J. Løvland

(Minnestykke, 1922)

Av Torleiv Hannaas

Det var ein vetredag for tjuge aar sidan eg gjekk einsmall yver Lauvlands-heidi. Daa eg kom upp i høgdi, gjordest det paa so kaldlegt eit ver, med snø og rennefok so eg saag ikkje skis-lengdi framfyre meg. So gjekk eg der vadra eit bil. Men so kom eg til ei gamall skog-løde. Og glad var eg. Eg slo snøen av skiene, reiste deim uppetter veggen, og gjekk inn. 
    Slike gamle lødor i Sætesdal er mest som heile bygde-arkiv. Veggjene er utkrota med namn i namn, innskorne av hjuringar og skyttarar og slaattefolk. So var det med denne òg.
    Eg gav meg til aa lesa paa namni. Dei fleste var skorne berre med fire bokstavar. Men mange kunde eg tyda likevel. Og sume av desse gamle evdølene kunde eg endaa telja meg i ætt med. Daa eg hadde granska innskriftene inne i løda, tok eg til paa utsida. Der kom eg til nokre namn som var skorne fullt ut. Millom andre Lauvlands-gutar raaka eg òg Jørund Lauvland. Aarstalet var òg utskore. Det hugsar eg ikkje no. Men han var visst 12-14 aar, Jørund, daa han krota ut namnet sitt her. Det var stødt og vent skore, so det var for augo synt at han hadde vore hag med kniven. Men ein ting var endaa merkelegare. Attmed namnet sitt hadde han skore inn ordi ” Les og veks!”
    ”Les og veks!” Det var det han sette seg fyre, smaaguten som gjekk her i heidane og gjætte. Og det ordet livde han etter all si tid. Det er vel faae nordmenn som hev lese so mykje som Løvland. Og endaa færre som hev vakse so av lesingi. Men det var her heime han fekk hugen og nerken i seg til aa lesa og veksa seg stor.
    Lauvlendingane hev alltid vore kloke og minnuge, og havt mykje aa fortelja fraa gamle dagar. Og daa Jørund var liten, livde det mange gode sogemenner i bygdi. Sers medgjetne var dei som hadde ”lege ute” og kunde fortelja fraa ufreden. Det var tvo paa næraste grannegardane. Eirik Bjoraa hadde vore paa lineskipet ”Prins Christian” i slaget ved Sjællands odde og etterpaa site fange i England i tvo aar. Og Aamund Halvorsson paa Høgetveit hadde vore med ved svenskegrensa. Desse høyrde Jørund paa, og saug i seg den elsken til soga som fylgde honom livet ut.
    So vart han vaksen og gjekk lærarskulen paa Holt. Og daa han hadde vore lærar i ”byen” (Kristianssand) nokre aar, kom han heim att og vart styrar av den nye amtsskulen i Sætesdal. Det var ein umgangsskule aa kalla. Han var eitt aar i kvar bygd. Og dei slost um aa faa skulen, so folkekjær vart han under Løvlands styring. Det var ein skule som sette kveik i folk. Løvland tala tidt um desse aari. Det var ei gild tid for honom òg. Han livde seg saman med folket etter heile dalen. Og han hadde halve aaret fritt, so han fekk gode stunder til aa lesa og veksa.
    Alle veit kor høgt han voks. Hjuringguten fraa Lauvland vart fyrste mann i stortinget, fyrste mann i riksstyret, Noregs fyrste utanriksminister, og mykje anna stort. Det er som eit eventyr! Men dette livs-eventyret er so væl kjent at eg skal ikkje taka det upp att her. Eg vil berre minna um kor trugen den store mannen alltid var mot heimen sin. Kor høgt han steig upp, so gløymde han aldri heimen og heimbygdi. Og kor mykje han hadde aa gjera, so tok han seg alltid gode stunder til aa røda um nytt og gamalt or Sætesdal naar han raaka einkvan heimantil. Det veit eg av eigi røynsle. Det hende av og til eg hadde ærend til Løvland medan han styrde Kyrkjedepartementet. Saki det galdt, var snart avgjord. Men so kunde han setja seg til og spyrja og fortelja i timevis. Og som han mindest folk og hendingar heimantil! Ættene i Evje og Hornnes hadde han makelaus god greide paa. Han var sjølv av gamall horndøls-ætt paa farsida og av gamall evdølsætt paa morsida. Og upp-igjenom heile dalen kjende han folket, og kunde herma stev og ordtøke som hadde vorte til i det og det høve. Løvland kjende seg knytt til Sætesdal og Sætesdalskulturen med sterke band. Og han sagde tidt at han gjerne skulde ha butt um det so hadde vore i Bykle, berre han hadde havt ein livemaate der, [sic] I sine unge dagar søkte han eingong lensmanns-umbodet i Valle.
    Men gløymde ikkje Løvland heimbygdi, so gløymde heller ikkje heimbygdi honom. Eg hugsar so væl fraa studentdagane mine. Fyrst eg kom heim ifraa Oslo, so var det eit spursmaal eg fekk so jamt: ”Hev du nyleg tala med Jørund?” Heime sagde dei alltid Jørund Lauvland. Og det vilde han helst heita millom vener.
    J. Løvland er den største mann Sætesdal hev sendt ut i verdi. Og den som hev gjort dalen størst ære. Dei siste aari lagde han heilt av norsk-dansken og tala norsk i stortinget, i riksstyret, i kongsgarden. Lenge vil minnet hans liva i Sætesdal og i heile Noreg.
    Siste gong eg raaka Løvland var i vaar paa Universitetsbiblioteket. Han var no løyst fraa embætts-yrket og hadde fenge meir tid til aa dyrka hugmaali sine. No var det bøkene han tydde til. Han vart tru til enden mot det maalet han sette seg i unge aar daa han skar inn i løde-veggen paa Lauvlandsheidi ordi ”Les og veks!” Og heile hans liv er ei maning til norsk ungdom: ”Les og veks!”
 
 
 

Frå Norsk Aarbok 1922 utgjevi av Torleiv Hannaas. Bergen: Norsk Aarbok 1922. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad