160 Jon I. Aasen, 13.9.1852

                                                                                                    13de S[e]pt. 52.
Til Jon Aasen.
 
Indledning om at jeg i Vaar ikke fik Tid til at svare paa hans Brev. Om min Reise, Opholdet i Bergen. Samtale med Ole Mork og med Iver. Syver traf jeg ikke. Talt med Simon og Lars Opsal. Løse Bemærkninger om Arven efter Brite. Det mig tilkommende bedes han at beholde indtil videre, samt de modtagne Penge fra Jakob Rystene. Nu frisk, engang syg i Bergen. Adskilligt at  udrette.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd.
 
I brev 7. mai. 1852, melder J. Aa. at systera, Brite Aurstad, er død.
 
 Iver] Ivar Jonson Aasen (4. mars 182877), son av J. Aa.s fyrste ekteskap, fór tidleg heimanfrå, m.a. på fiske, kom i 1859 til Nord-Noreg på fyrarbeid, i 1861 gift med Lydianna Brun frå Hellevær, budde fyrst tre år i Ofoten, bygsla seinare ein plass under Bodin prestegard (Skogøy, der kona var frå), hadde 9 born, 4 døydde små. Kona vart gift opp att med Daniel Iversen, og dei fór alle til Amerika oml. 1885. Om I. J. Aa. sjå merknader til Br. nr. 317.
 
- Syver] Sivert Steinnes, bror åt I. Aa., jfr. merknad til Br. nr. 5.
 
 Simon] skal truleg vera Simon Lystad frå grannegarden til Oppsal.
 
 Lars Opsal] Lars Jakobson Oppsal, bror til Bård Jakobson Ose, jfr. merknad til Br. nr. 191.
 
 Jakob Rystene] Jakob Knutson Ryste, frå Vik i Syvde, som i 1859 gifte seg med Olava Larsdtr. frå Ryste i Ørsta.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008