228 Omsetjing gjeven til Ludvig Kr. Daa, av "Den burtkomne Sonen", 5.3.1859

Den burtkomne Sonen.
(Luk. 15. 11 og f..).
 
11. Ein Mann hadde tvo Søner.
12. Og den yngste av deim sagde til Faderen: Fader, lat meg faa den Luten av Godset, som høyrer meg til Og han skifte Godset imillom deim.
13. Og nokre Dagar deretter tok den yngste Sonen all sin Arv og foor av til eit Land, som var langt burte; og der øydde han Arven sin upp i Ulivnad.
14. Men daa han hadde øydt upp alt, som han aatte, vardt der eit stort Uaar i dette Landet; og han tok til at lida Naud.
15. Og han gjekk avstad og feste seg til ein Bumann der i Landet, og denne Mannen sende honom ut paa Marki si til at gjæta Svin.
16. Og han vilde gjerna hava mettat sin Mage med Avfall, som Svini aato, og ingen gav honom nokot.
17. Daa kom han til seg sjølv og sagde: Kor mange Dagleigarar hever daa Fader min, og dei hava Nøgd av Mat, medan eg ormegtast av Hunger!
18. Eg vil risa upp og ganga til Fader min og segja tiI honom: Fader, eg hever syndat mot HimmeIen og mot deg.
19. Og eg er inkje lenger verd at kallast Son din; tak meg berre som ein av dine Dagleigarar.
20. Og han reis upp og kom til Fader sin. Og daa han endaa var langt burte, saag hans Fader honom og ynkadest yver honom, og han sprang til og tok honom um Halsen og kyste honom.
21. Men Sonen sagde til honom: Fader, eg hever syndat mot Himmelen og mot deg og er inkje lenger verd at kallast Son din.
22. Men Faderen sagde til sine Drenger: Bere fram den beste Klædebunaden og late honom fara i, og give honom eit Fingergull paa Handi og Skoer paa Føterne.
23. Og take fram ein gjødd Kalv og slagte; og late oss eta og vera glade.
24. For denne Son min var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen. Og dei toko til at gledja seg.
25. Men eldste Sonen hans var ute paa Marki, og daa han kom nærre heim aat Husom, høyrde han Ljoden av Song og Dans.
26. Og han kallade ein av Drengjom til seg og spurde, kvat detta var.
27. Men han sagde til honom: Broder din er atterkomen, og Fader din hever slagtat ein gjødd Kalv, fyredi han hever fenget honom heil heimatter.
28. Daa vardt han vreid og vilde inkje ganga inn; og daa gjekk Fader hans ut og bad honom.
29. Men han svarade og sagde tiI Faderen: Sjaa, so mange Aar hever eg tenat deg og endaa aldri brotet dine Bod; men du hever aldri gjevet meg so myket som eit Kid, at eg kunde gledjast med mine Viner.
30. Men no, daa denne Son din er komen, som hever øydt upp Arven sin med Skjøkjor, daa slagtar du ein gjødd KaIv aat honom.
 31. Men han sagde til honom: Son min, du er alltid hjaa meg, og alt det, som er mitt, er ditt og.
32. Men no skulde du vera glad og fegen, av di at denne Broder din var daud og er atter livnad, og var burtkomen og er atter funnen.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Orig. på UBO, ms. nr. 602, 4to (før prenta i L. Kr. Daa: «Om Nationaliteternes Udvikling», Kra. 1869, s. 261 og 263, på ny prenta i «Bortgjemte Arbeider af Ivar Aasen (meddeelte af O. A. Øverland)» i «Bogvennen» 1896 [jfr. merknad til Br. nr. 81]. Etter «Bogvennen» prenta i «Den 17de Mai», s. å. 25. aug. Etter ms. prenta av T. Hannaas i «Norsk Aarbok» 1926, s. 79) omframt serskild kladd (med merknader i margen, m. a. ordlag frå Luthers tyske omsetjing som I. Aa. har nytta) som ikkje er identisk med den prenta teksta.
 
- Orig. ms. har denne titelen på omslaget (ikkje I. Aa.s skrift): «Ivar Aasen. Oversættelse paa Landsmaalet af Evangeliet om Den forlorne Søn. Gave fra Prof. L. Kr. Daa».  /all/ ~ /heile sin Arv/ ~ [fyrst skrive: {heile Arven sin saman} ]  langt {ifraa} burte  Skoer ~ [over «e»-en er det sett ein blyantstrek]  han /kom/ nærre  /Skjøkjor/ ~ {usduge Kvende}
L. D. kom til I. Aa. 1. des. 1858 og tala om omsetjinga. I. Aa. skreiv ho 5. mars 1859 og leverte ms. frå seg 11. juni s. å.
 
I 1869 gav L. D. ms. til UBO.
 
- I «Om Nationaliteternes Udvikling» er det prenta 12 «Prøver af Germaniske sprogarter» (tekster etter Vulfila, Luther, oms. til sveitsisk, nederlandsk, flamsk, plattysk (1580), engelsk (1611), islandsk (1863), svensk (1541), dansk (1550) og «Norsk Landsmaal» som er nr. 10).
 
Det heiter på s. 286 at oms. er «udført med stor sproglig kunst og smag. Den fremstiller ingen nulevende norsk dialekt, men snarere de levninger af oldsproget, som et eller andet sted i Norge endnu bruges eller forstaas.» L. D. gjev elles I. Aa. lovord.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008