Ein Selle.

(Del 5 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
No skal eg vaaga, at du kveikjer paa di prestelege Petumspipe og lagar deg til aa høyra ein Stubb um Sut og Trege att ei Stund, men daa skal eg straks segja deg, at du meiner galet.
 
Me var like gode Vener, alle tri heilt til det siste, skal eg fortelja deg, um ikkje betre. Men eg totte dauvlegt, daa dei foor. Aldri noko saart og sutefullt, eg totte berre det var noko tomt dei fyrste Dagarne, men sidan saknad eg dei minder, enn eg sjølv hadde trutt. Fyrst naut eg Minnet deira med stor Glede, og eg livde i det berre eit Bil. Men kor sæl eg var du, daa eg merkad at eg var slik Kar i meg sjølv, at eg trengde ikkje um det ei Gong. Det er underleg, kor rik Utvikling eit Menneskje kann hava. Kjende eg meg ikkje so sterk og sjølvmansleg daa, som eg hadde fenget i meg Naturarne til dei baae tvo. So ”rjupeleg” og ”krulhotteleg” tottest eg hava vortet, at eg log kvar Morgon, naar eg slo Augo upp, av Vælnøgd og Fagnad. Eg kjende meg so sæl og godlynd og sterk og frisk og kaut, at eg kunne heiltupp fljuga til Vers.
 
Det gjorde eg daa og naturlegvis, fauk til Vers _ kvifor skal ein ikkje fylgja sin Natur?
 
Kann du tenkja deg; men eg kom i Lag med daa? Jau med den Kallen, som sat og eingloste og lædde, daa eg gjorde den Talen min du veit. For han var Far til Sigrid han, budde paa ein Plass langt uppi Aasen og var Reinskyttar. Aldri hadde eg tenkt, eg skulde nokosinn verta Godvener med den Karen lel, men jaumen vart eg so.
 
Me foor paa Viddi. Dei Dagarne gløymer eg ikkje; der var han heime, kann du tru. Aa for eit Fotlag, so mjukt og lett, det turvtest ikkje Vegjer for Knut til aa koma fram, skal eg meina. Og slikt eit Liv han hadde i det, det var Gut som det var Eld og Glod i det, naar han var til Fjells.
 
No lær du, naar du hører, at eg lærde kva det er aa vera ”begeistret”, du kallar det, av Knut Skyttar, og den Laatten unner eg deg av fullt Hjarta. For det var av ægte heimegjort Slag det han foor med og ikkje slik ”Stas paa ein Pinne”, som det eg hadde havt med meg. Du meiner kanskje, at eg no vilde til med aa halda Fyredrag for deg, um korleis denne heimegjorde ”Begeistring” er lagad, daa du kanskje tykkjer du kunne turva det i Preikurne dine. Men var deg du, det skal du ikkje faa meg til. Treng du læra, so fær du leita upp Folk i di eigi Bygd, som kann skula deg upp; eg vaagar du hev alltid slike der og, som kunne vera Meistaren din.
 
Ordfim Selle, ser du, og Diktar heilt uti Fingerspissarne; du kunne hava sett kvar ei Setning og kvar ei Vending paa Prent utan aa brigda det det Slag, og du hadde funnet ein Plentskap og ein Meistars Svip, som dei største Forfattarar kunne hava misunt han. Rett naar me sat med Kaffikjetlen og kosad oss, daa var det Gut som var makalaus. Me hadde Skinnhitar til aa liggja i, og daa vyrde me ikkje kvarhelst me slengde oss ned um 
Næterne, stundom var det paa høgste Tindarne, det var berre etter korleis Reinsvoni var lagad det. Me fraus aldri so det gjorde noko, og sytte aldri; um det so var Springmarsar yver det eine Augneleite etter det andre, so var me like kaate, og Rein fekk me so mykje me trengde um, og so steikte Reinskjøt aat oss daa og hadde det gildare enn Kongar.
 
Daa eg kom heimatt til Stoga mi, skal du tru, det var Gut, som kjende seg vaksen. 
Sterk og stødi i kvar ein Led og Lem og med eit Mot som ei Ørn. Eg tottest hava fenget slik ei sjølvvyrdeleg Kraft, so eg kunne standa imot heile Verdi.
 
Eg var so glad i Heimen min som ein gamall Kjenning, det var so kjenslegt og hyggjelegt, eg totte eg hadde aldri likat meg so godt der fyrr. Eg laut smila mangein Gong, naar eg tenkte attende paa alle dei Kjenslur og Flogtankar, eg hadde gjenomlivt den stutte Tidi eg hadde voret her. Alle mine Braahugar og Viprur og heile denne Ovgjegni det stod’no for meg som Minne ifraa langt atti Barnetidi. No hadde eg ikkje Braahug anten til aa Gruning elder Ovkjæte, berre ei sæl Kjensle av, at eg kunne koma til aa gjera noko som var baade godt og nyttelegt. Det var fyrste Gongen i Livet, at eg for Aalvor skynad, at det var Vit i meg. Hev du nokosinn gjort ei slik Uppdaging, so vil du kunne setja deg inn i korleis eg kjende meg, og daa vil du kunne forstanda, korleis eg kunne verta gangande i fleire Dagar og berre nossa meg i dette.
 
Det sveiv ikkje greidt for meg, kva eg rett skulde taka til med endaa.
 
Naar eg no vil fortelja um eit Par Hendingar, som igjen studde meg fram, so vil du kanskje tykkja, at Soga mi meir liknar ei ihoplagad Dikting enn ei verkeleg Forteljing. Men daa skal eg beda deg hugsa paa, at slike Hendingar dei er ikkje so heiltut eit Verk av Tilfellet. For det er ofte fullt av Hendingar, som ein ofte ikkje gaar, fordi dei ikkje ringar seg kringum det, som arbeider i oss. Men, naar det raakar det rette Høve, so ein er næm for det, vert ofte dei minste Smaaflygje til store Hendingar, som grip inn i Livet vaart.
 

Frå Fedraheimen 23.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum