkebeinarne og det gamle Stormanns-Veldet. Striden var paa Lag um dei same Grunnsetningarne som no, endaa han gjekk fyr seg paa ein annan Maate.

Birkebeinarne sette ikkje Riksrett, for slikt var ikkje Skikk og Bruk i den Tidi, men dei gjekk paa med Odd og Egg i Slaget i Norefjorden 1184 og søkkte ned Fiendarne sine. I vaare Dagar er me ikkje so hardhendte: me dømer Staatsraadarne fraa Embættet og gjer dei til Amtmenner og Tollkasserarar. Nokot absolut Veto visste dei ikkje um i gamle Dagar, so det kunne dei ikkje slaast um, men det var no i Grunnen ikkje det, me slost um i vaar Tid helder. Anten det er Magnus Erlingsson elder Christian Selmer, som hev det absolute Vetoet, kann koma paa eit ut, for ingen av dei kann bruka det. Daa Birkebeinarne i Slaget i Norefjorden jagad Mannskapet hans Magnus Erlingsson um Bord paa Kongsskipet, so det sokk med Mann og Mus, trur daa nokon, at det hadde nyttat, um Magnus hadde sett eit absolut Veto imot dei? Ministeriet Selmer freistad med absolut Veto, og Høgre-Førarne billad Partiet sitt inn, at det var det, som dei slost fyr. Men so var det ikkje. Det absolute Veto er berre det same som: eg vil ikkje tapa. Men i ei Slaasting spyrst det litet um, anten ein vil tapa elder ikkje; den, som er sterkaste og klokaste og som er i Samhøve med si Tid, han vinn, anten Motstandaren hans vil elder ikkje.

Iaar, som fyr 700 Aar sidan, var det Demokratiet, som arbeidde seg fram, og det var demokratiske og nationale Grunnsetningar, dei slost um, endaa Striden no fører andre Krav med seg og hev eit annat Program enn i gamle Dagar. Det er den same Striden, men han ter seg no paa ein annan Maate; for paa 700 Aar hev Folket gjenget mykje fram, mange Ting hev vortet annarleids. Difyr laut Demokratiet i Millomalderen krevja eit sterkt Kongedøme av Guds Naade, no krev det ein sterk Folkevilje, men desse ulike Kravi gjeng i Røyndi ut paa det same: større Rett og Trygd fyr Folket, og det kunne Folket i det 12te Aarhundrad ikkje faa paa annan Maate enn ved aa styrkja Kongen mot Stormennerne.

I dei store Drag er Striden den same no som fyrr, og jamvæl i dei smaa er det mykje, som er so likt, so ein lyt reint bisna, fyrdi Skilnaden ikkje er større.

Dei gamle Stormanns-Ætterne i Norig hadde fraa dei eldste Tider voret sjølvskrivne til Magti. Endaa um sume av dei ikkje var rike, var dei so høgættad, so den rikaste Bonden elder Kaupmannen ikkje kunne bera Vatn imot dei. Hersarne elder Lendmennerne, som dei sidan vart kallad, var Bondehovdingar og raadde ihop med Bønderne fyr all Styringi i Herad og Fylke. Men so gjekk det i Norig som i flestalle andre Land, Landsstyringi vart samlad hjaa Kongen, og Sjølvstyret i Herad og Fylke vart mindre og mindre. Men paa den Maaten misste baade Bønderne og Hovdingarne deira mykje av si politiske Magt, Odelsbønderne for daa til aa smaabyta Gardarne, for so gjeng det stødt: fylgjer det politisk Magt med stort Jordegods, slik som i England, held ein Godset væl ihop, men elles byter Faderen Godset millom Sønerne. So vart gjort i Norig, og Bondesamfundet vart meir og meir demokratisk. Lendmennerne vilde hava Bot fyr den Magti, dei hadde misst, og daa dei ikkje fekk styra som sjølvstendige Hovdingar lenger i Herad og Fylke, so freistad dei paa aa leggja Landsstyringi under seg. Daa Grunnlaget fyr Magti deira ved Utviklingi gleid undan dei, so tøygde dei seg etter eit nytt Grunnlag. Slik paa Lag hev Embætsmennerne vaare gjort. I 1814 var dei liksom Hovdingar kvar i sitt Embætsmanns-Distrikt. Sjølvstyre fyr Landet var Magt fyr dei sjølve, og difyr varde dei manneleg i lange Tider Grunnloven mot Kongsmagti og lagde imot Kongen likso urædde som Lendmennerne i gamle Dagar. Men daa so detta Grunnlaget gleid undan dei, daa Folket gjekk fram i si Utvikling i den gamle demokratiske Gata og i Samhøve med Tankarne i vaar Tid vilde hava Sjølvstyre i Aand og Sanning, og totte, at Embætsmennerne var for mykje Herrar yver Bønderne og ikkje Hovdingar fyr dei, so laut Embætsmennerne sjaa, um dei kunne byggja Magti si paa eit nytt Grunnlag, og so fann dei paa aa styrkja Samlaget me Sverige og vilde bruka Kongen, allvisst Unionskongen, til aa stydja uppunder deira Magt-Stelling. I 1814 tottest Embætsmennerne hava si Rot i Folket, og som Folkehovdingar i ei faarleg Stund valde dei Norigs Konge; men no hev dei talat um Folket, liksom det var ein Fiende mest, hev sett upp Kongedømet som det fyrste (det modificerede Enevælde) hev funnet Upphavet til si Magt i Kongedømet og hev sagt, at det gjeng ikkje fyr seg, at de styrede vælger de styrende. Soleids hev i vaare Dagar og Bonden og Stormannen dreget til kvar sin Kant, og det laut koma til eit Basketak.

Liksom Lendmennerne paa Sverres Tider snudde seg til Danmark etter Hjelp, soleids hev Embætsmennerne i vaare Dagar trugat baade med Sveriges og Russland og Tyskland.

Det er soleis mykje no som likjest Hendingarne paa Sverres Tider; men det er mangt, som ikkje likjest og _ maatru.

I det 12te Aarhundrad minkad det av etterkvart med det gamle Sjølvstyret i Herad og Fylke, i vaar Tid er det i Framgang. Difyr kunne mangein tru det, at denne Motsetningi er so stor, at ein ikkje kann likna ihop vaart demokratiske Arbeide med det i Millomalderen, og at det berre er eit Vingel, at sumt raakar til aa vera likt.

Men detta er ikkje rett. Det er meir i Syne, at denne Motsetningi er so stor. Det er ein jamn Straum fraa dei eldste Tider i Norigs Soga til no.

Sjølvstyret i Herad og Fylke og det gamle Stormanns-Veldet sloknad av etterkvart, liksom i andre Land; dei Smaafolk, Trønder, Hadar, Hordar og mange andre, som hadde bygt Landet, tok til aa veksa ihop til eit stort Folk, og til aa fremja denne Vokstren trengdest det her, som i andre Land, eit sterkt Kongedøme. Fyr ei Stund vann den romerske Rett yver den germanske, og Kongen hadde Styringi. Men so laut sidan Kongen gjeva nokot av Retten sin til Adelen, og so vart det fleire og fleire, som vilde hava sin Part i denne Retten, Prestar og sidan Borgarar, og no krev Demokratiet same Retten fyr alle.

Soleids hev Sjølvstyret havt ei tung og lang Ferd aa vandra, fyrr det kunne koma dit, som det no er, ikkje berre vera fyr eit Herad elder Fylke, men fyr heile Landet. Denne Vegen hev gjenget fraa Bondestyre i Heradet gjenom Hovdingstyre til Einvelde og derifraa gjenom Adelsvelde og Prestevelde og Borgarvelde til eit Demokrati fyr heile Landet.

Demokratiet hev ikkje vinglat, korkje her elder andre Stader. Det hev gjenget sin støde Gang, men dei næmaste, praktiske Krav skifter, ettersom Tiderne skifter.


( Meir.)