Høgskuleferdi til Danmark.

[Del 2 av 4. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
Paa Mors hev dei rett ristat av seg den vanlege stive Kyrkjehamen, so Kyrkjefolket ikkje stend som Sokn, men som Menigheit. Ikkje paa den Maaten, at dei heve snutt Ryggen til Folkjekyrkja (Statskyrkja), men soleids at Menigheiti heve fenget Rom i den. Detta er Frukti av det sterke frie Kristenliv, som braut fram med Grundtvig. Valmenigheitslogi, som gjev Retten til aa samna seg til Menigheit utan aa bry seg um Sokn elder Folkekyrkjeprest, kom ved eit av desse lukkelege Tilhøvi, som Vaarherre eig nok av, naar dei berre tarvst. Vilhelm Birkedal vart sett av, fyrdi han hadde sagt Sanningi um Riksstyret; men Folket vilde hava honom til Prest likavel, og han laut til. Fyr at han og hans Menigheit daa skulde koma inn under logleg Skikk, løyste Riksdagen Bandet. Valmenigheiti paa Mors og i Ty er komi fram paa den Visi, at Kristenfolket av same Meining heve lagt seg saman til ei Sokn, og so bygde dei den fagre Ansgars-Kyrkja si paa Mors, og deretter var det aa faa ein Prest til aa tena den Menigheiti, som var. Um Sundagen var me i Ansgars-Kyrkja. Slik ei fin Kyrkja kunde vera uppkostad av Smaafolk berre? Ho var mykje større enn dei andre Sokne-Kyrkjurne. No var ho prydd med Danske, Norske og Svenske Flagg, som hekk der millom Bøkegreinerne. Eg maatte tenkja etter, um sovoret var moglegt i Noreg. Altartavla var det raadlaust annat enn merkja seg. Ho er maalad av Maalaren Dalsgaard og er blid som eit Evangelium. I vaare Kyrkjur er det jamleg myrke, tunge Bilæte aa sjaa paa Altartavlurne. Her er det eit barn, som vert døypt. Ei Kvinna ikkje ei Grekisk elder Jødisk, men ei Dansk, med langt gult Haar - held det vesle Barnet fram. Ein ung Munk døyper det, og ved Sida hans stend ein annan Munkog held Krossen med Kristus-Bilæte yver Barnet. - Preikestolen var lagad som ei Blaaklokka. Eg vart reint forbinad, daa eg saag, kor beintfram og naturlegt alt gjekk til i denne Kyrkja. Alt detta uppstivde saag ein ikkje likt til. Det var som i ein kjærleg Heim, der alt skapar seg sjølvt etter Høvet. Men daa Presten Rasmus Lunde steig fram, fekk me høyra, kvat fyr eit Rosenbaand dei Danske eig i Morsmaalet. So lika til og heimslegt heve eg endaa ikkje høyrt nokon tala um Guds Kjærleik. Eg tykte eg kjende og kjenner det no meir kvifyr Prestarne vaare stend so kalde i Kyrkja, traass deira varme Ord, og traass det, at Sveiten ofta silar av deim. Denne Valmenigheti gjerer mykje godt, kunde eg skyna; ho stend og peikar paa den kristelege Fridomen, so Folkekyrkjemenigheiterne kjem meir og meir med. Dei Danske Prestarne var plent som andre Folk. Ein av oss Nordmenn tok ein Dansk Prest fyr aa vera Husmann. Prestarne sjølve sagde, at dei maatte faa læra den Tingen aa verta Folk nedanfraa.
           
Kl. 3 um Dagen kom me saman med Danskarne til ein Folkefest. Det vart so mange, at det var raadlaust aa finna Hus stort nok. So heldt me til i Grusgravi ved Prestbru. Det var som ein liten Dal. Rundt ikring veiftad Danebrog. Inn til Samnings-Staden førde ein Ære-port, som helsad: Velkomen! i Blomar. Uppyver hekk dei 3 Nordiske Flaggi; Danebrog var i Midten. Framfyre Talarstolen hekk dei Nordiske Flaggi paa same Maaten. Det Norske var baade Stader reint, og at me i Hjartat takkad Danskarne fyr detta, tarv eg vel ikkje fortelja Nordmenn. Det var so det urde med Folk, um Lag 1700 Merkje vart udselde, men elles sagde dei det skulde vera ikring halvtredje Tusund Menneskjur. Fyrst steig Høgskulestyrar Paulsen-Dahl fram og bad oss Velkomne i varme Ord. So song me ein Song av Presten Lund; Slutten lydde so:
 
Lad kun Lykke-Skuden smukt
Løbe ind med Eders Frugt.
For han melder klart og lydt
Nordens Aand, som staar i Stavnen:
Naar I trives norsk og frit,
Vokse I os just i Favnen.
 
Saa skal under bange Kaar,
Som de findes end i Aar,
Livet, som vi fik af Gud,
For vort Øie sødt forjætte
Hele Nord som Konge-Brud
Med dets Fjeld og lave Slette.
 
So fortalde Lund Draumen hans Halvdan Svarte og lagde honom ut. Etterpaa song me ein annan Song, som var diktad aat oss. So skulde me melda um Livsens Gang hjaa oss heime. Ullmann heldt daa eit Fyredrag um Livsstraumen i Landet. Under detta greidde han ut um fleire Saker, soleids Høgskulesaki, Maalsaki og Flaggsaki. Høgskulelærar Søren Olsen fortalde Soga um Fredriciaslaget med Olav Rye som Hovudkulten, sterkt og fint. Til Slutt tok me av Hovudploggi og let dei falne fara framum. Folkekyrkjeprest Nygaard talad fyr den livande Upplysning. Eg fortalde paa Norsk um Ungdomslivet hjaa oss, slik som det hadde voret, som det var, og som eg vonad det skulde verta. Etter detta fekk eg Namnet Maalstræveren, og det fylgde meg sidan, kvar eg kom. Det var berre dei meir boklærde, som fann riktig Samanhengen, fyr dei andre slitnad det sund, rett som det var, sagde dei. Sidan skynad dei Maalet betre. Folketingsmannen Chr. Ravn fortalde Draumen hennar Ragnhild, Kona hans Halvdan. Ullmann talad sidstpaa um Sud-Jutarne. Mange sterke og gode Ord vart talade paa detta Møtet, og dei glade venlege Andliti gjorde sitt til aa gjera Møtet til Fest. Og so dei sterke Hurra! Danskarne dundrar vel ikkje slik paa, naar dei ropar Hurra, som Nordmennerne, men di held det lenger ut, og det høyrest so trufast. Drykken og Maten var det ikkje, som skapad Festgleda her, for han fanst ikkje.              
 
( Meir.)