Eit og anna fraa Folkelivet paa Agder.

(Del 3 av 3. Fyrste delen.)
Ved H. Seland.
 
 
3. Segner og Eventyr.
 
 
Røydlands-mannen og Raustad-mannen .
 
Før i Tida var der inge Garar millom Røydland i Flekkefjors Prestegjeld og Raustad i Kvinesdals Prestegjell. Der var ikkje meir enn ein Bonde paa kvar Gar, og Skifte var der ikkje. 
Men Skifte vilde dei ha, og so vart dei foreinde um aa gaa heimafraa kvar fraa sitt Hus, naar Sola rann, og der dei møttest, skulde Skifte vera. Men Røydlands-mannen gjekk so mykje tidlegare, at han møtte Raudstad-mannen under Grindeskaret mest tett med Raudstad. Raudstad-mannen vart sint, dugleg sint ogso; han slo ihel Røydlands-mannen og grov han ned og reiste ein stor Hellestein upp-paa.
 
Der vart Spøkjeri sidan paa dei Stader. _ Ein Mann fraa ein Gard derikring skulde for noke sidan, framum der ein Kveld. (Han skulde vist te Raustad aa fri!). Daa han kom te Haugen der Røydlands-mannen vart nedgraven, høyrde han Song og Dans og Spil i Haugen, og mæ eit so var han sjølv nedi. Haugefolket baud han mat og Drikke; men han sa: ”Neitakk, neitakk!” So spurde dei, um han ikkje vilde dansa daa. ”Neitakk, eg kann ’kje dansa”, sa han. 
Strakst etter var han ute igjen før han visste Ore av.
 
 
Um den lange Prestepølsa.
 
Dæ var eingong ein Prest, som etter gamal Skikk i Bygda skulde ha ei Pølse av Bønderne umfram den rigtige Offren. Men Presten totte naturlegvis aldri, at han fekk lang nok Pølse, og dæ fekk daa Bønderne høyra baade seint og tidlegt. So raadde Klokkaren Bønderne te, at dei skulde slagta ei gamal Merr og ta Tarmarne so lange dei var og gjera ei rigtig lang Pølse te Presten.
 
Som sagt so gjort. Presten fekk Pølsa og var groveleg glad for dæ. Fyrste Sundagen etter vilde han daa, for
 
rigtig aa syna, kor takksam han var, læra desse dumme Bønderne noko. _ sodan ”ekstra”. Daa han difor var ferdig med Tenesta, kom han fram i Kordøra og tok te aa messa: ”Jora er so rund _
so rund _ so rundt” _ ”som eit Hestehove”, svarad Klokkaren.
 
Neste Sundagen hadde nok Presten smaka paa Pølsa si og ikkje funne henne nett so ”vælsmakande”, som ynskjelegt kunne vera, difor messa han den Dagen: ”Passeleg Pølse smakar best!” _ !”Jamen so skulde dæ vera av ei Ku og ikkje av ein Hest!” song Klokkaren.
 
 
Friaren.
 
Det var eingong ein Gut, som foor i Friarfær. So kom han te ei Gjente, som budde i eit Hus saman mæ Mor si. Dei bad Guten mæ seg tebors; men Gjenta sjølv kunne ingenting eta. Jau, so fekk ho endeleg ned ei Notkjerne, men daa var ho ogso forsvarleg mett, sa ho. ”Ho trong so svært lite Mat”, sa Mora. So gjekk Gjenta ut i Kjøkenet og Mora tok te syna Friaren, alt dæ Dottra hadde spunne den Dagen.
 
Men Guten tok te tvila for, um dæ forheldt seg rigtig mæ alt detta, og før han gjekk, tok han Nykjelen te Matbuda og lagde under Stryet te Gjente.
 
Eit Par Dagar etterpaa kom han igjen _skulde lydast te dei att, maavita. Kjeringa klaga si arme Naud: dei hadde mist Nykjelen te Matbuda og no kunne dei ikkje by han noken Ting. Gjenta hadde ’kje smakt Mat si’ han gjekk, men ho var ’kje dæ Slag sulten likevæl. 
So synte Mora paa dæ Line, som laag paa Stolen og sa, at alt dæ hadde Gjenta spunne, si’ sist han var der. Friaren gjekk burt og lyfta paa dæ _ og daa laag Nykjelen der endaa.
 
Gjenta skulde just te baka, daa han gjekk. 
Daa han var komen eit Stykkje burt paa Vegen, snudde han tebakers og stelte seg paa Lur for aa sjaa, kor dæ gjekk mæ Bakinga. Men daa fekk han sjaa eit Syn: i eit Renn sette Gjenta i seg ”ein Bit løypt og ein steikt; ei Kaka og ei halvbaka!”
 
Friaren kom der aldri meir.
 
 
Torjei Risnæs.
 
Dæ var eingong ein Sirdøl, som var mæ oss paa Stein-arbeid; for han hadde eit godt Lag paa dei Ting. Daa me hadde ete Middag, la han seg paa Benken mæ Omnen og ga seg te aa fortelja; for han kunne fortelja ogso. Her er dæ:
 
Dæ var ein Mann paa Risnæs øvst i Fjotlands Sokn, som heitte Torjei. Dæ er endaa etter han eg heiter, for han var Bestefar min. Han var Sjømann og hadde flakka vida ikring. Eingong skulde han pløgja ein Aaker, daa han hadde slutta mæ Sjøen. So sa han: ”Eg kann styra kva Skute eg vil paa Sjøen; men Plogen kann eg ikkje styra”.
 
Ein Jol hadde dæ voret eit forfælande Slagsmaal paa Garen. For dæ var Skikk i den Tid og, at kvar Mann kaupte inn ein heil Del Jolebrennevin, og so gjekk Folka paa Garen ”Grannegong”, (dei heldt Lag ein Dag hjaa kvar). No hadde dei drukkje baade mykje og lenge og so kome i Dragsmaal og Kjefting og Slagsmaal berre so dæ sto etter. So sa ei gamal Kjering te Torjei: ”Hev du nokortid vore i slikt Slagsmaal før?” _ ”Haa-haa”, svarte Torjei, ”eg hev vore i dei som var so fæle, at du kunne døy, og eg hev slegje og faatt Slag og slegje att, so eg hev sete i eit skite Hol for dæ meir enn ein Gong.
 
Eingong vart Torjei fanga ein Stad i Utlande, ska vita um dæ ikkje var i Tyrkie. Nok er dæ, at dei aat Folk i dæ Lande. Dei ga han god Mat og Drikke, men han hadde slik Hugsott og Heimlengsel, at han vart ikkje feit helder. Der var ei Kjering au, der han var; ho var so feit, at ho mest ikkje kunne rugga; men ein Dag vart ho burte. Dei hadde ete ho upp. So kom dei og skulde ta Torjei au. Dæ var ein Mann mæ ei Øks, som skulde drepa han og koka han; for den Dagen hadde Folka ein stor Fest for Avguden deira. So spurde Torjei Mannen, um han kunne gjera dæ fort av mæ’n. Ja, han meinte ja, Mannen. ”Ja”, sa Torjei, ”for eg kann slikt eit godt Kast, so du kann smikka Hove av mæ eit Slag, og eg vilde so gjerne, du skulde gjera dæ fort.
 
Legg deg ner, so ska eg syna deg, koss ein ber seg aat!” Ja, Mannen var godtruen og la seg ner, men Torjei hoggde Hove av han og ikkje han Torjei sitt. So putta han’n i Gryta og løypte han litevetta; auste’n so upp og sette’n fram paa Bore, utan at noken merkte dæ. So tok Torjei Flugta. Han gøymde seg i Rugaakrarne um Dagen og sprang um Notta, te han kom te Porten av Lande. For der var Mur rundt um alt. Men Fienden var etter han bestandig; for dei hadde lagt Merkje te dæ straks, og dæ var nett, sovidt han slapp igjenom, at dei ikkje fekk fat i han.
 
 
Ei Trollkjering.
 
Ka ho heitte veit eg ikkje, men ho gjekk under Namn av Smørsundskjeringa. Ho kunne trolla, gjera etter og meir slikt. Ein Mann hadde eingong misst Hesten sin, og so gjekk han te Smørsundskjeringa for aa faa vita kor han var blet av. Han kom te henne ein Kveld; men Kjeringa sa, at han kunne koma att Morgon etter, so skulde han faa vita dæ. So gjekk Mannen, men daa han tykte, dæ var so langt te gaa heim, gjekk han og la seg i Løda aat Kjeringa utan at ho visste dæ _ men han kunne ikkje faa sova.
 
Daa dæ leid utpaa og var blet væl myrkt, kom Trollkjeringa ut paa Tune og ropte paa ”Natta” tri Gonger. Straks etter kom Fanden sjølv, og no spurde Kjeringa han, kor Hesten aat Mannen var henne. Fa’n svarte, at han laag under nokre Torver mæ Kanten av eit lite 
Vatn dér og dér. Sidan sa han: ”Her lugtar Kristenmansslukt; der ligg visst ein i Løda”. Kjeringa blei forfælt. ”Dæ er visst best me slær han ihel daa”, sa ho. ”Nei”, sa Fa’n, ”dæ kann me ikkje, for han las ”Fadervaar” før han la seg”.
 
Daa dæ lysna gjekk Mannen heim utan aa spyrja Trollkjeringa, som vel hadde tekje mykje for sitt, _ og han fann Hesten sin der som Fanden hadde sagt.
 
 
Kormontahn.
 
(Ei Prestesoga).
 
Dæ var eingong ein Prest, som heitte Kormontahn. Kor han var Prest henne veit ikkje eg; men han skulde høyra te ei gamal, stor Presteætt og han hadde ein Son, som ogso var Prest. Gamlen brukte Svarteboka; men nok er dæ _ han døydde. Dæ var Skikk i den Tid, at naar ein døydde skulde eit Par Kvinnfolk vaka yver Like. Der blei vakt yver denne Presten ogso, men um Notta kom noke og skremde Konerne. So vilde dei ikkje vaka næste Nott; men daa den unge Hr. Kormontahn spurde kafor, vilde dei ikkje svara. Endeleg laut dei daa segja dæ likevæl. Ungepresten bad dei aa gaa den Notta ogso; han sa, at dei kunne gaa trygt, der skulde ikkje koma noko. Det gjorde der helder ikkje _ korkje den Nott, hell nokor av dei andre fyrr Presten blei gravlagd. Daa so Likfæra var, lyste den unge Presten te Liktale i Kyrkja um Kvelden. No _ Kvelden kom, Ljos blei kveikt, og Presten tok te aa tala. Daa han hadde tala ei Stund, tok han te lesa upp noko or ei Bok, men dæ var so snodigt, at Folk forstod ikkje eit Ord av dæ, dei skyna berre, at dæ var Svarteboka han las av. Um ei Stund kom Fanden inn i Kyrkja og so langt inn paa Golve som Presten vilde.
 
No gjekk Presten ned fraa Preikestolen og burt te han og ga han tri Spursmaal. Dæ fyrste var so: ”Hadde du noko mæ Far min aa gjera daa han levde?” _
 
”Nei”, sa hin. _ ”Kafor skræmde du dei Koner, som vakte yver Far?” Forteljaren hadde gløymt, ka Pokkeren svarte”, og korleis dæ tridje Spursmaal let; men nok er dæ: Fanden slapp berre klent ifraa dæ. For daa han var ferdig, sa Presten: ”No ska du ut av Kyrkja strakst!” Fanden vilde gaa, men Presten sa: ”Nei! _ her ska du ut!” Og so gjorde han eit ørende lite Hol mæ ei Naal i Vindaugsblye. Fanden bad baade vakkert og vænt um han ikkje maatte gaa ut gjenom Døra; men dæ hjalp ikkje _ han maatte ut, der Presten vilde.
 
Men daa Fanden kraup ut, riste Kyrkja som dæ skulde ha vore eit fælande Jordskjelte.
 

Frå Fedraheimen 20.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum