Jubileumsstipend til Arnfinn Kolerud

Jubileumsstipend til Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud har fått eit jubileumsstipend på 200 000 av 25-årsjubilanten Nynorsk kultursentrum. Kolerud blei flogen inn frå ein skulesekkturné i Sunnhordland for å motta stipendet og heideren under ein festmiddag i Ørsta fredag kveld.

– Jippi! No kan eg kjøpe meg tid til å skrive. Det er mange som har etterlyst tredje bok. Dei synest at trilogiar på berre to bøker er ein uting. Det har dei heilt rett i! jublar forfattar Arnfinn Kolerud.

– Dette er som eit stipend til eit tingingsverk. Styret vedtok å opprette jubileumsstipendet for at Kolerud skal få høve til å skrive band tre i ein romantrilogi om den norske språksituasjonen, seier direktør Ottar Grepstad. – Kva han skriv i band tre, er hans sak. Vi har berre sikra oss urframføringar i Ørsta, Ulvik og Vinje.

Arnfinn Kolerud frå Isfjorden i Romsdal er ein profilert ungdoms- og vaksenbokforfattar med fleire litterære prisar. Bøkene hans er prega av språkleg kreativitet og ordleik, med handlingar lagde nær opp til kvardagsliv og jordnær røyndom – med rom for fantasirike innfall. Bøkene hans er lågmælte forteljingar om unge, usikre menneske som ikkje heilt kjenner svara på spørsmåla dei møter på livsvegen. Kanskje ser dei heller ikkje alle spørsmåla, men lesarane kjem nær undringane og kjenslene i desse unge sinna.

I tillegg til alt anna han held på med, kan Kolerud no få avslutta ein romantrilogi som førebels er to elleville og kompromisslause forteljingar om den norske språksituasjonen – Når ein først skal skyte nokon (2010) og Kom ikkje inn i mitt hus (2012). – Om Nynorsk kultursentrum kunne gjere krav på ånd, og nokon bøker skulle seiast å vere i vår ånd, må det vere desse, seier Grepstad.

Halve stipendet er frå Årets nynorskbrukar 2018, John-Ragnar Aarset. Han gav prissummen på 100 000 tilbake til institusjonen med eit uforpliktande ønske om tiltak overfor barn og unge. – Med dette stipendet oppfyller vi det ønsket, avsluttar Grepstad.