1184-1884

 
(Del 3 av 7. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


Lendmennerne hadde fenget Motstandararne paa Tinge dømt til Fanden baade livande og daude. Det var ikkje vandt aa sjaa, kvat ein kunne vente seg av den Striden, som daa stod fyr Døri.

Erling Skakke trugad, skræmde, tugtad og gav ikkje Moders Barn Naade, naar dei vilde yvergjeva seg; so reiste det seg Flokk etter Flokk, til dess Birkebeinarne reiste seg. Legg Merke til det: det var ikkje Sverre, som samlad Birkebeinarne, men det var Birkebeinarne, som naudbad Sverre um aa vera Hovdingen sin.

Trønderne var dei fyrste, som fekk kjenna Faamanns-Veldet; dei fekk mykje større Avgifter enn fyrr til Erkebispesætet; dei var attaat aabruige paa Vikverjarne og Vestlendingarne, for i gamle Dagar hadde Trondheim voret Hovudlandet i Norig, men dei siste Kongarne hadde voret mest i Viki og paa Vestlandet. Fraa gamal Tid hadde Trønderne havt Rett til aa kaara Kongar paa Øyreting, men no hadde Stormennerne, allvisst Bisparne, teket seg Retten til aa velja kven dei vilde av Kongssønerne. Difyr heldt Trønderne paa det gamle legitime Kongedømet.

Mange av Stormennerne i Trondheim var nærskylde med Erkebispen og hadde samtykt i dei store Avgifterne, men av Smaafolket var det mange, som tydde seg til Sverre. Mest var det Husmenner og Arbeidarar, men fleire Smaabønder kom med og. Birkebeinarne var ikkje berre Røvarar lenger, dei tok til aa verta eit politisk Parti og fekk fast Fot i Trondheim.

I den eldste Tidi hadde det voret ein stor Stands-Skilnad. Ein Odelsbonde hadde dubbelt so stor Rett som ein Smaabonde, ein Lendmann dubbelt so stor Rett som ein Odelsbonde, Jarlen dubbelt so stor som ein Lendmann, og Kongen dubbelt so stor som ein Jarl. Ein Lendmann vart gravsett innmed Kyrkjemuren, for der var det heilagaste Jordi, lenger ute kom Odelsbonden, og endaa lenger ut kom hine. Fyr ein Bonde aa koma seg upp i Lendmanns-Klassen og soleids verta ein av Kongens Raadgjevarar, var Uraad aa kalla fyr, endaa verre enn fyr ein Bonde etter 1814 aa verta Statsraad. Den Retten, Stormennerne hadde, var ein gamal, ærverdig Rett, som ingen kunne minnast Upphavet til, med lange Røter i den gamle Heidenskapen. Den, som vilde taka denne heilage Retten fraa dei, laut vera ubljuge, ovdjerve Karar, verre Radikale enn nokot politisk Parti i vaare Dagar.

Men i det 12te Aarhundrad var Tidi komi, daa denne Stands-Skilnaden var unaturleg; Samfundet hadde vakset seg ifraa han. Difyr laut Striden no koma. Naar ein Lendmann ikkje turvtest lenger fyr Samfundet, og han laut sjaa seg um etter eit nytt Grunnlag fyr si
Magt-Stelling, so var Lendmannen til berre fyr si eigi Skuld, ikkje fyr di Riket turvte han, og naar Odelsbonden hadde nærmat seg meir til Aalmugen og ikkje hadde vidare politisk Magt, turvte han ikkje dubbelt so stor Rett som ein Smaabonde.

So kom Striden; Utviklingi, ikkje Sverre Sigurdsson, var det, som skapte Striden.

Av Mennerne hans Sverre var flestalle av laak Ætt, og betre Folk kvidde seg fyr aa slaa Lag med han.

I 1179 kom Birkebeinarne til Gauldalen og vilde fara imot Erling Skakke og Magnus, som laag i Nidaros. Sverre bad Gauldølerne um Hjelp; Bønderne vaagad seg ikkje til aa fylgja han, men 360 Arbeidarar paa Lag vart med. Sverre gjekk med Folket sitt yver Byaasen, og i Solrenningi kom han til Feginsbrekka. Her stansad alle, som drog til Nidaros paa Pilegrimsferd, for herfraa hadde dei Utsyn yver Byen og Olavs-Kyrkja; naar dei var komne dit, takkad dei Gud og gledde seg, og difyr kallad dei detta Stellet fyr Feginsbrekka (Glede-Bakken).

Herfraa er det eit utifraa fagert utsyn. Djupt nede ligg gamle Nidaros, der ligg Olavs-Kyrkja med Olavs-Skrinet, den heilagaste Flekken i Norig, dit alle fromme Menner søkjer, naar dei er i Naud. Strindefjorden ligg lang og breid i Nord. Fagre Bygder kransar Fjorden; rett i Nord ligg Frosta, som ein blømande Hage, ein Fjordung austan Byen er det gamle Jarlesætet Lade, og ein Fjordung nordan Byen speglar Klostret paa Holmen seg i Fjorden. I Elvi, som ringar seg kringum Byen, flaut Skipi hans Erling. Her laag det Riket og det Herfanget, Birkebeinarne skulde vinna, hadde dei Mot i Bringa.

Daa Sverre med Flokken sin kom hit, daa steig han av Hesten, fall paa Kne og heldt Bøn. Sidan gjorde han det radikalaste, som nokor Tid hev voret gjort i Norig; han heldt ei Tale til Mannskapet sitt og sagde dei, at no laag Kong Magnus og Erling Jarl og mange Lendmenner og Hirdmenner i Byen, og so lovad han dei detta: Den, som med sanne Vitne kann sannføra, at han hev fellt ein Lendmann, skal sjølv verta Lendmann, den, som drep ein Hirdmann, skal verta Hirdmann, og kvar ein skal faa Namnbot og Stelling etter den, som fell fyr hans Hand.

Detta var nokot fyr Birkebeinarne. All Norigs beste Herlegdom saag dei fyr Føterne sine, Magt og Æra var lovad dei. Aalmugen skulde taka fraa Stormennerne det, som dei fyrr hadde havt liksom ein Odel.

Birkebeinarne sette ned etter Steinberget. Fremst for det ein Arbeidsmann fraa Gauldalen, ein stor og sterk Kar, men hadde ikkje annat Vaapen enn ein stor Handvol, som han bar paa Oksli. Ein av Hovdingarne til Birkebeinarne, som het Hjarrande Hvida, vart forundrad og sagde: Kvat er det du tenkjer paa Kar, med di du flyg slik med Handvolen? Kor hev du Vaapni dine? Det er stor Skilnad paa aa slaast med Erling Jarl og treskja Korn. Gauldalingen, som het Øyvind, svarad: Dei Vaapni, eg er tenkt paa aa bruka, kjem imot meg fraa Byen, for Jarlsmennerne ber dei endaa. Slike Ord kann eg lika, sagde Hjarrande, du er ein motig Mann, tak mitt Spjot og mi Handøks og bruk dei i Striden.

Eg veit ikkje, um denne Gauldalingen hadde ætlat seg til aa verta Lendmann elder Hirdmann elder Bankadministrator elder nokot sovoret. Eg trur helder det, at denne Mannen og vonleg mange andre Arbeidarar og Husmenner, som fylgde Sverre so djervt den 19de Juni 1179, hev havt ei Kjenning av, at dei slost fyr Mannaverd. Samfunds-Utviklingi og Magtfordelingen millom Lendmenner og Prestar og Kongedømet hev dei vel ikkje tenkt so mykje yver, men dei hev skynat, at no skulde dei slaa eit Slag slik, at Storfolket kunne sjaa, at ein simpel Mann og kunne hava eit Ord med i Laget, naar ein skulde avgjera Norigs Framtid.


Denne Øyvind hev Runeberg skildrat oss Maken til: Numero Femton Stolt . Døbeln spyrr, kvat han heiter, og so svarar han:

Hvad namn i verlden jag fått af Prest
Har ingen sig fästat vid;
Men fähund har man mig kallat mest
I hela min Lefnads Tid .

Denne Mannen hadde teket seg gevär ur en fallen krigares hand og slogs i rämsta
ledog

Då man stormade byn mot kanonerne än,
Och jag kastade blicken dit
Då såg jag din trasiga jacka igen
Först uppe på batterit .


Med slike Karar er det uvandt aa vinna.

Slik Hug fanst det i Birkebeinar-Heren, daa han sette nedetter Bakkarne, og Fylkingi hans Magnus bognad fyr fyrste Støyten, og Erling Skakke, Hovdingen fyr Lendmennerne fall. 5 Aar efter, 1184 i Slaget i Norefjorden, druknad Magnus Erlingsson, og no vart det eit heilt stort Umskifte i Styringi. Eit sterkt Kongedøme paa demokratisk Grunnlag vart grunnfest i Norig, Kongsmagti studde seg paa Aalmugen, og Aalmugen fekk ei god Vern i Kongsmagti.

Birkebeinarne fekk store Embætte og rike Gjentur; dei vart so fine, so dei knapt kjende seg att sjølve. Det var Levebrødspolitikere, so det knakad.

Etter Riksretten i 1184 var Lendmanns-Flokken sprengd. Heile Trondheim slo seg til Birkebeinarne, Bergen gjekk yver til dei liberale; det var mest Viki og Presteskapet, som no heldt Striden uppe, _ og so tenkjer eg mestdet kjem til aa gaa no og. Bisparne reiste ein ny Flokk mot Sverre, Baglarne, Bispestav-Flokken, som skulde varna um Kyrkja. Leivningarne av Partiet hans Erling Skakke var med der. Dei lyste Sverre og alle, som heldt med han, i Bann, det vil segja dømde dei til Helvite, detta var det andre Kristendoms-Uppropet i Norigs Soga, men det gjorde ikkje større Mun enn det fyrste og det tridje. Sverre vann; Programmet hans: det demokratiske Kongedømet, høvde best fyr Landet, betre Folk vart med han og sluttad seg til Programmet.

Sverre døydde Sottdaude i Høgsætet sitt og vart gravsett i Domkyrkja i Bergen, endaa han var bannlyst. Alle, jamvæl Uvenerne hans, sagde, at slik Mann som Sverre hadde ikkje voret i Norig i deira Tid.

Endaa so hatad Sverre var i Fyrstningi, so var det likevæl ingen norsk Konge, som Ettertidi minntest med slik Eldhug som honom.

Den agande Landvinnaren Harald Haarfagre, Olav Tryggvason, den gjæve Riddaren, og Olav den heilage med Martyrkruna _ med Vyrdnad og Medhug tenkjer me paa dei; dei er sveipte i ein fin Daam av Romantikk og Segner; Sogurne deira er det vænaste i Norigs Soga.

Men med Sverre Sigurdsson er det annarleids; han er heiltupp realistisk, ein klaartenkt Politikar. Han og dei trufaste Birkebeinarne hans med Luren Andvakaog Fana Sigerfluga(den seirflyvende) er fyr oss Mynstermenner av det rette gamle Nordmanns-Slaget. Dei er Kjøt av vaart Kjøt og Blod av vaart Blod.

Slik kjem det visst til aa gaa med Johan Sverdrup med, og dei, som hev fylgt han i den lange Ufreden, dei er Birkebeinar av det nye Slaget.


( Meir.)