Ein Selle.

 

(Del 29 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 55).

 

Paa Leikvollen høyrde me dei song langt burtetter, medan me drog ein annan Stad med Fela ljomande i Fyrespissen. Det var sume av Ungdomarne, som totte, at det var ikkje rett aa fylgja Fela, naar det var Bøn og Song so nære, og difor gav dei seg att. Men eg skal vaaga, at det ogso var mange av den andre Flokken, som mykje helder vilde hava voret med oss, hadde dei berre torat. Det stod nokre midt paa Vegen, som ikkje visste, kva Side dei skulde draga aat. Eg gav mest Gaum paa ein gamall Mann med graatt Skjegg og kvit Vadmaalskufte; han liksom lydde so etter Fela. Eg hadde ikkje set han fyrr, men det var noko so sermerkt ved han, at eg totte forvitet aa røda med han. Eg kunne tenkja meg, at han var ifraa langt uppaa Heidarne, og det Heidefolket plar ofte vera trøysamt. Eg spurde kvar han var ifraa. ”Fraa Røyseland”, svarad han, ”det er langt innpaa Heidi, og eg kjenner ikkje Karen eg talar med, er du ein framande ein kanskje?” Eg fortalde kven eg var. Han tagde eit Bil, men so sagde han: ”dei kunne ikkje spila no, dei faa aldri rette Draget; det er aldri til aa fara med det”. Eg meinte paa, at det fanst nok klenare Spilmann enn han som spilad no; men han tok Ordet ifraa meg: ”det er som eg segjer, dei faa aldri i Verden rette Draget”. Dette sagde han so fast og roleg, som um det aldri var aa tenkja paa Motmæle. Daa slog det meg straks, at dette sandeleg maatte vera ein Spilemann sjølv, sidan han hadde so god greide paa Spil og eg kom straks paa den Tanken, at dette matte vera Meistarspilemannen, eg hadde høyrt so mykje gjetet her i Bygdi; men no hadde han sluttat aa spila for mange Aar sidan og hadde flutt til Heidar aat Sonen sin. Eg sagde straks: ”det er væl aldri Staale Gunnarsonen veit eg?” Jau det var det. Daa bar det til Tals um mangt, han hadde god Hug til aa røda og var overlag svallug. Han hadde slik ei Evne til aa gjeva seg burt i det han fortalde og han slepte mest ikkje andre til aa faa sagt eit Ord.

 

Me vart gangande burtetter Vegen etter Dansarlyden og høyrde Omen av Fela fyre oss. Daa tok han upp att, som for seg sjølv: ”nei dei kunne aldri spila, det er so umogelegt som aa fjuka”. Daa bad eg, um ikkje han vilde spila litevetta for oss, so me kunne faa høyra, koss dei spilad i gamle dagar. Men daa berre riste han paa Hovudet og sagde: ”du maa aldri beda meg um det, eg hev sluttat aa spila, eg hev aldri havt ei Fele i mi Haand paa mange Aar. Det er eit Syndespil, som lokkar og freistar oss til Fordervels. Fyrst ein gjev seg burt i det, vert han snart so yvergjeven, at ein sansar seg ikkje sjølv elder nokon Ting. Det er ei Djevelens Magt lagd i Fela, berre eg høyrer ho laata, tek det til aa didra og nadra i Fingrarne paa meg, og eg kjenner ein Skjelte gjennom all Kroppen”. Eg meinte det, at Syndi ved det kunne væl ikkje vera so stor, allvist naar ein kunne med det og var god til aa spila, ”du veit det, som er klene Spilemenner, dei er det ikkje Sæt paa”. Aa ja, han meinte eg kunne hava noko Rett i det og, ”men so legg Alderen sitt til og, veit du, so eg er ikkje den same som fyrr”. Eg vilde ikkje ganga hardare inn paa han, men me gjekk og sette oss paa Marki attmed der, som dei hadde teket til aa dansa.

 

Daa dei hadde dansat nokre Vendur og det var som ei Kvild paa, laante eg Fela av Spilemannen, og kom med ho burt til Staale, stakk ho innaat honom og spurde, um han ikkje totte Moro aa freista. ”Aa nei, eg veit ikkje det”, sagde han, men tok likevæl imot Fela og til aa klunka so smaatt paa Strengjerne, tok so til aa strjuka med Bogen so smaatt, men sluttad han braadt, tok paa ein annan ein, men sluttad den og, tok Fela ned og tok til aa stella ho opp att, byrjad paa med ein ny Slaatt, gjorde den mest heilt ut, men braasluttad, let Bogen siga nedi Fanget og sagde sukkande: ”nei det duger aldri, eg fær det ikkje til, eg er for stiv i Fingrarne, tak att fela du, som fær Ljod i ho”, og vilde fli ho attende. Men den hin sagde berre: ”driv paa du no, dei mjuknar nok Fingrarne, naar du fær haldet paa eit tak”. So tok Staale i paa nytt Lag, og no endeleg fekk han Slaattarne sopas utførde, at Ungdomen tok paa aa dansa etter dei. Og no kom den eine Leiken etter den andre. Han hadde ein stød Takt og ein sterk Tone, men eg totte at Spilet hans likevæl var noko hardt og slett ikkje so overs rikt elder sermerkjelegt paa nokon Maate.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 25.09.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum