Ein Selle.

(Del 10 av 30. Fyrste delen.)

(Framhald).
 
Eg preikad og lagde ut for Doktaren, so han fekk ikkje Ord for seg, stundom kallegt og stundom vænt.
 
Aa rett naar eg tok til aa maala ut for han, kor grumt slike Karar som eg hadde det, eg gjorde det upp so gjølelegt og med slike Ordelag og Fløyt i Talen, at det var reint makalaust kor eg kunne faa gjera det ut, ja det kom for meg mykje gildare enn eg sjølv hadde tenkt paa noko Sinn. Det kom noko so storslegt i Ordi mine, at eg vart mest fælen, fyrst eg hadde sagt det, fordi det var aa lova for drjugt um seg sjølv. Men det eine Ordet bat det andre, so eg kunne ikkje fira helder.
 
Eg fekk det ut til det, at no var det komet tvo ”Evangelier” paa Jordi, til aa velja millom Menneski. Attmed det gamle um 
Gudstrui var det komet eit nytt eit um Kvendetrui, slikt som Doktaren trudde paa det. 
Men eg fann, at det siste var so mykje vaakare enn det fyrste, fordi det slepte ikkje Folk til aa ”njota Livet”.
 
Daa maa du tru, eg kom paa høge Hesten min. Fyrst bar det iveg med ustoppelege Rødur um sume Folk, som tottest hava det utruleg grumt lunevis og letst vera so spraute Karar, at det stod ein Gust av dei, so du kunne heiltupp koma deg pp i eit Aabryde, men lunevis slong dei kringum so syndlege og fortapte, so dei snaudt iddest leda Munnen til aa geispa, og det kom Stur etter Skripna og Kur etter Kipna, og dei var ikkje annleis lagad enn som ei vaat Tøyse, og so vart det ikkje anna enn Svodekallar av dei alle saman paa Slutten. So gjorde eg ein væn Preikestubb med Grunn i dei Ordi, at ”den som traar, han skal ikkje faa; men den, som hev, han skal faa meir”. Eg minnest ikkje plent, um eg sagde det, men det hadde ikkje voret ulikt meg, um eg hadde kallat det siste Slaget Grumgutarne til Vaarherre. Dermed tok eg til aa gjera upp ei Liste yver sume Dyrgriper, som berre var til eigandes for dei, som hugsad paa det. No var det no fyrst berre dette, at ein var til, sjølve dette Livet heldt eg verdt mangfaldige Tusund Kronur. So gjorde eg ei Røde um det, og klædde upp dette nakne Livet med slike brikjande Ordblomar, at det lavde og lyste av det; eg tok jamvæl David til Hjelp. So var det den, som agtad paa denne store Goden, han fekk som ei Attpaagaave god frisk Luft, og etterpaa dette fekk han tilgjevandes ein god Mathug, og med denne fylgde so Matlæta; til sine utvalde gav han framleides friskt Vatten og leet Kyr veksa upp, so det kunne verta Grautevæte og likeeins Kaffitreet, og so Sauder til Klæde og Skinnfeldar, og likeins Korn til Braud og Skeidmat spira upp (der som ikkje Kornet fraus daa). Naar so ein var fullglad i alle desso Herlegdomar, so let han veksa upp andre Menneskje rundt umkring ein, stundom so tjukt som Tre i ein Skog, paa det ein kunne hava nokon aa vera glad i og dela med, naar ein fekk for mykje. Men den som er fullglad i Folk, honom gjev han og, at andre vert glade i han. Og daa er ein vaksen, og daa ser Vaarherre paa han, og tykkjest han, at Karen er fullsæl daa med Livet, so set han Kruna paa Verket, so let han’n faa sjaa ei ung, blømande Draak, og dei tvo er so ovglade i kvarandre, at dei vil aldri skiljast aat, og so kviknar det til med Smaafolk i kvar ein Krok, og det er berre morosamt aa liva.
 
_ Amen _ sagde Doktaren.
 
_ Halt _ sagde eg _ det er ikkje Slutt endaa, for det er sume, som grin aat Graut og aldri vyrder eit Menneskje og dei plar jamt faa seg Byrder og Straff paalagde, dei vert stundom so tyngde med Gull og Verdsens Goss, at dei snaudt kann røra seg, og er dei av dei rette unøgde, so vert dei paasette eit heilt Sleng av Kvinnfolk og Jordi vert aukad med Bytingar. Men dei, som vert verst tuktad, dei vert gjorde til Kongar og Keisarar og vert burtgjevne aat ein faafeng Hug til aa fjødra seg ut med Narreverks Merkje, og Faersnamn vert dei gjevet i kvar ein Krok i Landet.
 
(Meir.
 

Frå Fedraheimen 17.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum