166 Påskrift i "Prøver af Landsmaalet i Norge", 20.6.1853

Til
Hr. Professor P. A. Munch
med Høiagtelse
fra
Forfatteren.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Påskrift i PL, no. i biblioteket åt VS, Trh. 
 
- I brev frå Feilberg og Landmark 19. april 1853 gjev dei etter avtale «Tilbud for Overtagelsen af Forlaget af Deres Dialect-Skizzer.» Med eit format som FG vil dei gje 6 spd. pr. prenta ark (16 sider), eller 5 spd. pr. ark med format som Alexanders Saga. «Med Hensyn til Oplagets Størrelse forbeholde vi os fri Raadighed. Saafremt De gaaer ind paa dette Tilbud, er det af Vigtighed at vi snart erholde Deres ærede Svar, hvis Bogen skal kunne blive færdig inden den af Dem satte yderste Termin.»
 
Den 21. juni s.å. sender Werner & Comp. prenterekninga. PL er på 8 ark, kostar 5 spd. og 48 sk. pr. ark, opplaget er 500 ekspl., papiret kostar 6 spd. og 88 sk., ryggtitlar kostar 108 sk., til saman 50 spd. og 100 sk. [som I. Aa. skal betala].
 
PL kom ut den 20. juni og vart dagen etter lyst ut i avisene (jfr. Mbl. s.å. 21. juni, nr. 172).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008