Umskifte i Aandslivet i vaare Dagar.

 

(Del 3 av 9. Fyrste delen.)


III.

 

(Darwinismen).

 

 

For 100 Aar sidan var det ingen, som tenkte anna, enn at kvart Dyreslag og Voksterslag vart skapt plent, som dei ser ut endaa, og endaa er det mange gode Vitenskapsmenner, som trur, at det gjekk slik for seg.

 

Men i Slutten av det 17de Aarhundrad, i 1794 og 1795, var det tri Menner paa ein Gong, som bar fram ein ny Synsmaate. Det var liksom denne Tanken laag i Lufti. Ein Tyskar (Gøthe), ein Franskmann og ein Engelskmann (Erasmus Darwin, Godfar aat Charles Darwin), kom mest samstundes paa den Trui, at dei Dyreslag, som no er, hadde utviklat seg fraa eldre Dyreslag, og at eit Dyreslag hadde kløyvt seg i fleire, liksom det veks Greiner paa eit Tre. (Evolutions-Læra, sjaa Heimssoga III. S. 98).

 

Den store engelske Naturforskaren Charles Darwin hev gjort denne Synsmaaten namnspurd og hev sett fram ei Lære um, korleis dette gjekk for seg.

  

Baade Dyr og Vosktrar økslar seg so fort, segjer han, at det vert ikkje Rom og Føde aat alle paa Jordi. Difor vert det ein Strid for Livet (”Kamp for Tilværelsen”), og i denne Striden vinn den, som er slik lagad, at han hev lettast for aa livnæra seg elder greida seg mot hine, som vil tyna han. Eit Dyr elder ein Vokster er ikkje alltid heiltupp lik Foreldri; det kann hava eit litet Brigde, anten ein ljosare elder myrkare Let, elder noko, som med Tidi kunne verta liksom ei Fjødr, ei Klo, eit Horn, elder lange Bein, god Teft og ymse andre Ting. Eit Dyr elder ein Vokster, som hadde eit slikt Brigde, som kunne vera til Nytte i Striden for Livet, vilde greida seg betre enn hine og faa Avkjøme. Det, som i Fyrstningi berre var liksom eit Tilfelle, vilde etter fleire Ættled utvikla seg og verta ein fast Eigenskap, og eit nytt Slag laga seg til. Bonden kann velja Avlsdyr slik, at han fær fram Husdyr med visse Eigenskapar, som er til Nytte. So gjeng det til i Naturi og; ho kann liksom velja ut slike Eigenskapar, som kann gjeva Styrke i Striden for Livet.

 

Ein Eigenskap elder ein Reidskap, som er til Gagn, utviklar seg og vert betre med Tidi; men ein, som ikkje er til Nytte lenger, minkar av og kjem etterkvart burt, for Naturi er sparsam og øyder ikkje burt Krafti paa noko, som det ikkje er Gagn i.

 

Dette er Darwinismen, dei kallar, Læra um det ”naturlege Utval”, natural selection.

 

Aldri hev ei vitenskapelg Lære komet slik paa Folketunga som denne elder gjevet Vitenskapen og heile Aandslivet slik Framstøyt; for um ho kannhenda ikkje er sann, so hev daa Folk sidan granskat og tenkt og utfunnet mykje, som dei aldri hadde gjort elles.

 

Mange gode Vitenskapsmenner vilde ikkje tru paa denne Læra; for me veit ikkje um, segjer dei, at Folk ser annorleis ut no enn dei, me grev upp or dei gamle ægyptiske Graverne elder finn avteiknad 4000 Aar fyre vaar Tid, so Menneskja, kor som er, lyt forandra seg fælt smaatt. Sameleis er det med dei Dyr og Vokstrar, som me kjenner fraa det gamle Ægypten; dei hev ikkje forandrat seg, aa kalla for, i dei siste 3-4000 Aar dei helder. Kunne ein tenkja seg, at ei Padde og ein Fugl hadde kunnat utvikla seg av same Dyreslag, so vilde det gaa med so lange Tider til det, at det var reint meningslaust. I den primære Bolken livde det ymse Slag av Dyr og Vokstrar. Desse døydde ut, og i den næste Bolken finn me nye Slag. Desse trudde daa dei, som var imot Darwin, ikkje hadde udviklat seg av dei gamle, men at Gud hadde skapt dei fraa nytt, og at han sameleis heldt paa og skapte, kvar Gong eit nytt Slag kom til, og at Gud soleis heldt paa og skapte nye Slag radt til vaare Dagar. Den store Aalmenningen vart harm paa Darwin og meinte, at han lærde, at Menneskja var ættad fraa Apekattarne, og at han var ein stor Gudlausing¹).

 

Likevæl var det fleire og fleire, som sannad etter det Darwin hadde sagt: Folk som det i Fyrstningi gruste i, berre dei høyrde gjetet Namnet hans, totte sidan gildt i han, og daa han døydde i 1882, vart han gravsett i det ærverdigaste Gudshuset i heile England, Westminster Abbey, jamsides med Englands beste Søner.

 

Darwin forstod, at han kunne ikkje sannføra Læra si, for me hev ikkje funnet alle dei tallause yvergangsformer; men difor kunne nok Læra hans vera sann, sagde han, for det me kjenner, er inkjevetta aa kalla for mot det me ikkje kjenner, og me hev ikkje heiltut granskat Jordi endaa. Geologien, segjer han, er liksom ei Heims-Soge, som ikkje er heil og skrivi paa eit skiftande Maalføre. Av denne Soga eig me berre siste Bindet, og der stend det berre um tvo tri Land. Av dette Bindet er det berre att her og kvar eit litet Kapitel, og paa kvar Sida her og der berre nokre faae Rader. Kvart Ord i eit Kapitel vik noko lite ut fraa same Ordet i det næste. So lite kjenner me, og so vandt er det aa finna Utviklingi.

 

Darwin trur, at alle Dyr, som no liver, er ættad fraa 4 elder 5 gamle Dyreslag, og Vokstrarne sameleis.

  

Det hev voret utreiknat, som fyrr er fortalt, at det hev gjenget umkring 60 Millionar Aar, sidan det kambriske Lag vart til. Darwin meiner, at dette er for stutt Tid for so store Avbrigde, som det etter hans Lære hev voret baade for Dyr og Vokstrar sidan det kambriske Laget endaa 60 Millionar Aar fyrr oss synest vera ei utenkjeleg lang Tid. Fraa Trondheim til Kristiania er 562 Kilometer. Soframt du strauk ut fraa Kristiania og gjekk ein Centimeter um Aaret elder ein Meter paa 100 Aar vilde du bruka innpaa 60 Millionar Aar paa Vegen til Trondheim. Men i Naturvitenskapen er ikkje dette so lang Tid. Vonleg finst det Stjernur so langt burte, at Ljoset treng 60 Millionar Aar for aa naa dit, endaa det flyg 300 Gonger att og fram millom Kristiania og Trondheim paa ein Sekund. So reint endelaus stor baade i Tid og Vidd hev Guds Skaparmagt voret, at um dei paa slike Stjernur kunne timja Jordi, so vilde dei no i denne Stundi sjaa dei eldste Slag Beinløysur, Krabbar, Polypar og Tang, som livde i Havet i den kambriske Tid. For i Havet byrjad Livet. Jordi var endaa so heit, at det var snaudt Solstraalarne vann smetta igjenom den lette Eimen og Skodda, som Jordi var sveipt i.

  

Men Livet lyt vera endaa mykje eldre, trur Darwin, for lange Tider skulde til, fyrr den fyrste Livs-Runnen kunne utvikla seg til so fint lagad Dyr og Vokstrar og greina seg ut til so mange ulike Slag, som me finn Merkje etter i det kambriske lag. 140 Millionar Aar vilde knapt rekka til, segjer han. Men at Jordi so lang Tid hadde voret soleis lagad, at det var verande for Dyr og Vosktrar i Havet, er vandt for aa skyna. Likeins er det merkjelegt, at det finst ikkje Leivningar etter Liv fraa den Tidi, og dette, segjer Darwin, er eit stygt Motlegg mot Læra hans.

 

Ikkje braadt so faarlegt Motlegg er det, at Dyri no er so ulike, som f. Eks. ei Padde og ein Fugl og ein Fisk. Det er ikkje større Skilmun paa dei enn paa ei Aame og eit Fivreld, eit Rovetroll og ein Frosk, som likevæl er same Dyret. Det finst Fisk, som ikkje andar med Tokner (Gan) berre, men med Sundmagen (Flatmagen) og. Vonleg hev so eit Dyreslag, som i Fyrstningi livde i Havet, gjenget paa Land, trur Darwin, og Sundmagen hev utviklat seg til Lungur.

 

Spendyri hev ikkje no Tokner lenger, men paa Fostret kann ein endaa sjaa Merkje etter der dei sat fyrr.

  

Fostret av eit Menneskje, ein Fugl, ei Skjelpadde og ein Hund ser mest eins ut i Fyrstningi. Naar Fostret er reint lite, kann ein ikkje sjaa, um det er av ei Mus elder ein Fugl elder ein Salamander, og det Dyreslaget, som alle desse er ættat fraa, hev daa truleg eingong set paa lag slik ut, som Fostret no, med Tokner, Sundmage, 4 Lemer og ei lang Rove og hev livt i Vatnet.

  

At ein hev funnet so litet med Yvergangsformer, er leidt for Læra hans Darwin, men nokre hev ein funnet, kor som er.

  

Ein Fugl, som dei kallar Arkæopteryks, hev dei funnet i den sekundære Bolken; han hev ei lang Rove liksom ein Salamander, paa kvar Led paa Rova sat det eit Par Fjødr, og paa Vengjurne var det tvo Klør.

 

Paa mange Dyr kann ein sjaa, at dei fyrr hev set annorleis ut, daa dei hev rudimentære (ufullkomne) Lemer, Tenner og slikt, som etterkvart hev minkat og vortet reint smaae, daa Dyret forandrad seg slik, at det ikkje hadde Bruk for det lenger.

 

Kvalarne hev Kvalsbein i Munnen i Stellet for Tenner, men paa Fostret er det Tenner liksom paa andre Spendyr. I Yverkjaken paa Kalvefostret finst det rudimentære Tenner. Det er ein Orm (Boa Constrictor), som hev rudimentære Bakføter. Darwin liknar slike rudimentære Lemer med daude Bokstavar, som me ikkje høyrer i Uttala, men som me likevæl skriv, og som syner, kva Ordet kjem av.

 

(Meir.)

 

¹) Darwin segjer, at han ikkje kann sjaa nokon Grunn til, at hans Lære skulde vera til Mein for Religionen. Han nemner, at den største Uppdagingi, som noko Menneskje hev gjort, Loven um Tyngdekrafti, um den sagde den vidkjende Filosofen Leibnitz, at den ”reiv ned all naturleg Religion og negtad all Openberring”. (At Jordi var rund og sveiv umkring Soli, trudde dei og i gamle Dagar, ikkje samstavad med Religionen). Darwin fortel, at ein namnspurd Forfattar og Geistleg skreiv til han, at han etterkvart hadde lært aa skyna, at ein hadde likso høge Tankar um Guddomen, naar ein trudde, at han i Upphavet hadde skapt nokre faae Slag, som var gode for aa utvikla seg til nye Former, som naar ein trudde, at Gud allstødt laut skapa paa nytt, kvar Gong dei Lovarne, han sjølv hadde skipat, gjorde, at eldre Slag døydde ut.

 


Frå Fedraheimen 17.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum