Garborgs religiøse programm

(Artikkel, 1924)

Av Ivar Mortensson Egnund

 

1. På leiting.

 

Det var i 1873, med eg gjekk på latinskulen i Kristiania, at Moltke Moe ein dag kom innum til meg med ei underleg bok um Ibsen, ho var skrivi av ein som kalla seg G., og det skulde vera ein ung skulemeister frå Jæren, som het Garborg.

 

Den boki sette støkk i meg. G. hadde funne ut at Ibsen var "en tvilens digter". Og det var dei som ymta um at G. ogso var inne på slike fårlege tankar. Støkken sleppte meg ikkje då Moe synte meg Garborg på gata, der han gjekk einsam og myrk og berre stirde inn i si eigi verd. Eg merka at same kaldtokken fylgde Georg Brandes, so dei tvo laut eg rekna til same slaget.

 

Undren vart eg då eg las i "Aftenbladet" at Garborg var ein annan mann. Han våga seg beint upp imot Brandes, og sa det var rett at dei ikkje vilde sleppe han til å tala på universitetet. Ein slik kar, "som har til negativt mål kamp mot kristendommen og positivt: fri kjærlighed" er ingen rett vitskapsmann. Og ein annan stad skreiv han, at "hvor Kristus angribes, der gjælder det kamp til blodet." Lytet ved tidi er at "erkjendelsen sættes i personlighedens sted".

 

Då hadde eg berre det ynskjet at Garborg måtte verta målmann. Og fyrr eg visste ordet, so var han målmann. Det tok honom fullkvast au, truleg var det gamal kjærleik, som no vart kveikt upp i loge. Og med ein gong vilde han skipa målblad.

 

Det var ved dette leitet Moltke Moe fekk meg med til hybelen hans i ein liten gamal tregard i Bispegata i Gamlebyen. Og der var det gildt å vera. Kaldtokken kvarv. Garborg hadde so god ei kome. Han var mild og varlåten, hugvarm og kjenslerik og alltid tydleg å røda med. Eg vart strakst medhjelpar i "Fedraheimen", og me laga "Gudelege småbøker" ihop.

 

Det var so hugsamt på songkveldane hans, der organist Bjærum og Nils Krog (sidan sokneprest) og student Oftedal var med. Garborg hadde ein mjuk tenor og laga sjølv kløkkjande tonar, som kvartetten song, eg kvad gamle visur og stev, og Moltke Moe var "publikum".

 

Likevel var det noko ved Garborg som gjorde at eg bar ein løynleg otte og aldri kunde verta fulltrygg på kvar helst eg hadde han. Ein tvilar hadde han vore. Og 24 år gamal hadde han skrive at

 

      "kompas og ror har jeg mistet.
       Ei ser jeg fyrtårn i nattens drøm,
       mit anker forlængst er bristet.
       Nuvel, jeg ved intet mål, ingen havn,
       lad drive for strøm og fjære."

 

Fyrste greide programmet hann fekk var målsaki. Der stod han stødare di eldre han vart. Men endå i si fyrste målmannstid skreiv han at me stend i skodd på øyde heid, veit ikkje veg eller nokon ting. Men so legg han til noko nytt:

 

      "Upp gutar, upp kvar gangfør mann,
       me veit at me må fram."

 

Eit løysande ord fekk eg av Jørgen Moe, då Garborg hadde skrive songen um Ole Bull. "Den mand er digter", sa den gamle skalden. Dette gav meg ei rettleiding, at eg ikkje måtte døma for strengt um det var ymist som kom på tverke for ein slik stram idealist som meg. For diktarane er sensitive blomar og snur seg etter sol. Og mange soler kann ovra seg på himmelen.

 

Det kom ei tid då Garborg vart meir burte for meg. Han kom i lag med Amalie Skram og Hans Jæger og bohemane og studera Brandes og naturalismen, la seg i strid med teologane og vart reint som innkvervd i alle nye straumdrag. Europæar vilde han vera. Og når det gjeld religiøse spursmål, finn han at ein må "lade den fri forskning, den uhildede undersøgelse være det ledende princip også for den religiøse erkjendelse". Endeleg i "Trætte mænd" (1891) bryt han ut or fritenkjarringen og vil rydja sine eigne vegjer. Um denne boki skriv han i eit brev til Jonas Lie den 1. desember 1891, at "det, som var i den af selvoplevet, må have reddet den ... jeg har ligesom fået "indordnet" også kristendommen i mit "livssyn", den kirkelige kristendom ... overhoved hvad der for nutidsmennesker er "barnetro", og jeg ser absolut ikke noget galt eller underlegent i, at individet på det givne udviklingstrin tager sine livsmidler, hvor det finder dem. Har jeg havt nogen praktisk hensigt med min bog, så har det været denne: at bekjæmpe det dogmatiske fritænkeri - eller rettere: forløse folk fra den allernyeste seminarisme."

 

I "Fred" (1892) byrjar han å verta meir vidsynt. Fyrst granskar han dei drivande krefter inne og rundt ikring mannen sin. Men på slutten tek han til å timja dæmonmakter som driv menneskja ut i ulukka.

 

I boki um Jonas Lie (1893) finn han at "hos mennesket er hjertet  livsorganet. Gjennem hjertet hænger vi mystisk sammen med verdens liv, tilværelsesloven. Derfor blir hjertet målet for et menneske. I dets banken pulserer det evige liv."

 

2. Programmet.

 

I 1895 hev han funne noko trygt å halde seg til, soleis som han skriv i "Samtiden" um "Troen på livet. (Et stykke religiøs udvikling.)" Det er ei klår utgreiding, som lærer oss kva Garborg trur og vil. Fyrst syner han korleis optimismen må hava urett. Men ogso pessimismen hev urett. "Dens aksiom: Tilværelsen er meningsløs - er selv meningsløst. - - Livet står der. Aldeles umotiveret, fuldkommen fornuftstridigt; et blot og bart postulat, - men et energisk postulat, som vi ikke kommer forbi. Det hævder sig. Mod alle sine fiender hævder det sig, og det til den grad, at det endog drager nytte av selve motstanden, forvandler hindringer til betingelser, trives, når det tråkkes, som skrevet står, kjæmper mod døden i alle dens skikkelser. Bukker under, går på igjen, bøier ryg, forvandler sig, skifter form, våben, levevis, går som kamelen gjennem nåle-øiet, men lever, lever - og seirer. At livet har et eller andet slags "interesse" af at leve, synes tydeligt. Og gjennem den tilsyneladende kamp mod sig selv tvinger det sig, i sin helhet set, "fremad", "opad", til høiere og høiere standpunkter, som om det virkelig stræbte efter noget.

 

Og det er ikke bare nede i den blinde natur, at livet således tilkjendegiver sin trang til at leve. Det raser med samme lidenskab i os selv. I enhver av os, han være Lazarus eller den rige mand, filosof eller dåre. Vi kan ha det så ondt som muligt, eller vi kan til den yderste grad av klarhed gjennenskue tilværelsens bedrag, med den største grundighed have opgjort for os livets budget med den uundgåelige deficit, men alligevel, - kun ved en til sygelighed hidset sindsforvendthed blir vi istand til at frigjøre oss for dette liv, hvis meningsløshed vi bespotter.

 

- - Man får acceptere livet som det "er", som postulat, d. v. s. man får indrømme, at hvad vi her står overfor, det er hverken mere eller mindre end mysteriet. Og mysteriet vil ikke begribes. Her har vi intet andet end at bøie os. Bøie os i resigneret ro og tilbede. - - Dette liv, som er os en modsigelse og en dårlighed, men som er sterkere end al fornuft, og som ikke lader sig hverken forklare eller bortforklare, - det må alligevel have en grund, hvorfor det vil leve. Det må alligevel have et mål. Dette mål, denne grund, må, som for tanken utilgjængelig, bli religiøst at fatte.

 

Det vi kalder livet, må være udtryk for en kosmisk tendens vi ikke kan nå ind til, udtryk for en mystisk "vilje". Tilværelsen må have sine rødder dybere end nogen menneskehjerne har tænkt. Mod alt ræsonnement, quia absurdum, bøier vi os altså for dette ufattelige, i "tro", som ikke stemmer med vor "viden". Ydmyggjorte ved denne tro hengiver vi os med større eller mindre inderlighed i livets vilje, - lever det, efter som vi ser og føler at det er dette, det vil. Og så har vi den moderne religiøsitet, således som jeg tror, den må begrundes.

 

Vi kalder vort mysterium livet, i mangel af et bedre ord. Har vi trang til at personificere, siger vi Gud, og det så meget mere som ingen her kan "bevise det modsatte". Kun at bevidstheden ikke fordunkles om vor gådes natur >: dens beliggenhed hinsides erkjendelsesgrænsen. - - Troen på livet er de tænkendes religion og giver dem al den personlighedens støtte, som disse fredløse naturer i det hele er istand til at opnå. - - Vor "religion" omfatter det hele liv. - - Al forskning er stræben efter så meget som muligt at nærme os mysteriet selv, altså - teologisk talt - gudserkjendelse. Og filosofisk talt: Verdensviljens selverkjendelse. Den er tillige "Guds dyrkelse", eller livstjeneste: tænkningen er nemlig også et av livets midler og våben. - - Overhoved får al menneskelig stræben religiøs forklaring. Det er livsviljen, som arbeider i alle dens former. - - Der blir også mening i systemerne og religionerne. - - Har man først anerkjendt det religiøse princip, bøiet sig - ikke blot resigneret overfor livsmysteriet, så kommer der nyt liv i mere end en af de gamle guder. - - Det dogmatiske har jo ingen betydning længer; hvad man overalt søger er religiøs løftning og selvfordybeIse."

 

Ein lyt tenkje på kva Johannes-evangeliet segjer um "ordet" (logos): "I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski."

 

"Religiøs løftning" kvar helst finn me den hjå Garborg? Jau, i Haugtussa, som kom ut same året (1895). Der fær han fagre solglyttar yver livet sitt. Og den eine av desse solglyttane er so klår og sterk at han lyser upp i heile bokheimen vår som "et fyrtårn i nattens drøm".

 

Det er songen um "Alveland" eg meiner. Det landet er vanleg "som sveipt i eim bak havdis grå", men stundom kann denne paradishagen "syna seg, når sol gjeng ned ". Og eg ser ei glitrande gjallarbru attgjenom tidi. Det er noko so gamalt kjent som kviknar i hugen. Ja, det er songen til presten Wexels: "Tænk når en gang den tåge er forsvunden", som hev nya seg upp att. Eg laut rekkje tankane attende heilt til Jesaja (k. 25, 7):

 

      "Avdekkje vil han på berget her
       sveipet som yver alle folk i seg breider,
       dekkjet som heidning-verdi er huld i."

 

Det var til stor kveik og studnad for Garborg, at no hadde han fenge auga på ei åndskjempe som han fyrr liksom ikkje hev set, ein mann som liktest honom sjølv i so mykje, ein av dei fåe som han laut sjå upp til med heil vyrdnad, Leo Tolstoi. I 1895-96 arbeidde han mykje med Tolstoi. Same hausten som "Læraren" kom ut (1896), skreiv han eit stykke um Tolstoi i "Syn og Segn". Både i "programmet" hans og i skodespelet finn ein same tanke-draget som hjå Tolstoi. Han skriv, at "Tolstoi kom etter at livet fær meining, når du nytter det til noko som det er meining i: til arbeid for å halda uppe livet. For det veit kvar og ein: livet vil halde seg uppe; alt livande vil liva." Og "si rette forklåring fær livet gjenom trui. Det er den som til slutt gjer live umaken verdt; ho la noko evigt inn i livet, gav det ei uendeleg tydning, so at ikkje dauden sjølv kunde gjera det um inkje eller riva det sund for oss. - - No galdt det, um han sjølv kunde vinna fram til denne trui; med andre ord: um han kunde finna att Gud. Ein ny lang strid måtte han her gå igjenom. Kjensla sa: Gud er til - -. Men tanken kunde 'kje finna nokon Gud. - - Men endeleg ljosna det - her gjekk han og kunde 'kje finna Gud, og so var det Gud som var sjølve livet. Hans eige liv, og alt liv. No hadde han røynt det sjølv: "berre eg minnest Gud, so livnar eg; so snart eg gløymer honom, døyr eg." Kva var her å leita etter? "Her er han, den Gud du ikkje kann liva forutan. Å kjenna Gud og liva, det er same ting. Gud er livet. Og berre du søkjer Gud i livet, so vil nok det vitna um honom!"

 

Her ser me for ein merkjeleg kongenialitet det var millom Garborg og Tolstoi. Når han sjølv på sine eigne tanke-vegjer kjem til "trui på livet", so kunde ein tru det var Tolstoi, og når han skriv um Tolstoi, kunde ein tru at han fortaide um seg sjølv.

 

Sameleis som Tolstoi må freiste å "finne att Gud", soleis leikar det ogso i hugen til Garborg at her lyt det gjerast nye granskningar. Han hefter seg då ved Jesu lære um at Gud erfaderen. Det som gjeld for honom vert då å finne att faderen, som er so reint burtgløymd. Og so byrjar han med å skrive um "Den burtkomne faderen," og dette emne vart til ei heil bok (1899). Tru ein då sidan kunde venta ei ny bok um "den attfunne faderen"?

 

I millomtidi var han komen inn i eit ånds-ver, som bles upp frå August Strindbergs"Inferno". Garborg vart djupt teken av denne "Faust frå vår tid ". Han skriv um boki i 1897, at Strindberg finn at lidingane hans må vera sende av usynlege makter, "det er løynde krefter av eit høgare slag, som forfylgjer han. - - Underlegt er det - - å høyre denne klåre sterke ånd tala or duldo, mulle i myrke ord um løynde, styrande makter, um vette og vardyvle som tuktar eller hjelper, - - um spådomar og sanndrøyming, um trolldom og varslande fyresviv. I det heile: Strindberg og Swedenborg! Er det ikkje eit stjerneteikn som kann gjeva oss eitkvart å tenkje på? - - Gjenom Swedenborgs helvite skal då Strindberg gå, til si upptukting og uppfostring. - - Den som hev øyro å høyre med, han høyre."

 

Denne kveiken frå Strindberg gjorde sitt til at Garborg no tok til å gjeva meir gaum på Draumkvædet, som Torvald Lammers song inn att i folk. Og so kom han til å taka upp tråden frå "Haugtussa" og tanken frå "Fred" og skreiv det nye draumkvædet vårt, "I Helheim" (1901). Og denne boki var verkeleg ei "selvfordybelse", ei sokning på undergrunnen i mannshugen, baksida av livet i dulde heimar, ei framsyning av saman-henget millom livet på jord og livet i andre heimen.

 

Då eg var på utanlandsferd i halvtanna år, bar eg med meg eit bilæte av Garborg som glima for hugen. Eg tyktest sjå han lik Veslemøy i Helheims-boki, stande liksom i eit ope glas og sjå mot rennande sol. Og eg høyrer han syng:

 

      "Der inn i det ljose rike med deg
       ei stund so gjerne eg vilde." -

 

Eg merkar han lyder på morgonhelsingi frå himmel-harpa

 

      "Uppe i Høgheim klingar Gud
       som verdi Var tonande strengir;
       det minste vek av den allheims samklang, -
       då vaks deg engle-vengir.

 

Otte-forviten venta eg på kor det vilde gå. Vilde engle-vengjer lyfta han mot Høgheim, so han kunde sjå klårare og syngje um "den attfunne faderen"? Eller vilde jordi maktstela han, vilde han stira seg sol-blind?

 

3. Meinvette.

 

Det gjekk ikkje som ein kunde ynskja. Meinvette la seg i vegen med harde og seige åtsokner. Dei hadde byrja alt um våren 1901 og heldt ved mest i tvo år. Garborg skreiv ymist um dette i brevi sine fil meg. Den 16. mai 1901: "Du hev rett: eg hev det godt, betre enn eg kjem i hug og mykje mykje betre enn eg fortener; men det er som ordtøke seier: den som ikkje er fornøgd med seg sjølv er kje fornøgd med noko."

 

Um sumaren ein gong skriv han: "Hev du ei skarve fele, du ikkje brukar, med minst 3 strengjer på, til klunking for meg og tidsfordriv? Eg skulde "kvile" liksom, men kan ikkje; det er so mange vonde ånder som plagar meg og aldri gjev meg ro, og dei tenkte eg skulde eg stundomtil kunne klunke frå meg, når eg hadde noko som det var aldri so lite låt i."

 

Han hadde vore ottesam for "Haugtussa", som han fyrst laut syna professor Moe, fyrr han våga å senda ho ut. Men endå verre var det med Helheims boki, som han reint ottast skulde vera "fåfengt skrivi." Då boki var komi ut, klaga han (i brev den 17. oktoder 1901) yver "alt det hjelpelause småsnakk, som Kristianialiteratar diskar upp med." Og i det heile kjenner han seg "so ille motlaus." Den 13. november 1901 skriv han: "Eg er ikkje fulldaud enno, som du ser; og det greider seg vel eit bil enno." Den 7. desember 1901: ,,- er noko skralvorin, - eg burde i det heile helst døy no. Men det lagar seg helst bakvendt for meg, veit du; og so fær eg laga meg til på alle vonir. Den bok-tanken som piner meg mest no, er den gamle: Eddatanken. Det vert meg verre og verre å bera, at Danmark og Sverig skal ha den eine umskrift betre og gildare enn den andre av dette vårt største norske dikt, og me hev ingen-ting - utan no ei dansk-norsk skule-umskrift. Eg hadde her sett mi von til deg, veit du. No vågar eg ikkje lenger å nemne det med deg. Og då fær eg vel kje fred, fyrr eg tek til sjølv - å freiste med fyri-arbeidi. Eg hev ein baktanke um, at dette kunde drive deg òg i veg. - - Det er fælt, at me hev målstræva i eit godt halvt århundrad og enno ikkje hevvår bibel: Edda.

 

Holven (Øystre Gausdal) 24-12-1901: "Eg vert meir og meir ubrukeleg til all praktisk gjerning og burde på Gaustad. - - Eg for min part tek til å lengte til - Danmark - i Århus eller Randers eller ein still litin by måtte ein kunne finne ein litin roleg, fredeleg stad, der ein kunde bu og vera i ro, og sjå have - - når ein ikkje dugde til anna enn å vera åleine; og so klore og grave med Edda-kvad og Åsmund Vinje osfr. Eg kann ikkje halda ut i Asker (som er verre enn sjølve Xia); og på Jæren kann eg kje få nokon til å stelle for meg. Det er denne rådløysa eg i denne tid gjeng og baskar med". Den 11. januar 1922 (frå Gausdal): "Jau her er fint. Og lett. Og ljost. Men her gjeng eg og sutrar. Eg er for gamal. Eg må til Jærs. Eg må sjå hav og lyngvidder og stor, stor himmel. Eg kjenner det no. Eg er vestmann.

 

Den 11. februar er det same motløysa, berre endå verre. "Ja. Blix slapp. At det ikkje heller kunde vori meg!" So uppgjeven hev eg aldri høyrt han. - Den 23. april kallar han seg den "arme trøytte tuslingen, - eg vert mest tullin." - Den 12. juni (frå Jæren): "Eg ligg her i Knudaheio. Um det kunde friske meg eit grand. - - Men når ein tek til å eldast som eg, er det ikkje alltid dei gamle rådine hjelper. Det heng vel ihop med, at eg hev vorti svært åleine. Og Schjøtt, som enno held ut med meg, er ikkje av dei som tek verdi lett."

 

Den 25. juli (frå Kolbotnen): "På Jæren hadde eg det godt, men fraus og kunde lite arbeide." Den 2. august heiter det: "Det gjeng som det kann her heime med, og langtfrå alltid som det skal."

 

Det var som han tagna av meir og meir utetter hausten. Og smått gjekk det med arbeidet. Eg hadde ikkje set Garborg på halvtanna år då eg med huslyden min kom frå Italia i februar 1903 og vilde vit ja han på Hvalstad. Han hadde gjeve seg reint yver, låg berre gjerandslaus og vilde ikkje sjå folk. Eg våga meg upp på loftet til honom likevel. Han såg på meg med halvopne augo, men jaga meg ikkje. Eg spurde korleis han hadde det. Å det var berre låkt det, det var ikkje stort att av honom no. Ein laut taka lagnaden som han var. Det var ikkje mykje me rødde saman, eg skyna at han helst vilde hava fred.

 

Me sat i stova under og tala. Og då det leid på kvelden, var det ein som kom taslande inn gjenom døri. Jamen var det ikkje Garborg, han hadde stige upp og klædt på seg og kom og sette seg stilt på ein stol, som um inkje skulde vera på ferd, og byrja å røda. Um ei stund tok han upp uret og spurde kor langt det leid. "Eg fær vel draga upp att klokka eg med no då", sa han. Ho hadde ikkje vore i gang på aldri so lenge.

 

Andre dagen låg han. Eg spurde um han ikkje vilde ut og få frisk luft. Nei det våga han ikkje, han var for veik til det. "Ja kom so berre ut på altanen, so fær du då kjenna", sa eg. Det var med stor naud at eg fekk han med meg. So sat me der og talast ved ein halv time, og han friskna til etter kvart. "Merkjelegt at eg ikkje hadde vondt av dette då," sa han. "Nei det er lufti som skal gjera deg god att," sa eg. Å nei, han trudde då ikkje det, at han kunde bli fullfør kar meir. "Kvar helst er det sjukdomen sit då? Hev du vondt nokon stad?" Ja det var ikkje so godt å segja, men han trudde helst det var som noko tannverk. Då laut eg læ og sa han gløymde slikt berre han kom seg i arbeid. "Ja, kva skal eg arbeide med då?" Det skal eg segja deg. Du hev skrive so mykje um Edda som låg deg so på hjarta, og du var rædd for at eg skulde sumle meg burt i so mykje anna, at eg aldri vart ferdug. Og no hev eg sanneleg sjølve teke til å fæle for det same. Det kann verta smått stell dersom eg ikkje fær nokon til å driva meg og hjelpa meg med arbeidet. Og det hev eg litt på, at når du hev lova meg det, so vil du halde det ogso." "Meiner du det kann vera nokor hjelp i meg, som kann so lite gamalnorsk då?" "Ja, kann du ikkje, so er du ikkje for gamal til å læra, les med Flo, som du skreiv um du vilde. Og so um ei stund kjem du upp til Einabu, der skal me umsetja Edda ihop."

 

Han svara ikkje noko større til dette, men tok då til å sviva ute kvar dag og fekk røyne at det gjorde honom godt. Då det leid på nokre dagar vart han med til byen og upp til professor Seippel, og hadde det so gildt. Seippel las upp for oss ymse stykke av det han hadde umsett av Mose-bøkene. Garborg lydde forviten og vart meir og meir uppglødd. Og den kvelden kom an [sic] heilt i gamle bragen sin.

 

Og no tok han smått um senn til å samla tankane og byrja å arbeide att. Plent etter hans eigi uppskrift gjekk det. Gjenom arbeid lærde han seg upp att til å tru på livet. Han las gamalnorsk med Flo nokre vikur, kom til Einabu, me arbeidde saman med Edda-umsetjing, og han friskna til att etter kvart, og um hausten gav han ut "Fjell-luft" (1903), ei samling av ymse gamle stykke.

 

Den gongen var det Edda og Bibelen som hadde berga han. Og 21 nye arbeidsår fekk han attpå. Ja, meinvetti laut sleppe taket. Men dei hadde herja han stygt, liksom tidlege frostnætter herjar ein grasvoll. Han vart døyvd og stogga i vokstren. Han hadde vorte gamal. Vengjene var brotne. Det var som han hadde mist samanhenget med seg sjølv, so han laut byrja på att, brjota seg nytt land. Det gjorde han på Knudaheio. Og boki hans derifrå "Knudahei-brev" (1904) var den fyrste nye etter uppstoda. Eit godt verk. Men det er å kalla ei gamalmanns-bok.

 

Litt um senn kom han likevel inn att i det gamle faret sitt, tankeringen kringum "Den burtkomne faderen", der det vaks upp på gamal åker nye vokstrar "Jesus Messias" (1906). Då han tok til å arbeide med denne boki skreiv han til meg so. Den 8. juli 1905: "Eg er so gamall no, at eg fær slå meg på teologien. "Den 25. oktober: "Eg vil sjå å få fram Jesus so klårt og sterkt som eg kann. - - Eg fær ikkje fred i meg sjølv, fyrr det er gjort. - - Det er det vandaste arbeidet eg hev vore uppi enno."

 

Boki vart som ei still å, berre av og til er det straum og glitrande foss, eit samlar- og tanke-verk. Sjeldan er det skalden syng gjenomglødd av den heilage elden hjå gudsmannen. Det var rasjonalisten som var komen fram att i Garborg. Og rasjonalisten er klår og fantasilaus med småe dimensjonar og hev ikkje plass for "religiøs løftning", ikkje stunder til "religiøs selvfordybelse". Han makta ikkje no som fyrr å søkkja seg heilt ned i emnet sitt og liva seg inn i miliøet. Skalde-spegelen hadde vorte dimm. Varme var der, men ingen eld; glod i hugen, men ingen loge. Nye idear og bokemne hadde han ikkje meir. Likevel kom då på ein måte den boki som eg hadde venta på um "den attfunne faderen". Men ho heiter "Heimkomin son" (1908) og er ikkje noko heilt nytt tiltak med store syner inn i den ævelege solglansen og med timjing av det viljesterke personlege andlitet til Gudsfaderen. Gjenom sonen ser ein då likevel inn i det gode varme fars-hjarta som hev umtanke for alle sine born. Og bonderasjonalisten hev mykje å læra oss. Boki er som ei still sluttning av tanke-straumen i "Den burtkomne faderen". Og dette vart å kalle siste boki hans. Det vart etter kvart lagt som ei døyvsle og gløymsle yver so mangt, soleis ogso yver programmet hans frå 1895, "Troen på livet", som ikkje kom med i samlingi "Straumdrag" (1920), men som no vil gjeva ein påkravd kommentar til ymist i dagbøkene hans, frå dei siste live-åri, då han drogst med sjukdom og motløyse og stundom var ferdug til å gjeva seg yver. Slike åtsokner kalla han i 1896 "anfektelser" og skreiv soleis i stykket sitt um trui på livet: "Tro er ikke viden; den er udsat for anfægtelse. Når på en mørk dag vore nerver er slidte, vor mave i uorden, vore forhåbninger skuffede, vore tvangsforestillinger af medmennesker mer end almindelig lumpne eller urimelige, kan nåden blive svag i os. Vor "tro" synes os ikke at være andet end optimismens forgyldte sky. Og vi siger til livet: du er alligevel et vrøvl, min ven. Imidlertid, er troen vel funderet, udviklingsmæssigt "tillevet", viser den sig mer modstandsdygtig end man skulde vente. Efter at have sturet en passelig tid, kan man atter slynge sit "Og dog!" i gabet på Leviatan. - - Også reaktionen har sin brugbarhed, og død og forfald hører med til livet ligeså vel som vekst og vår."

 

Garborg nådde aldri uppatt i jamhøgd med seg sjølv etter den store åtsokni i 1902. Men det gjekk honom som han skreiv: "Den religiøse antagelse av livsmysteriet giver - - forskeren arbeidsro. Han plager sig ikke længer med verdenshypotheser. Gudhengivent, roligt arbeider han på de foreliggende "små" opgaver, vel vidende, at en forsvarlig løsning af disse trin for trin skal bygge den trappe, ad hvilken høiderne alene kan bli at nå." Og ettertidi vil taka mot beste arven etter honom, når me med ålvor "søger religiøs løftning og selvfordybelse." For Garborg var i sin djupaste grunn ein religiøs natur, likesom han var ein religiøs bokskrivar.

 

 


Frå Norsk Aarbok 1924. Utgjevi ved Torleiv Hannaas. Bergen 1924. Side 125-136. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad