Helsing til Arne Garborg paa 60-aarsdagen hans

(Artikkel, 1911)

Av Steinar Schjøtt

"Skriv ein stubb um Garborg til 60-aarsdagen hans", sae skriftstyraren til meg. "Drag ut i "Blaaberget", sae eg; "eg fekk 3 for norsk stil til artium og hev aldri kunna skrive skikkeleg; eg er eit lands-riksmaalsamfibium som ikkje kan liva paa landet og som døyr i vatnet." So sae han og andre, som var tilstades, eg skulde; eg bar meg undan so godt eg kunde og kom med alle dei gamle visdoms-ordi eg kjende, um at ein fekk ikkje meir en halvonnor pylse av ein graa sau, at ein kunde ikkje vente meir en 3 merker talg av ein trebukk, og klembde paa med raudt haar og furuskog, som ikkje veks paa god jord. Det hjelpte ikkje. So vart det til det eg skulde freiste.

Midt i 1870-aarom var det ikkje rare greiurne med maalfolket. Vinje hadde lege 5 aar under torva; Ivar Aasen hadde røynt seg vel hardt med ordboks-arbeidet; Henrik Krohn var vonfallen, lengta ut til ein kultur som var ferdig og heilgjord, og han slokna ikkje lenge etter; i Fjørtoft brann ein heit eld, men han orka ikkje lenge og gjekk snart burt. Mangt eit godt frø var i jordi lagt, men me saag so lite til at det brydda.

Daa Werner Werenskjold skreiv i fyrste nummeret av "Vort Land" mot unions-framlegget, sette han til motto:

      land er heilagt
      er ek liggja sé(>: som eg liggje ser)
      ásum ok alfum nær.

Det var vakkert! Det var det landet me no vilde fram til. Ein liten glytt hadde me liksom fengi inn i dette landet; men me som daa livde, visste godt me slapp ikkje inn, det var nok ikkje snarspringande aa koma dit. Der stod me, utan førar, gjekk ikkje fram, men attende gjekk me ikkje helder, og ingen sveik. Me venta paa det skulde koma ein mann.

Og mannen kom. Det var i 1877, so raaka eg han. Det var ute hjaa Werner Werenskjold me fanst. Han var so gild ein mann, Werenskjold. Han var liksom stortinden - med ein skoddedott um; med sin store lærdom femnde han lenger en andre, sume tider truleg for langt au. Paa bordet hans laag ei fransk legende-bok um den heilage Genoveva, eit nytt tyskt matematisk verk, og ei svær skrulle av ei latinsk bok de philosophia occulta. Her saag eg G. fyrste gongen. Eg minnest so vel heile milieuet; men eg minnest ikkje eit ord av det som vart sagt, um me sae noko daa; men det kan vera det same; me visste forutan noko prat det som var den store hovudsaki: No skal me fram; for no var mannen der. Det var slik god kome [1] med denne karen; det var ikkje tvil i meg; eg visste det; no skal me fram.

Og fram bar det; det saag ikkje alltid so ljost ut, men som G. skreiv:

      Me finn oss vel eit daladrag,
      for, kjære, me lyt fram.

I 1860-aarom fekk me inkje for arbeidet og laut jamvel betala attpaa og binde skuld. Eg hadde ikkje so lite skuld aa dragast med. Men daa G. kom, hadde folk so god tru til honom, og det vart slik snunad, at eg trur eg kan rekne eg sidan hadde minst 20-25 øyre timen for det vesle arbeidet eg kunde gjera, og det var ikkje lite for maalmanns-arbeid i den tidi.

I 1877 kom "Fedraheimen" ut, og G. sleit hardt med han; fælt faae var det som kunde hjelpe til. Eit par aar etter, trur eg det var, skreiv han til meg at det var berre 3 mann, som han hadde noko større hjelp av, det var ei svensk dame, ein lærar nere i Smaaleni og ein student som kalla seg Bjug; sidan fekk eg vita rette namnet hans: Ivar Mortensson.

Og tidi ho leid og ho skreid, ikkje vart det noko til livemaate for G., og ikkje vart det noko større av han, skulde han halde paa med dette bladslitet. Ivar Mortensson tok bladet, og G. kom seg upp paa diktar-folen og fekk sjaa seg um i verdi. Vaaren 1886 vende han heimatt fraa utlandet; fraa Fredrikshald var me i fylgje paa toget, og me kom til Moss. Eg hadde vore fleire gonger paa Moss; eg hadde høyrt gjeti ein mann "som var fødd paa Moss men av hæderlige forældre"; elles hadde ikkje eg lagt større merke til nokon ting der, korkje vondt eller godt; med ein gong sette G. i - han kom rake vegen fraa Paris -: nei kor væne damurne er her! dei ser likso fine ut her som i Paris! Gudskjelov, tenkte eg, han snobbar seg ikkje; no kjem han til aa taka paa att med mod og magt!

Og han tok paa att. Og han fekk seg ein liten baas i - statens fjøs. Og han var framtalande og dulde seg ikkje. I 1887 vart han sett paa dør. Der stod han. G. lagde dette saart paa seg. Kor mykje den norske diktheimen tapte paa dette, vil aldri nokon kunna segja; eg trur det var mykje.

Eg minnest so vel, daa Vinje fekk døra-skyss av ministeriet Stang. Eg kom inn til Vinje eingong ei tid fyrr; han sat og skreiv, daa eg kom, og eg vilde ikkje uroe han og heldt paa vilde gaa min veg. "Nei ver her," sae Vinje, "skal du høyre," og so las han upp dei fyrste versi av eit dikt han heldt paa med:

      Eg vandrar ut, ver med meg du,
      og ikkje heime sit!

So slo han ut med den eine handi og snudde seg halvt imot meg, og ei diger taare rann ned etter kinni. Fyrste gongen eg var i lag med Vinje var paa Kongsvinger. Dagen etter drog me til Kristiania; paa Lillestrømmen bad han meg um kaffi; han aatte ikkje kongens mynt aa kjøpe seg mat for. Det var nok ikkje sjeldan han laut vera forutan middagsmat, og so gjekk han inn til ein kjenning um kvelden og bad um smør og brød; daa aat han som ein skrubb.

No var daa G. au komen "paa kaldan klake". Av landsmaalet kunde han ikkje leva, so laut han fø seg med aa skrive paa "bokmaalet", som me sae i den tid. So bikka han lenge millom landsmaal og bokmaal; "Fedraheimen" miste tingarar og vart meir og meir radikal; so flutte "Fedraheimen" til Tynset til ei gamal stugu der; sidan til Skien; der kom siste nummeret, paa gloande raudt papir. So vart endelykti den gongen, ingenting var att so nær som gjeldi.

Det gjekk 9 aar, som eg aldri saag G.; eg tenkte det var slutt paa maalreisingi; eg sagde upp dei fleste av dei blad eg heldt og tok engelske i staden, las engelsk literatur og av "norsk-danske" bøker berre so mykje som eg hadde bruk for paa skulen.

Men det var ikkje slutt. Det som var saatt, tok til aa gro, her og der synte det seg grøne straa. Det tok snart til aa bera frametter paa nytt lag, G. fekk diktarløn, han kunde heilt ofre seg for landsmaalet og si diktargjerning, og i 1890-aarom tok dei paa og innførde landsmaalet paa skulen.

Mest kvar maandag i dei siste 10 aar hev eg vori ute hjaa G. paa Hvalstad, naar han hev vori heime. Og dei kveldarne tregar eg ikkje paa. Men hev nokon tenkt eg skulde skrive um det me daa hev for oss, so segjer eg nei. Det er ikkje tider til slikt no; det smyg tjukt med revar paa Zions berg, og det er betre aa tegja en tarvlaust tala. So mykje kan eg segja, at G. ser tvert igjenom folk, men han sjølv er ikkje grei aa grynne [2]. Han hev so djupe røter i Jærens gamle jord og i gamle longe framfarne tider. Der som Nordsjøen i vaare dagar ber skipi paa sitt breide bak, der gjekk kanhende forfederne hans Garborg paa løve-veiding. Eg hev stundom fengi den tokken, at det er ein urgamall arv i honom og at me andre er liksom fraa igaar.

[Notar:]
[1] Vindende væsen, tillitvækkende ytre.
[2] Utgrunde.
 
 

Frå Syn og Segn 1911. Oslo: Det Norske Samlaget 1911. Side 65-68. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad