Beate stiller opp for Blix
Foto: Egil Hansen

Beate stiller opp for Blix

Måndag morgon møtte dei tilsette i Ivar Aasen-tunet dårleg nytt i innboksen. Skodespelar Frank Kjosås må diverre avlyse dei komande konsertane i Volda, Jølster og Ulvik. Då hasta det å finne ein erstattar. Betre utfall enn Beate Slettevoll Lech, sist kjend frå Stjernekamp, kan ein knapt tenkje seg.

I konsertbransjen kan det alltid dukke opp overraskingar. – Når slike utfordringar kjem, gjeld det å hive seg rundt, halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert. Heldigvis er det ei fleksibel gruppe musikarar som kjem til Volda torsdag, og Beate Slettevoll Lech er både raus og imponerande når ho vil stille til desse konsertane på så kort varsel, seier programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik.

Førstkomande torsdag er det konsert med ei heilt ny gruppe, med bandleiar Tore Brunborg i spissen, i Volda kyrkje. Høvet er ei feiring av 150 år med Elias Blix-salmar og den nynorske salmetradisjonen. Skodespelar Frank Kjosås har sett seg nøydd til å avlyse i siste liten, men blir altså erstatta av Beate Slettevoll Lech, som er kjend frå gruppa Beady Belle, og frå fjernsynsprogrammet Stjernekamp denne hausten.