Hr. Hægstad og det norske maalet¹).

 

 

Naar hr. Hægstad trur, at eg lyt vera ein professor daa eg vaagar meg til aa kritisera maalet hans, so tek han i mist. Eg er ikkje professor og trur helder ikkje at eg vert det – iminsto ikkje med det fyrste. Eg heve likavel vaagat meg til aa segja eit par ord um hr. Hægstads norske maal.


Eg heve ogso vondt fyre aa skyna, at det kann kallast aa lappa aa bøta paa Ivar Aasens meistarverk, naar ein er so vaagsam aa kritisera hr. Hægstad.

Eg trur elles me hava nokot so nær same vilkor Hægstad og eg.

 

No er eg so heppen, at eg ikkje les korrekturen paa Fedraheimen, men Hægstad baade styrer Dag  og les vonleg korrekturen der og.

 

Men so heve Hægstad ein fyremun, som ikkje eg heve. Han fortel stødt og jamt, at han heve bondegutar gangande der uppe i Trøndelagen. Naar so ein nemner eit galet ord, han heve voret so ulukkeleg aa skriva, so segjer han, at det er bondegutar, som ”han heve latet bruka” det ordet.

 

Det er svert lettvint aa hava slike gangande paa beite deruppe til daglegt bruk.

 

Det er soleides myket lett for meg aa faa folk til aa tru, at det er misprenting, naar eit infinitiv heve komet til aa enda paa a istadenfyre paa e, iser daa Fedraheimen sjølvstendig heve ader. Sameleides med sett  i staden for set o. s. fr. o. s. fr.

 

Men det er verre aa faa gjort ei misprenting utav det, som eg hermde i det fyrste stykket mitt:

 

Dei  som skulde hava det nærmaste tilsynet med at logi vert etterkomi er naturlegvis presten”.

 

Det er ikkje nokot, korkje fyrr elder seinare i stykket, som tyder paa, at dette er misprenting. Ja um so var, at dette er misprenting, lat gaa: men det andre daa:

 

Paaanking av eit einskilt syn av lagretta er det derimot eit utval, av høgsterettsdomarar, som avgjera”.

 

Kvat vil hr. Hægstad ”giva meg i byte” for den ”misprentingi”? Eg tenkjer, den er 2 ½ gong  so god som nokot annat.

 

Eg sett, at det i stykket mitt er dubbelt so mange mistak som hr. Hægstad heve funnet, dubbelt so mange misprentingar, dubbelt so mange ”heimlausingar”, um ein so vil. Det kjem ikkje saki ved.

 

Um eg, som er ein innsendar i eit maalblad, tek imist, so heve ikkje difyre Hgæstad brev paa aa gjera det same.

 

Eg vil segja tvert um:

 

Naar ein heve den æra aa vera lærar ved ”Landsmaalskursus paa Hylla” og desutan lærar i morsmaal paa Namdalens folkehøgskule, so heve ein ogso lov til aa krevja nokot av ein slik kar.

 

Ein heve lov til aa krevja, at ein lærar i norsk, skriv norsk. Likeins lyt ein, som styrer eit norsk blad, skriva norsk. Det er ikkje meir enn eg med god grunn kann venta, endaa um eg ikkje sjølv skriv rett.

 

Hr. Hægstad maa endeleg ikkje bli vond, av di eg ikkje hermde nokot av det, han heve skrivet i 1886. Eg kann gjerna herma nokre smaabitar  til. Eg trur, at han og vilde hava godt av aa ”sjaa litet paa Ivar Aasens Gr. § 335” og andre stader med.

 

Ut ifraa desse barbariske tilstand er bodet utgjenget um kvinna, som den, som skal vera o. s. fr.”

 

Det, som merkte at denne uppsedingi var eit maatehald, som næstan var avhald, ei streng reinsemd og ein grannvar bljugskap, so dei skulde løyna, at dei fullnøgde dei kroppslege krav. (S. 14, 1).

 

Skynar nokon dette? Ikkje eingong um eg tek burt at  i den fyrste setningi, fær eg meining i det. Eg trur knapt, at nokon bondegut i Trøndelagen skynar det helder, anten han so ”fullnøgjer dei kroppslege krav” i ”kamp” elder ”strid”.

 

Skaffa det nødvendige til livsupphald en segja  til nokot meir” (enn segja= dansk: end  sige!).

 

I fjor skreiv Hægstad: Landsmaalskurset paa Hylla vart sluttad den 30te september. Han veit ikkje at slutta  er eit intransitivt verbum (”uverkande gjerningsord” trur eg han kallar det). Sjaa ordboki hans Ivar Aasen²).

 

I ei lysing skriv Hægstad: ”Kvar deiltakar fær eit statstilskot av40 – fyrti krunor, og der er rom til kringum 20”. (I 1885: Kvar, som søkjer skulen fær eit tilskot av40 krunor).

 

Det vert fælt litet til kvar, naar kvar skal faa av dei 40 krunorna; det vert litet aa dela paa, tykkjer eg.

 

Paa onnor vis kann eg ikkje skyna dette. Paa norsk kann ikkje av  tyda det same som paa dansk. Me kunna t. d. ikkje segja ein ”ting av verde”, ”ein hatar av folkestyre” o. s. fr. Det borde hr. Hægstad vita. (Sjaa Ivar Aasens ordbok og K. Knudsens: Unorsk og norsk).

 

Men det, som eg gjerna vil halda fram her, er at den unge kvinna byr gjera det, ho vinn, til aa hevda den retten, som alle edle og retttenkjande menner no um dagen er samde um, at ho tilkjem.

 

Naar Hægstad skriv: ganga an  so kann væl eg faa lov aa skriva gjeng an, tenkjer eg, elles so vert no ikkje Hægstad beter, um han finn mistak hjaa meg.

 

Det han nemner um skrivemaaten i bibelen syner at han hev liti greide paa, kvat han skriv um. Det er no eingong so, at bibelen hev sin eigjen skrivemaate, iminsto i det maal, eg kjenner. Men det høyrer ikkje hit.

 

Det er vist ingen som heve nokot aa segja paa skrivemaaten  i Dag. Det hev eg aldri høyrt nokot um. Eg heve knapt set stødare skrivemaate nokonstad. Hr. Hægstad lyt skyna, at det er ei sak for seg. Han fær likeeins lata andre faa bruka den skrivemaaten, som dei tykkjer høver best fyre seg, jamvel um det er einkvar stordrøymande ungdomen. Det kjem nog den tidi, at ein kann stella upp ei form, som me alle kunna flokkast um. Men den tidi er ikkje komi enno. Me faa freista aa skriva so norsk, me kunna. Naar hr. Hægstad skriv unorsk, so er det ikkje av di han ikkje kann. Alle maalmenn veit, at han kann. Men det er av di han stundom ikkje gjerer seg umak nokk, men ”skranglar iveg”, som han segjer.

 

Det gjeldst soleides meir med maalet enn med skrivemaaten. Eg trur ikkje det var or vegen um det kom nokot litet meir ”reinsemd” inn i Dags  maal. Det vilde vist alle gleda seg yver.

 

Naar hr. Hægstad sistpaa segjer, at han vil skjenkja  meg ”den bljuge forvirringi”, so kann eg naturlegvis ikkje gjera annat en aa segja. ”takk fyre skjenkjen”!

 

 

Sivard.

 

 

¹) Eg heve fenget den Raadi aa skriva ”normalt” elder med patent-rettskriving, naar eg heve med Hægstad aa gjera. Denne Raadi gav eg ikkje ans paa, daa eg skreiv det fyrste stykket mitt. No veit eg beter. Eg vil bidja  ”Fedraheimen” aa lesa god korrektur, so hr. H. ikkje skal faa nokot nytt aa hengja seg til ei onnor gong.

²) At lærnaden vert teken paa same vis i ”Namdalens høgskule” kann ein sjaa i Dags. 15, 2 1886 i Stykket. ”Ein vetterdag, or stilboki aat ein skulegut paa Namdalens høgskule”.

 

 


Frå Fedraheimen 04.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum