Ein Selle.

 

(Del 21 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 32).

  

Eg hev det so eg, at er det noko paa Ferd, so hev eg ikkje Fred i meg, fyrr eg fær allting greidt. Er det berre ei Loppe, som bit meg t. D., so hev eg ikkje godt i meg, fyrr eg veit at ho er tynt; er det ein Hest, som er burtkomen, so gjev eg meg ikkje, fyrr han er funnen; er det ein Bjørn, som hev voret slem med Sauderne, so likar eg meg ikkje fullgodt, fyrr alt er greidt, det vil segja fyrr eg fær smaka paa Skinka hans med ein god Dram attaat.

 

Det som no var ugreidt, det var eit Spursmaal, som eg gjekk og grundad paa, nemleg um eg var rett i Hovudet elder ikkje.

 

Det er underlegt med allting, fyrst ein fær det skriftlig for seg, det vert mykje klaarare og ein vert meir før til aa døma. Eg sette upp eit Brev til ein klok og lærd Naturgranskar, Lækjar og Filosof og spurde, kva han meinte um eit slikt Menneskje, som hadde Sus for Øyro og høyrde Lokk og Gjenteljod i heile Fjortandagar, berre fordi han hadde gjenget seg fast i ei Myr ein Gong.

 

Morgonen etter at eg hadde skrivet dette Brevet, vilde eg senda det og las det igjenom, um det kunne vera noko aa setja til.

  

Men som eg las, vart det med ein Gong so klaart som Dagen for meg, at dette Brevet turvte eg aldri senda, eg kunne svara paa det sjølv. For det var ikkje Tvil um anna enn at eg var galen, spikande galen.

  

Dermed visste ikkje eg meg onnor raad til aa driva Vitløysa ut, anna eg gjekk kringum i Gardarne og kaupte i hop sjau nye gilde Skinnfeldar og sveipte meg inn i, og so lagde eg meg i ein Solbakke og sette eit Rjomekjerald attmed. Slik laag eg i sjau Dagar; den aattende Dagen reis eg upp og meinte paa det, at er eg ikkje god att no, so vert eg det aldri.

 

Meiner du eg vart rett att i Hovudet med dette du kanskje? Var det so likt seg. Mykje verre enn fyrr Far!

 

Men daa sette eg for meg so plent som eg kunne, at anten skulde Trollemagti fram ein Gong og openbara seg, elder so fekk dei draga meg heilt aat Vaaki, naar dei hadde fenget meg ut paa kaldan Klake.

 

Lagad meg Nyste og Kaffekjetel og strauk til Skogs paa fljugande Flekken og lovad det for meg sjølv, at eg vilde ikkje koma att, fyrr det var greidt med dette.

 

Eg gjekk eit Par Dagar og korkje saag elder høyrde nokon Ting, som kunne hjelpa meg daa. Og slikt Ulende hev eg aldri set fyrr i Verdi, fæle Urder og Ufser og Djuv og Tjørner og Myrar og Kallegheit av alle Slag og ein Granskog so lufsen og tett, at han tottest vera meir skapad for Villdyr enn for Folk. Det verste var, at naar eg kom paa ein Stad, so kunne eg aldri segja, um eg hadde voret der fyrr elder ikkje, for det var so likt seg alt eg saag, og Vegjer fanst det ikkje, so eg heldt det berre for eit Raam, um eg noko Sinn skulde koma til Folk att. Og spyrja Folk um Raad og Rettleiding det veit du gjekk ikkje an for meg, i slikt Ærend, som eg foor. Nei sanneleg um eg vilde blanda noko anna Menneskje inn i slike Ting, var det noko eg fekk hava for meg sjølv, so var det væl slike Greidur, veit eg.

  

For det fyrste so vart eg no døgervill, men det kunne vera so paalag det same, for ljost var det baade Dag og Natt; rignde det, so lagde eg meg under ei Luddegran og hadde det nokso godt.

 

So var det ein Gong det vart slikt fælt eit Ver; det ringde og styrmde, berre so det gjorde nokon Mun, og eg misunte Bjørnen hans gode Skinn, myrkt og grututt var det som ei Natt, ja Natti var det væl og – ikkje for det - og det var slik ein Brak og ein Dur, at eg totte Nutarne vilde klovna kvar Stundi, og slik ein Yl og Beljing heile Tidi, det var som alle Uvettte foor lause, og eg totte det foor og skaut seg kringum meg det eine Ufyglet verre enn det andre. Og eg hukrad og skalv og didrad som eit Ospelauv. Men so sagde eg til meg sjølv: berre haldt ut Kar og gjev Tol, dette spøkjer for noko dette, at alle Utbordsmagter fer lause, og eg nikkad berre til Ula, som sat paa Greini og nidstirde paa meg og ropad hu! hu!

 

So var eg burte i Svevnen eit Bil, og daa eg heldt paa aa vakna att, kva meiner du eg høyrde, leet ikkje den Lokken for Øyro mine, som eg nett foor etter. Ør og sinnegalen yver all Heimsens Galder og Gan og Hildring og Trollskap slo eg Augo upp. Men so forstøkt som eg vart; Lufti var rein og klaar, og Soli stod blank og bjart midt paa Himmelen. Og eg laag tett utpaa ei høg Ufs og saag ende ned i ein djup Dal med grøne Kjoser og klaare sildrande Aaer, og ljose blenkjande Bjørkeholt. Og millom Lauvi skimtad eg brandutte Kyr, og Bjøllurne klang, og var deg: sveiv der ikkje ei Gjente med raudt Liv? Hildrande deg, var det ikkje ho. Mjuk og svigreleg foor ho og smøygde seg og smatt millom Haugarne, so Hovudplagget lufsad for Vinden. Snart var ho burte, og snart kom ho fram att, so kom ho upp paa ein Haug, stod der og haukad: og du maa tru eg kjende Ljodet. So vænt tottest eg aldri fyrr korkje hava set elder høyrt. Den som berre visste, anten det var Hildring elder det var sant. Sanneleg um eg kunne hava Greide paa slike Skiljingar. So tok eg til aa gruna, og vilde gjera ei Prøve; er det berre ei Hildring, tenkte eg, so er heile denne Dalen og alt, som er i den, berre ei Synkverving fraa den vonde, og daa kann eg stiga tvert burtgjenom likesom det var flatt land. So rette eg Foten ut og vilde freista. Men daa tottest eg verta fullviss paa, at det var ikkje Synsville berre, med di at eg ikkje sansad meg, fyrr eg laag 3-4 Alner nedi Berget hovudstup paa Mosen. Altso eit er visst, tenkte eg, at her er ein djup Dal. Men no det som er i Dalen, er det like so visst. Det hadde eg no meir Tvil um. For no var det burte for Augo mine, so eg saag korkje Kyr elder Kvende. Jau, best som eg stirde, kom det fram att alt saman. Eg saag so tydeleg Gjenta, eg skilad at ho var berrleggjad jamvæl, men Andlitsdragi var det for langt ifraa til aa kjenna. Men Skapnaden skulde eg kjenna att, det var eg viss paa. Ja sanneleg sagde eg med meg sjølv, beint nedi Dalen med deg Kar! Og svint som ein Eld var eg uppe og eit Par Byks nedigjenom.

 

Bæ!, sagde Bukken. Der sat eg. Stupande Berget ende ned Kar, og det var ikkje farande utan for Fuglen fljugande. Daa ynskte eg med Diktaren, at eg hadde Fuglevengjer. Men kor skulde eg taka dei ifraa? der sveiv nok ei Ørn langt burte yver andre Fjellbruni, men ho kom ikkje hit. Det var ingi Raad, for Fjellveggen stod bratt som ein Mur so langt og kunne sjaa kringum denne Trollebotten, og eg maatte ganga ein lang Umveg attum nokre Nutar, skulde eg koma ned. So var det vist Tussedom likevæl, som let meg høyra og sjaa, men aldri koma nær.

 

So sette eg meg sturen paa Bergekanten og song utyver so høgt eg kunne:

  

Høyre du fagraste Hugaljo,

som ljomar i Fjell og Lidar!

Sæl vore Guten, paa Berget sit,

um du vilde paa han bida!

 

Høyre du fagraste Hugaljo,

som tenar i Fjell og Dalar!

Sæl vore Guten, paa Berget sit,

um du med han vilde tala.

 

Daa høyrde eg det haukad nedi Dalen: li-hu, li-hu, li -hu-u-u-lei!

 

Eg foor upp og vilde strjuka innetter: eg hadde ikkje gjenget mange Stig, fyrr eg møtte Skoddi, kom sigande ned ifraa Fjellet og lagde seg yver Dalen og løynde alle Ting.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 19.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum