Skildringar fraa Italia.

Av Kristofer Janson
 
I.
Um Italia-Folket.
 
[Del 1 av 25]
 
Det er skrivet so ofta um Italia, at Folk mest kann vera leid det. Difyre gjøymer eg meg bljugt her ned i Kjellaren til "Fedraheimen." Ogso vonar eg det, at Bonden inkje er heilt so "kritisk" som Bymannen, og det er fyre Bonden, eg no skriv. Mangt av det, som kann vera gamalt og velkjent fyre Byfolk, kann endaa vera nytt fyre Bonden, som inkje heve leset so myket.
 
Det smakar velsignat at koma ned til Italia, naar ein er trøytt av Røyken og Vognramlingi og alle dei stive, kjeidsame Andlet i dei store Fabrikbyarne og Handelsbyarne og Hovudstaderne i Europa. Det er som du er komen dettande ned i eit nytt Vidunderland. Alt er Liv og Leik og Song, naturfriskt, som det var runnet ut or Skaparhandi den Dag i Dag. Den nye Tidi gror upp or den gamle og tekkjer den gamle, liksom Klengegraset tekkjer dei morknande Leivningarne av Tempelbogar og Marmorsulor, som stinga seg upp or den saga  rike Grunnen lik Kjempeknokar av den gamle Stordomen. Attmed dei velduge Minnesmerki etter Heidningatidi, stinga nye, fine Kyrkjor sine granne Taarn upp i Skyi. Bonden bind syngjande Eslet sitt i Durhamaren til Marmorborgi, der Keisardotteri gjekk i gamle Dagar med det staselege Fylget sitt, lavande av Gull og Silke, og den kolutte og sotutte Arbeidskaren vaksar Kroppen sin i Marmorkumma midt paa Torget, der Vatnet spring or Sneglehuset, som Havmannen bles. Kvar liver som han vil, og som han kann. Og yver dette brokutte Folkelivet fraa gamall Tid og fraa ny Tid, kvelver seg den skire, blaae Himmelen, fillutte, brune Born springa fram millom Apelsintrei og Druvelauvet, som heng i lange Faks fraa Tre til Tre. Italia er som ein stor Blomduk. Det gjeng fraa Rosa til Lilja, og fra Lilja til Tiritunga, aldri det same og altid rikt og fagert. Det er eit evegt skiftande Andlit, men same Hjertaslaget i alt. Dei store Byarne der, Milano (Mailand), Firenze (Florens), Roma og Napoli (Neapel) hava alle sitt Sermerke, so ein snaudt skulde tru, dei hadde sameFa'r og Mo'r; men naar ein heve voret der ei Stund, kjenner ein Italiamannen atter med alle sine Dygder og sine Lyte. Men nettupp dette Skilet paa dei ymise Landsbolkarne, detta at du paa eit Par Miler kann liksom detta ned i ei onnor Verd med heil annan Bunad, gjerer Landet so forvitnelegt at fara i fyre framand Mannen.
 
Naar ein inkje tek med Byggverk og Kunstverk, so er dei nordlege Byarne i Italia mest like dei andre Hovudstaderne i Europa. Her er Fabrik, her er glimande Buder, Vogner fara gjenom Gatorna, Folk sviva upp og ned so annsame, at dei sveitta. Her er Sprettar med kvite Hanskar og grønn Stav, her er "Damer i Silke og Fløyel, i store Sprikestakkar og langt Drags paa Kjolen"; alt paa Gata, i Hus og paa Torg er tilbutt etter nyaste Smak og Vis. Ein kann sjaa, at Folket heruppe, Piemontesar, Lombardar, Toskanar, alle stræva etter at fylgja med si Tid, at Folket er lett og livande og onnugt, at her er Rikdom og Velvære. Giv ein seg i Samsnakk med deim, skal ein høyra, at dei veit myket meir enn hine Italienarar, at dei er frilyndte i sin Tenkemaate og inkje ottast fyre at segja sin Meining. Er det eitkvart, dei mislika, taka dei seg snøgt til Rettes. Det er motne Folk, difyre er dei og hæve Soldatar, og det er dei, som Italia mest skyldar Fridomen sin.
 
Ein Lyte hava dei, og det er, at ein heil Hop av den beste Ungdomen der, er reint vantruande. Detta heng og i Hop med det, at dei vil frigjera seg, hava Lov til at tenkja og lesa, kvat dei vil. Paveoket, som vil tyngja ned, stengja ute all Kunskap og Upplysing, halda Aalmugen nede i Faa  kunna og Vankunna, heve kvilt tungt paa deim. No er Fridomen komen, og so mange Bond løyste. Den nye Tidi heve med sin Ande blaaset nytt Liv i alle Ting, og difyre kann ein inkje undrast paa, at Folket inkje gjerna vil bøygja seg under Paveoket atter, solenge Paven kaller Fridomen deira Djevelskap og lyser Kongen i Bann. Og fyrr kann ein faa ein utkjøyrd, gamall Øyk til at springa som ein Ungfole, fyrr ein kann faa Paven til at brøyta somyket som ein Tytel paa Læra si elder paa gamle Visi. Daa dei no inkje kann faa Læra reinskad, men skal tru paa dei Heilage og deira Bein og paa alt Preste-Paafunnet likso fast som paa Vaarherre sjølv, so giva dei Kyrkja og Læra ein god Dag og sparka til heile Greida.
 
Soleides gjeng det til, at Garibaldi, ein av dei gildaste Menner, som hava livt, inkje fullt ut trur den kristne Trui. Han heve vigt heile sitt Liv til at strida fyre Fedralandet sitt, fyre Fridom, fyre Skular, fyre betre Gjerd paa alt Slag baade det likamlege og andlege, og so heve han paa kvart einaste Steg, han vilde fram, møtt Prestar, som banna honom og Strævet hans som Djevelens Verk. Kann ein daa undra seg paa, at han kjeid vender Ryggen til det alt i Hop.
 
Fer ein so norantil og kjem til Roma, so er det nett, som ein var flutt nokre Aarhundrad att i Tidi. Alt er her paa sitt gamle Lag, Gatorna skitne og myrke, Folk trege og late, Husbunad og Klædebunad og Stell nett som i gamle Dagar. Paa Aakren bruka dei den same laake Plogen, som Forfederne brukad, Maskinverk til at letta Arbeidet kjenna dei litet til, litet reinslege er dei, og kann dei sleppa at arbeida, gjera dei no helst det. Hava dei arbeidt so pass, at dei hava Maten til den Dagen, so driva dei daa Resten, tøygja seg paa Hella i Solskinet og kjæra seg inkje meir um den Dagen i Morgon, enn um han aldri til var. Det er som alt her i Roma skal vera paa Tverke. Folk vil no gjerna hava det reinslegt og fint paa Gatom, baade fyredi det er sømelegt og helsesamt, og so slaa dei ofta upp paa Gatehyrnom Tillysingar um, at ingen maa kasta Rusk og Bos ut paa Gata. Men her i Rom, her slaa dei upp Tillysingar um, at ein kann leggja Rusk og Bos paa Gata, somyket ein vil, etterat det er Kveld vordet. Meiningen er daa at kjøyra burt desse Bosdungarne um Natti. Men daa Kvelden dernede byrjar Klokka 6 paa Lag, hender det tidt, at du kann snaava yver store Søplehaugar midt i Gata, naar du gjeng heim i Myrkret, og stundom kan du og sjaa smaae Baal brenna burtigjenom Gata. Det er daa Rusk og slikt, som no heve leget der og rotnat altfor lenge, og som dei daa setja Eld paa. Ein kann no og tenkja seg, at inkje alt detta verd burtkjøyrt um Natti, og so ligg daa Kaalblad og Surp slengjande midt paa Gata ljose Dagen. Eg vil noinkje nemna, at det paa sume Stelle, mest i Smaaabyarne i Fjellbygdom, inkje finst Avhus, og daa ganga dei paa Gata med det alt i Hop, so ein lyt treda vart og slett inkje koma upp til Hustrømen, um dei inkje vil fara upp i det verste, som til er. Skal ein inn og skoda paa ei elder onnor merkeleg Leiving fraa den gamle Tid, kann det henda, at ein lyt hava seg ut atter som snøggaste berre fyre Utev.
 
Skal dei turke Ploggi sine, so hengja dei deim ut paa Husveggen, elder so spana dei ei Snor paa tvert yver Gata, so du kann ofta ganga liksom under eit Tak av Skyrtor og Buksor.
 
Ein annan Ting, som Roma skil seg ut fraa alle andre Byar i, er det, at Folk faa Lov til at tigga, so myket dei lysta. Der som Styringi vil hjelpa dei fatige, gjera dei det daa paa den Maaten, at dei skaffa dei arbeidsføre Arbeid og byggja Fatighus til dei andre; men her faa dei berre ei diger Sylgja paa Bringa, som syner, at dei hava Lov til at tigga, og so plaaga dei daa Folk, kvar ein kjem, ved Kyrkja, paa Gata, ved Matbordet. Og det er store, og det er smaae, Mannfolk og Kjeringar og Born. Og giv du fyrst til ein, so heve du heile Flokken etter deg, suttrande og gnagande, til du er so heppen at faa smetta inn i til Hus. Vanføre Folk med dei styggaste Sjukdomar  ganga lause her, snart stinga dei upp i Nasa di ei raud Kjøtslintra til Arm dinglande under Kaapa, snart syna dei fram ein Fot, truten av Boldar og Saar. Mange af desse Tiggarar er rike Folk. Soleides er det ein Mann, som dei kalla Beppo. Han heve mest inkje Føter, men ligg og karar seg fram paa Henderna. Han heve gift eine Dottersi burt og givet henne i Heimanfylgja fleire tusund Dalar. Han kjem ridande til Tiggarplassen sin paa eit Esel og rid heim atter um Kvelden med mett Luma. Naar ein neisar honom, at han, som er ein rik Mann, vil liggja soleides og stela Pengar ut or Luma paa Folk, svarar han berre med grøtelegt Maal: "min Herre! eg heve endaa ei Dotter at gifta burt."
 
(Meir).
 

Frå Fedraheimen 13.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum