Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 1 av 9.)

 

I.

 

Eit merkjelegt Umskifte i Aandslivet hev gjenget for seg i dei siste hundrad Aari under heit Strid millom nytt og gamalt.

 

Dei same Tankarne, som Folk i Forn-Tidi hadde um, korleis Verdi var skapt, kor lenge det var sidan, um Menneskje og Dyr og Vokstrar og deira Liv, um Jordi og Stjernurne, hekk lenge i.

 

Dei gamle meinte, at Jordi var flat og liksom ei rund Skive, at ho var den frakkaste Kloten, Gud hadde skapt, at ho stod still midt i Himels-Rømdi, at Sol og alle Stjernur var til berre for aa lysa for vaar Jord, at Jordi og alle hine Klotar var berre nokre faa Aartusund gamle, at alt paa Jordi, livande og daudt, var til berre for Menneskja, at ho stod reint for seg sjølv, ikkje var skyld til Dyri, men so endelaust mykje høgre, at ho var den einaste, som hadde Forstand, men Dyri hadde berre ei Drift, at kvert Dyre-Slag og Vokster-Slag var sameleis lagat, som dei var, daa dei vart skapte, kvart Slag var liksom noko heiltupp sjølvstendigt for seg sjølv. Menneskja høyrde liksom ikkje til Verdi, og utviklad seg ikkje i Samhøve med den Naturi, som var Heimstaden hennar. At det kunne bu Folk andre Stader i Himels-Rømdi, og at Skaparen hadde Umsut for dei med, tenkte dei ikkje paa. Dei ofseleg store Klotarne trudde dei sveiv umkring berre til aa lysa for den ørlitle Jordi, og tenkte aldri anna, enn at desse Himlens Kjempur livlause og folketome vandrad i dei endelause Rømderne berre til Fagnad for den vesle Manna-Krullen paa Jordi. Daa Galilei (umkring 1600) gjenom Kikaren sin saag Stjernur, som var usynlege for Augat, stod Kyrkja paa det, at desse Stjernurne ikkje var til; for dei kunne ikkje vera, mindre dei lyste for Menneskja, daa heile Verdi var skapt berre for Menneskja, sagde ho.

 

 

Desse Tankarne var Vonom seigare, og kvar ein, som vaagad seg til aa hava ei onnor Tru, vart dømd som Kjættar elder vart plaagad, til han laut sverja paa, at ”Jordi var flat som ei Pannekake”.

 

Men daa Kunst og Vitenskap vart atterfødde ved det Leitet, daa Millomalderen sluttad og den nyare Tidi tok til, so kom fleire og fleire Vitenskapsmenner etterkvart til betre Kunnskap, endaa Folk flest heldt paa det gamle og stridde imot, so lenge dei vann. Kvar Gong ei stor Sanning vart utfunni, at Jordi var rund, at ho sveiv umkring Soli, Lovarne um Tyngdekrafti o. s. b. , so sagde Folk flest, at ei slik Lære vilde øydeleggja Kristendomen.

 

I den siste 100 Aari hev endeleg Upplysningi breidt seg umkring til alle og Vitenskapen teket til aa lysa upp i det gamle Myrkret, og me øygjer no utyver større og større Vidder til alle Sidur.

 

Me veit no, at Jordi er rund, at ho sviv umkring Soli, at ho berre er ei Stjerne, og attaat ei av dei allerminste. Saturnus, som og driv umkring Soli, er 700 Gonger so stor; Jupiter, som og er ein Planet, kunne ein laga 1400 slike Stjernur av som Jordi. Soli er 1 ½ Million Gonger so romfrek som Jordi, og endaa er det ikkje visst, at Soli vaar er ei av dei største. Det finst i tusundvis med andre Soler, og truleg krintar det seg tjukt med Smaastjernur umkring dei. Dei fleste er so gruseleg langt burte, at det er knapt ein kann timja dei med store Kikarar. Ljoset flyg umkring 300,000 Kilometer paa ein Sekund, og endaa treng det 8 ¼ Minutar fraa Jordi til Soli ¹). Men fraa Soli vaar og til den næmaste Soli (elder Fiks-Stjerna) er det so langt, at Ljoset treng 3 ½ Aar for aa koma dit. Andre Stjernur er so langt burte, at Ljoset er meir enn 3000 Aar um aa bera Bod dit! Var dei so gløggsynte paa dei Stjernurne, at dei kunne sjaa det som gjekk for seg paa Jordi, so vilde dei no skoda Moses, som førde Jødarne ut or Ægypten, og ikkje fyrr enn um tvotusund Aar heretter vilde Ljoset bera Bod dit um Slaget i Havsfjorden.

 

Alle dei Stjernurne, me ser, og heile Vintergata er tilsaman ein stor Stjerne-Krull. So uhorveleg stor er han, at dei trur Ljoset skulde trenga 20,000 Aar fraa den eine Enden til hin. Langt, langt burtanfor Vintergata ser me liksom Skodde-Dottar; naar ein snur ein stor Kikar imot dei, so løyser Skodda seg upp i ei stor Vintergate med tallause Stjernur, og truleg er det likso langt millom dei Stjernurne, som millom hine i vaar Vintergate.

 

Burtanfor desse Skodde-Dottarne finst det andre att, som er so langt undan, at me ikkje tekkjer dei med berre Augat, og dei løyser seg ikkje upp med den sterkaste Kikaren. Kor mange Millionar Aar treng Ljoset um aa naa dit?

 

Og burtanfor dei att finst det kannhenda andre Stjerne-Krullar, som Manna-Augat aldri fær sjaa.

 

Sume Skodde-Dottar finst det og, som ser ut til aa vera berre eit tunnt To, ufødde Klotar, som ikkje hev dreget seg i hop endaa. For Millionar Aar sidan var dei endaa ikkje fødde²). Kor gamle lyt me so tru, at dei Stjernurne er, som lyser for oss no?

 

Med dei gløggaste Utrekningar kann ein vega desse Kjempekropparne, og ein kann lata dei skina gjenom eit trikantat Glas (Prisma) og sjølve fortelja, kva dei er lagat av (Spektral-Analyse).

 

Um det bur Folk paa Stjernurne, kann me ikkje vita visst, daa dei er so langt burte. Paa Mars, som er ei av dei næmaste i vaart Solsystem, kann ein med ein god Kikar sjaa tvo kvite Flekkar, ein i Nord og ein i Sud, som veks og minkar etter Aarstidi. Det er Snø og Is.

 

At dei tallause Solerne er skapte til aa lysa og verma for ei livlaus gravstill Endeløyse, er vandt aa tru. Vonleg krintar det seg mindre Stjernur umkring dei med yrjande Liv liksom paa vaar Jord.

 

Væpnat med Kikaren hev soleis Manna-Augat skodat ut yver uendelege Vidder og alle dei Kjempe-Kroppar i Himels-Rømdi. Med Mikroskopet hev dei set likso underfulle Ting i det smaa. Dei hev øygt Bakterier so ørende smaa, at dei lyt setja 1000 paa rad, fyrr det vert so langt som ein Millimeter (Tusendeparten av ein Meter).

 

(Meir.)

 

 

¹) Ei Kanonkule vilde trenga 10 Aar! Ljoset flyg so fort, at paa ein Sekund, medan du blunkar med Augom, kann det rekka fraa Kristiania til Trondheim og tilbakars att innpaa 300 Gonger.

²) Hev Ljoset trengt 2 Millionar Aar fraa slikein Skodde-Dott til oss, so veit me ikkje, korleis han er lagad no, men korleis han var lagat for 2 Millionar Aar sidan. Han kann gjerne vera komen burt for lange Tider sidan, for alt det me veit.

 


Frå Fedraheimen 10.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum