Fylkespartia seier ikkje kva dei meiner om språk
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrumFoto: Nynorsk kultursentrum

Fylkespartia seier ikkje kva dei meiner om språk

Nynorsk kultursentrum har kartlagd kva partia meiner om språk i fylkestingsvalet.

– Valresultatet seier lite eller ingenting om kva som skjer med språkpolitikk i fylkestinga dei neste fire åra. Di meir kontroversielle tema di mindre sannsynleg er det at partiet har programfesta kva dei meiner om det, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark.

I dag, ein månad før valet, lanserer Nynorsk kultursentrum skriftet Den som teier, samtykkjer kanskje. Språkpolitikk i fylkestingsvalet 2019. I dokumentet er det oversyn over kva alle parti som stiller liste til fylkestingsvalet meiner om språkpolitikk i kvart fylke. – Dette er inga tilråding om kva ein bør røyste i valet, men eit opplysingstiltak om kva partia meiner om språk i valkampen 2019. Språk kan vere ein del av til dømes opplæringspolitikken, kulturpolitikken, forvaltningspolitikken og integreringspolitikken, seier Sandsmark.

Les skriftet Den som teier, samtykkjer kanskje her.

Uklare frontar

I alle fylke utanom Vestland og Møre og Romsdal vil minst eitt parti søkje staten om å forsøke valfri sidemålsordning. Ulike fylkeslag av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Framstegspartiet har programfesta å søkje om å gjere sidemål til valfag, innføre éin karakter i norsk skriftleg eller å kunne byte sidemål med samiskundervising. – Samstundes er det ingen parti som forsvarar sidemålsordninga. Dei som er opptekne av å stanse slike forsøk har derfor ikkje høve til å vite sikkert kva dei kan røyste før valet, seier Sandsmark.

Sjølv stader der det er reell strid om språkpolitiske spørsmål gjer partia sjeldan greie for kva dei meiner om spørsmålet før valet. I Møre og Romsdal har Sosialistisk Venstreparti programfesta å halde på nynorsk som administrasjonsspråk og Høgre vil avvikle det, men ingen andre parti har programfesta noko om dette. – I praksis har dei fleste partia privatisert språkpolitikk til einskildrepresentantar. Kanskje gjer dei det fordi dei ikkje klarer å bli samde, og kanskje gjer dei det fordi dei ikkje ser på språkpolitikk som viktig nok, seier Sandsmark.

Forstår språk som kommunikasjon

– Stort sett argumenterer partia for kommunikasjon i språkpolitikken. I nord argumenterer partia for at ulike tenester skal kunne kommunisere på kvensk/finsk og dei samiske språka med brukarane sine. Nokre parti argumenterer også for betre tilbod på teiknspråk og fleire trekkjer fram at nynorsk- og bokmålselevane må få like gode digitale læremiddel, held Sandsmark fram. Han viser òg til integreringspolitikken der berre nokre få parti trekkjer fram fordelane med språkleg mangfald, men mange skriv om kor viktig det er å «styrke» norskopplæringa.

Det finst unntak for synet på språk som først og fremst kommunikasjon. Vestfold og Telemark Venstre argumenterer for at ein språkbruksplan også må sikre gode bruksvilkår for teiknspråk i tillegg til bokmål og nynorsk. Kultur- og identitetsargumentasjon for samisk språk er mest tydeleg hos Arbeidarpartiet i Troms og Finnmark og i Nordland, hos Miljøpartiet Dei Grøne i Troms og Finnmark og Trøndelag, hos Venstre i Nordland og Trøndelag og hos Raudt og Sosialistisk Venstreparti i Trøndelag.

Den same identitetspolitiske argumentasjonen for nynorsk finst i Venstre i Rogaland, Senterpartiet i Vestfold og Telemark, Senterpartiet og Raudt i Innlandet og Senterpartiet, Venstre og Folkeaksjonen nei til meir bompengar i Vestland. Alle andre parti i Vestland er også innom nynorsk som eit felles identitetsprosjekt. – Det er tydeleg at det er eit engasjement for dei skriftspråka som ikkje dominerer nasjonalt i dei områda der dei er mest brukte, avsluttar Sandsmark.