Hybrideleg sjølvgransking

(Essay, 2005, utdrag)

Hunden og Eg
 
{min første artikkel 1)
 
Eg har i det følgjande tenkt å vise korleis meininga med livet openberer seg i ei flerrande flenge på botnen av bøkene eg stadig les av Eva Jensen. Dette skal eg gjere gjennom ei djuptgripande tolking av romanenDen rolege gule hunden med brillene.Eg finn at eg, grunna plassmangel, må halde meg til den delen av romanen som handlar om hunden; den som «er for det første gul, dernest roleg» og «einsleg far eller mor». Eg skal vidare legge vekt på at hunden har ein praktikant buande hos seg, og at den etter å ha blitt «drita lei av den nye kjernefamilieidyllen» reiser til Roma. Hovudpoenget i framstillinga mi skal vise til sekvensen der det rablar så kraftig for hunden at den seier «Ooo- oouuuuuuuu» («uendeleg trist uler denne hunden dette»), og at den sidan diskuterer ein bit av LITTERATUREN

 

 
1)Det var Kristine Næss som ville at eg skulle skrive ein artikkel i Vinduet. Eg var svært skeptisk, men lét meg overtale. Sidan har eg stort sett sagt ja til alle som har spurt, same kva dei ville eg skulle skrive om.
    Denne teksten skrik etter i det minste mild bearbeiding, men eg har tvinga meg sjølv til å (la skrivefeil, masete språk, oppjaga argumentasjon, jålete teiknsetjing og ditto avsnittsmarkering vere, og) la han fa sjå ut slik han gjorde då han blei trykt. Eg trur ein med noko rette kan hevde at slik som andre skriv den same romanen om att og om att, så skriv eg den same artikkelen om att og om att. Ikkje lét eg meg affisere av at dei fleste andre har tatt eit oppgjer med postmodernismen heller.
(Mattis iFuglaneav Tarjei Vesaas) på ein framifrå måte i lag med to stipendiatar.
    Eg skal legge dette fram på ein begeistra måte som opnar for forståing og aha-opplevingar, og for å understreke poenga mine ytterlegare skal eg kome inn på hundens tolking av filmen «Bambi», samanlikne hundens poetikk («Jeg ville vise at man kan riste på hele hodet slik at håret fyker rett ut») med måten eg-et i første del tek opp «kvardagslege» problemstillingar på, som t.d. «Det å skulle dikte opp nokon. Det å skulle bygge ut ei slags betydning, noko betydningsfullt ut av dette.»
 
Etter ei slik innleiing skal det verte lett for meg å forklare kvifor raritetar og ekstrem eigenrådigheit seier noko allmenngyldig til meg og heile verda; lett å forklare kva ein kan lære om å skrive, lese, tolke, leve; lett å vise korleis Eva Jensen sin måte å gjere det på er sannast, best, mest morosamt og alvorstyngjande bordbankande fasttømrande. Det vil verte tydeleg for einkvar kvifor det er ekstra viktig at labben til den gule hunden er ein labb, og ikkje ein neve, der den ligg, på skuldra til praktikanten, mannen i 80-års- alderen; kor viktig at det er einhundsom legg labben sin der og seier at han aldri skal gjere det meir; kva det tyder atdeter å rime av frysaren når praktikanten skal dusje.
 
Dette far eg imidlertid ikkje til. Eg kjem tilkortviser det seg; eg vert berre sitjande og tenkje «hundens gulhet, hundens hundhet, egets eghet», sitjande å skrive det ned, sitjande;eg har ikkje meir å komme med.'
    Eg vert redd; eg har kanskje ikkje skjøna noko, og det er jo noko tydeleg der; noko som er så lett å skjøne at det er pinleg å ikkje kunne utdjupe det ytterlegare. Så eg går bort til Olaug Nilssen (ho har nemleg mellomfag i litteraturvitskap, dei som har det, bør vere i stand til å på ein enkel måte forklare kva og korleis romanar betyr) og seier:
    - Olaug, kvifor erDen rolege gule hunden med brilleneden boka i verdslitteraturen som best utdjupar forholdet mellom fiksjon og røynd, tekst og tolking, liv og skriving, trass i at den har ei underleg tilsynelatande uhandgripeleg form og dermed utelukkar ein god slump potensielle lesarar?
    - Gjer den det? seier Olaug.
    - Ja, seier eg, med eit forventningsfullt blikk, og Olaug tenkjer seg om ei kort stund før ho byrjar å skrike dette:
    - EG MEINER DET VAR SOL DEN DAGEN!
    Etterpå smiler ho, skikkelig glad.
    - Kva, seier eg.
    - Eg meiner det var sol den dagen, forklarer ho.
    - Olaug! Det der er slutten på eit av dikta idebutsam.-linga til Eva Jensen, seier eg oppgitt.
    - Eg veit vel dèt, seier ho før ho kvesser auga, borar dei i meg og slår ut med handa i ein dramatisk vipp og skrik igjen:
    - DØD! KVAR ER BRODDEN DIN?, og så teier ho og faldar hendene salig framfor seg på bordet.
    - Jamen Olaug, seier eg.
    - Eg trur ikkje det er meir å diskutere, seier ho, først nølande, så ettertrykkeleg.
    - Men både du og eg veit jo at dei tinga du sa der er slikt som Eva Jensen har skrive, og at det er slikt som både eg og du likar så godt at vi kviner av begeistring. Men sett inn i ein samanheng: Korleis tyder det? Heilt eksakt, meiner eg; korleis? Kva; korleis?
    - Det er ikkje noko å diskutere, seier eg!
 
Eg vert skuffa. Det er altså slik for henne, tenkjer eg, at ho ikkje vågar å uttale seg om kva som ligg under der; at ho ikkje skjøner «nokon ting» der ho sit, i all sin ærlege ungdommelege entusiasme over regelbrota og vrenginga og henvisningane til Den Reelle Verda. Eller at ho ikkje skil- nar dansaren frå dansen i den forstand at ho vil VERE i litteraturen; særleg i den sære litteraturen; særleg iDen rolege gule hunden med brillene,som er favorittboka hennar. Men skal det liksom veregreittå berre sitje oglike,skal det veregreitt å.ikkje oppretthalde eit visst kritisk skjøn; skal det vere slik at god og underleg litteratur blir konsumert på same måte som når ein ser på Hotel Cæsar og rasande hiv peanøtter på onde Loke? Eg vert sint i stemma:
    - Olaug! Ser du ikkje at det einaste du gjer er å bliopp- rømdav favorittforfattaren din, favorittboka di, favorittin- spirasjonskjelda di? Du er meg ein fin kvasi-filosofisk, lesar-forherligande egosentrikar der du sit! Meiner du at kva som helst skal kunne bli rekna som ei viktig oppleving? Kan kven som helst la kva som helst vere viktige opplevingar når som helst ... ånei, dette blei visst ...
    Olaug smiler stolt, og legg handa forsiktig over mi hand, før ho lagar digre gestar og slår i bordet:
    - Utan trivialitetar stoppar særheten! Litteraturen, kunstens, uttrykkets viktigaste funksjon er å leve vidare i hovudetmitt.Forklare meg her og forklare meg der, det skal vel gjerast det og, men det er den forvrengte framstillinga som gjev størst spelerom for meg i fantasiverda mi. Når praktikanten er på veg til dusjen og står der og er mørk som ei tordensky med ein gul hundelabb på skuldra si; då har han rosa badekåpe, for det hareg,men det er ikkje det som er poenget. Dette er ein tekst som spelar med meg! Det er ein tekst som gjer kva faen den vil, og det gjer eg og, i kjølvatnet og på alle slags vis. Vis meg innmaten i ei rar bok, og eg skal seie meg leven eg er nett no! Forvrengt! Salig!
    Eg! Eg! Eg!
 
Ja, jøss!
    «Det å skulle tillegge det heilt alminnelege betydning fordi ein byggjer det ut og lar det bli til noko».                                                                                                            
                                                                                                             (Vinduet nr. 3/1999.)
 
 

Frå Olaug Nilssen:  Hybrideleg sjølvgransking. Det Norske Samlaget 2005. Side 31-34.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2011.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.