Flogvit elder store Menner korleis dei er lagad.

 

 (Del 3 av 3. Fyrste del.)

 

(Slutt fraa fyrre No.)¹).

 

 

Det er helder ikkje noko Sjeldsyn, at Flogviti høyrer ymis Kviskring og underlege Røyster og soleis vert villad og kvervde paa Høyrsla attaat paa Synet. Dei trur seg aa høyra og sjaa Aandar og Draugar og alt som er. Wergeland  var i eit Lag ein Gong saman med Kona si; braadt so kjem han burtaat ho og kviskrar, at han hev set den avlidne Mor si standa i Døri og vitla til han. Jamvæl so sterk ein Aand som Goethe  var ikkje fri for dette. Han saag seg sjølv ein Gong ljoslivande koma ridande imot seg i ein graa Bunad.

 

Forfattaren Flaubert  skriv, at Personarne i Bøkerne hans liver i hop med han og heiltupp forfylgjer’n, so han tykkjest renna i hop med dei til eit. Soleis hadde han skrivet um eit Kvende, som tok Gift, og daa fekk han sjølv slik Arsenikksmak i Munnen, at han tvo Gonger kastad upp det han aat.

 

Alt dette er helst Vits-villur  elder Abnormitetar i dei intellektuelle Funksjonar. Eit anna Slag som me finn hjaa Flogviti er moralske  Villur, ein kunne mest kalla det moralsk Synkverving elder Hallusinasjon. Helst syner dette seg i ei fæl Agaløyse og ei Sjølvhevding, som i Vanvyrdnaden sin for alle andre sine Krav mest vert rein Stormansgalskap. Det kann vera dei, som ikkje toler aa verta motsagde og som ikkje kann lata vera aa saara dei, som dei er saman med.

 

Iser i Kjærleiksvegen  er Veikskapen av Flogviti og allvist Skaldarne aalkjend, so ein mest kunne fæla for, at dei verkeleg treng meir Fridom i so Maate enn andre Menneskje.

 

Saman med Agaløysa av dette Slaget er dei og hissuge til aa vilja bruka ymse Slag til Kveik elder Døyving (stimulerande elder narkotiske Midlar). Det er soleis mange, som vert burtgjevne til sterke Drykkjer, mange brukar Opium elder Morfin.

 

All slik Van-age kann væl berre vera Utslag av fløymande Livskraft, men ho kann og berre vera Fylgjesveinen aat Tykkjeløysa og Tungsinnet, som so ofte fylgjer store Krefter.

 

Huglyndet hjaa Flogviti er i Jamnaden melankolsk  og nervøst. I det melankolske Draget ligg det Styrkje, Tol og Trott o. s. fr. i det heile dei stade og seige Evne, og det nervøse Draget gjer ein fljot og fløy, eldfim og snarkveikt, men og snøggfengd. Men denne Skjotleiken, som kann vera so greidtøk i Arbeidet, han kann og vera lettfløygd til aa sviva burt i det avbragslege.

 

Det myrke, vonlause Livssynet hjaa mange Stormenner maa væl takast som eit sterkt Utslag av det Tungsinnet, som kviler yver dei store Aandar likesom Skoddi, mest allstødt heng nedpaa dei høgste Fjelltindar.

  

Mest hjaa alle Flogvit finn me Tungsinn anten i Ungdomen, elder stundom i heile Livet. Thorvaldsen sagde ein Gong: ”eg kann ikkje skyna, korleis eit vakset Menneskje kann lægja”. Schack-Staffeldt  syng 30 Aar gamall:

  

Hvad jeg i hver slappet Nerve finder,

det er mer end Død – er følet Død;

i Melankoliens kvalme Skjød

dybt paa Kaos’ Rand mig Skjæbnen binder”.

 

Ingemann  leikad med Tanken um aa drepa seg sjølv, og Søren  Kirkegaard  kallar Tungsinnet sitt for ”næsten en stille Sindssvaghed”.

 

Det er mange Flogvit, som heiltupp misser Forstandet. Av slike sinnsjuke kann me nemna: Linné, Esaias Tegnér, Walter Scott, Swift og August Comte. Denne siste var eit Aar paa Sinnsjukehus; daa han kom ut att derifraa, skreiv han ferdug ei Bok, som han hadde arbeidt paa i 14 Aar. Grundtvigvart sinnsjuk, daa han var 28 Aar, og var ufrisk eit heilt Aar.

 

Alle desse nervøse Sjukdomar, som fylgjer med Kulturen i vaar Tid, gjer likevæl ikkje Folk mindre livsføre. Mange nerveveike Folk vert utgamle, Newton, Voltaire, Holberg og Darwin  t. D.

 

Eit, som ogso tener til Stadfesting um denne Skyldskapen millom Flogvit og Vanvit er det, at Foreldre, Syskjend elder andre Skyldfolk aat store Aandar hev voret sinnsjuke elder havt einkvar annan Sinnsjukdomen.

 

Naar ein gjeng ut ifraa dette Samanhenget millom Flogvit og Sinnsjuke som noko visst, kann ein so slutta, at den skapande Evne berre er ein sjukeleg  Utvokster  paa Menneskjeaanden? Nei det er lite rimelegt; daa maatte Talet paa sinnsjuke Flogvit vera mykje større. Helder maa ein tru, at det er serlege Høve, som fylgjer med den skapande Evne og som er leide for Helsa. Aa uppklaara slikt noko er endaa umogelegt for oss, daa me veit for lite um baade korleis Sinnsjuke og korleis Flogvit i Røyndi er lagad. Men kunne ein botna i denne Saki, so fann ein nok Forklaaringi til, at aandeleg Kraft og aandeleg Veikskap so ofte fylgjest.

 

Det er visst, at Nerveskipnaden hjaa Flogviti maa vera overlag kløkk og fin og framifraa næpen og næm for all Slag Forskipling. Ei ovlæte grann Kjensle for alle Inntrykk det er eit Grunnvilkaar for den skapande Aand. Legg Merkje til, kor kjennesame og vare Flogvite er for all usameleg og urytmisk Laat; den veikaste Luftbylgja fær Nervestrengerne deira til aa klinga med. ”Ein Hund, som gøyr, ei Dør, som vert attslegi, kann gjera meg ulagom”, segjer Holberg. Det er denne Finskap og Næmleike i all Sansning, ja i heile Huglyndet, som er Kjelda til so mangt stort, men og til so mangt veikt samstundes, soleis som me ser det gjeng Haand i Haand hjaa Flogviti. Her ligg og Kjelda til all Lidingi deira; alle mogelege smaae Usam og Mishøve eggjar og leitar dei for mykje. Og so merkar dei fælt tidleg i seg eit Serdrag umfram alle andre Menneskje, som gjer det ei Plaage aa stella med alle dei andre Syslur i Livet enn dei, som nett fremdar deira serlege Utvikling. Det hjelper helder ikkje til aa kveikja Hugen dette, at Flogviti mest jamt kjem til aa staa so aaleine. Det vøre eit Aabine, um eit stort Flogvit var vyrdt av Samtidi. For den, som skal faa Vyrdnad, maa berre staa eit lite Stykkje framum Storhopen, som ikkje beller anna enn bisna paa den, som er ovstor. Han fær ikkje anna enn Laatt og Spott, Nedkuging og Utsvelting til Løn, medan Mindremannen, som nyt Frukterne av andre sitt Arbeid, vert sett i Høgsætet. Og den Hugen, som Flogvitet alt i Fyrevegen hev til aa koma paa Kant med Samfundet vert endaa større ved slik Medferd. ”Det er snaudt nokon Last, som soleis kann minka Talet paa Vener som ovstore Evne”, segjer Chamfort. Kona til Carlyle  gjev den Raadi til ei Gjente: ”kjære, kva du so gjer, gift deg aldri med eit Flogvit”. Dei er nok ikkje fjelge aa vera saman med dagleg. Og endaa var Carlyle ein mønstermann og Fagnakar i alle Maatar. Og likevæl hadde ho det stundom, ”som um ho budde i eit Galehus”.

 

Tindarne i Aandens Rikje er snaudt nokon hyggjeleg heim for Folk, som vil liva i Fred og Ro. Dei som er vælsignad – elder tyngde – med ovstore Aandsgaavur er sjeldan laglege til aa vera Fylgjesveinar paa Livsvegen.

 

Denne Einstaking  elder Isolering tener ikkje til aa fremja jamne og sunne aandelege Tilstand. Naar ein vert halden so reint utanfor all Paaverknad av Røynslur og Tankar av andre, kjem ein snart inn i eit uppsett og avbragslegt Tankeliv, vert tungsint, mistenksam, illtryggen, beisk og vandlynd.

 

Men sjølv um det finst slike Øydekrefter hjaa Flogviti, er det difor ikkje sagt, at Sjukdomen naudsynleg maa koma. Han kann haldast nede, naar det berre er nok Helse, Lekemskraft og Hugstyrkje til aa vega upp imot. Men vantar det noko i einkvar slik Maaten, so er det lagleg Jord, til aa Sjukdomspirar kann trivast.

 

Me hev fyrr sagt, at Mot, Energi og Framtak er noko av dei fyrste Vilkaar til aa naa Stordom. Men det er ikkje sagt, at desse Evne allstødt gjeng saman med dei høgste Former av Vilje og Stødleik i Karakteren. Dei store Aandar treng som oftast all den Energi og Kraft, dei kann samla, til det Aandsverket, dei held paa med, og øyder likesom alt der, so at det vert lite att til Livsens andre Krav.

 

Det maa vera audsynt, at Flogviti maa vera mykje meir utsette for alle Øydingsmagter, som lurar rundt umkring oss, enn vanlege Menneskje, enn ”denne Naturens Fabrikvare”, som Schopenhauer kallar dei. Kor urimelegt det enn høyrest, so kann ein trygt segja, at store skapande Evne vandt kann samhøva med eit fullkomelegt Vælvære. Den som opnar Tanken nye Vegjer elder finn nye Kunstformer, han er som ein Fyreridar, eit langt Stykkje framum Storheren, og einsleg som han er, vert han difor so mykje meir utsett for Mein og Mishøve. Flogvit kann vera til Fall for Mannen sjølv, som hev det, samstundes med, at det kann vera til Framstøyt for heile Mannaætti.

 

Er dette so, daa maa Folk taka ein Lærdom, som handla trengst: betre Forstaaing og mildare Døming um Veikskaparne hjaa Flogviti.

 

 

¹) Det var Mistak, naar det stod Slutt i fyrre No.

 

 


Frå Fedraheimen 27.08.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum