155 To omsetjingar av "Finnlendske Visa", 3.4.1852

To omsetningar av "Finnlendske Visa",3.4.1852, sende til Carl Gustaf Zetterquist i brev frå P. A. Munch, 21.4.1852.
 
Elsko-Vise fraa ei Taus, i Finnland,
umsett'e paa Synnmørs Maal.
 
Gji no Kjærin minn ha kjime, 1)
so e altidt saag so gjerne:
aa,e rende til aa ga'naa 2)
trakst ein Kyss, um endaa Munnin
hass mæ Vargeblod va smure;
Handa hass e hade lota
trykt aa valka, um e syntest
at ein Orm va kring um ringa.
Aa, gji Vindin hade Vit, aa
Vaardags Ylin kunna snakke:
maang-ei Bod han skulde bore,
maangt eit Or um trygge Truskap
myllaa tvau, so no æ skylde.
Fritt forsmaadd' e alle Stasin,
so i Værinne kann bjødast,
Gjestebod aa reidde Rette,
grømaste paa Prestebora,
førr e vilde gløyme haanaa,
so e heve havt i Hugja
trule' baade Vaar aa Vinter. 3)
                                            I.Aasen.
 
Forkortninger. 1, gji, for giv. 2, ga'naa: gav haanaa. 3, trule, for trulege
 
Mellemlyd eller kort Vokal forekommer i Ordene: gji, kjime, Vit (mellem i og e); lota, Bod, bore (mellem o og å); smur'e, grumaste (mellem u og o); Ylin, skylde (mellem y og ø); heve (mellem e og æ ).
 
Finnlendske Visa,
elder ein Elskhugs Song fraa ei Gjenta i Finnland,
umsett paa Norske Landsmaalet.
 
Kom han berre no, min snilde
Vin, som altid sjaa eg vilde:
kyst han skuld' eg, um so han i
Vargeblod um Munn var tvegjen;
trykt han skuld' eg traust i Handi,
um da var ein Orm i Vegjen.
Aa, giv Vinden tenkja kunde,
Vaardags Anden tala munde;
ja, giv Vinden tala vilde:
han sku' helsa, han sku' takka,
han sku' stødt um Elskug snakka
millom tvau, som no er skilde.
Gjerne mist' eg mang-ein Baten, 1)
største Stasen, beste Maten,
som i Prestegarden vankar,
fyrr eg honom slog or Tankar,
honom, som i Sumars Tidom
fyrst eg feste meg til Hande,
honom som i Vinters Ridom
fast eg heldt og til meg vande
                                                I. Aasen.
 
[1] d. e. oldn. bati, dansk Baade, Fordeel, god Ting.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. i eit samleband, «Finska Runan» i Göteborgs Stadsbibliotek (før prenta av D. A. Seip i «Edda» 1936, s. 98 f.). Ein del eldre utkast saman med formingar identiske med originalane, ligg i NFS Aasen, pk. 15,40 ff. 
 
- merknaden [til den siste omsetjinga] er skriven til av P. A. Munch.
 
Carl Gustaf Zetterquist (18151902), konsulatsekretær, språklærar i Stockholm, reiste mykje t.d. i Australia, Amerika (186567) o. fl. st. Kring 1840 tok Z. til å samla prøver av folkedikting på dialekt. Seinare konsentrerte han arbeidet om omsetjingar av ei «finsk runa» (prenta i Z. Topelius: Suomen Kansen Wanboja Runoja, IV, s. 22) som biskop F. M. Franzén hadde gjort merksam på. Fleire omsetjingar hadde før vore prenta, t.d. av Goethe og H. Wergeland. 
 
- Den 22. sept. 1847 vender Z. seg til P. A. Munch og spør om omsetjingar frå norsk. Munch viser i brev 18. nov. s. å. (Prenta «Edda» 1936, s. 90 ff., jfr. «Lærde brev» I, s. 251) til J. Moe og I. Aasen. Den 4. des. s.å. skriv Z. til I. Aa. og spør om han vil senda «Visor, Sagor, Småberattelser och Ordspråk etc. skrifne i det Norska Allmogespråket.» På dette svarar I. Aa. ikkje.
 
I 1852 vender Z. seg på nytt til P. A. Munch som svarar 21. apr. s.å. og sender omsetjingar av C. R. Unger til gamalnorsk, av I. Aasen (= Br. nr. 155) og av seg sjølv til angelsaksisk. Z. fører seinare vidare brevskifte med Munch om sams sak (brev frå M. 17. okt. 1852, 29. apr. 1854 og 6. mai 1855) og får her detaljerte opplysningar og råd. Saman med Aasens omsetjing vart det sendt ei oms. til hardingmål av Sjur Sexe.
 
Alle brev og omsetjingar er prenta i «Edda» 1936.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008