230 Omsetjing av Fyrste Mosebok, 1-3 kapitlet, 12.3.1859

Genesis.
(Etter Luther's Umskrift.)
1. Kap.
 
1. I Upphavet skapade Gud Himmel og Jord.
2. Og Jordi var aud og tom, og det var myrkt yver Djupom; og Guds Ande sveiv yver Vatnet.
3. Og Gud sagde: Verde Ljos. Og det vardt Ljos.
4. Og Gud saag, at Ljoset var godt. Daa skilde Gud Ljoset fraa Myrkret.
5. Og kallade Ljoset Dag og Myrkret Natt. Daa vardt av Kveld og Morgon den fyrste Dag.
6. Og Gud sagde: Det verde ei Festing imillom Votnom, og ho skal vera ein Skilnad imillom Votnom.
7. Daa gjorde Gud Festingi, og skilde Vatnet under Festingi fraa Vatnet yver Festingi. Og det vardt so.
8. Og Gud kallade Festingi Himmel. Daa vardt av Kveld og Morgon den andre Dag.
9. Og Gud sagde: Vatnet samne seg under Himmelen paa sine eigne Stader, so at det turre synest. Og det vardt so.
10. Og Gud kallade det turre Jord, og Samningen av Votnom kallade han Hav. Og Gud saag, at det var godt.
11. Og Gud sagde: Jordi late Gras og Urter spretta upp og fræva seg, og frjovsame Tre, som bera Alde, kvart etter sitt Slag, og hava sitt eiget Saad hjaa seg sjølv paa Jordi. Og det vardt so.
12. Og Jordi let upp spretta Gras og Urter, som frævade seg, kvart etter sitt Slag, og Tre, som baaro Alde og hadde sitt eiget Saad hjaa seg sjø1v, kvart etter sitt Slag. Og Gud saag, at det var godt.
13. Daa vardt av Kveld og Morgon den tridje Dag.
14. Og Gud sagde: Det verde Ljos paa Himmels Festingi, som skilja Dag og Natt, og giva Tekn til Tider og Dagar og Aar.
15. Og dei vere Ljos paa Himmels Festingi, at dei skina paa Jordi. Og det vardt so.
16. Og Gud gjorde tvau store Ljos, eit stort Ljos, som skulde styra Dagen, og eit litet Ljos, som skulde styra Natti; dertil ogso Stjørnor.
17. Og Gud sette deim paa Himmels Festingi, at dei skulde skina paa Jordi,
18. og skulde styra Dagen og Natti, og skilja Ljos og Myrkr. Og Gud saag, at det var godt.
19. Daa vardt av Kveld og Morgon den fjorde Dag.
20. Og Gud sagde: Vatnet kvikne med symjande (el. laupande) og livande Dyr, og med Fuglar, som fljuge yver Jordi under Himmels Festingi.
21. Og Gud skapade store Kvalar og allskyns Dyraslag, som liver og rører seg der, og som kviknade av Vatnet, kvart etter sitt Slag, og allskyns fjødrad Fugl, kvar etter sitt Slag. Og Gud saag at det var godt.
22. Og Gud signade deim og sagde: Vere frjovsame og auke dikker og fylle Vatnet i Havet; og Fuglarne auke seg paa Jordi.
23. Daa vardt av Kveld og Morgon den femte Dag.
24. Og Gud sagde: Jordi framføre livande Dyr, kvart etter sitt Slag, Fe og Krekelde og Dyr paa Jordi, kvart etter sitt Slag. Og det vardt so.
25. Og Gud gjorde Dyri paa Jordi, kvart etter sitt Slag, og Feet etter sitt Slag og allskyns Krekelde paa Jordi etter sitt Slag. Og Gud saag, at det var godt.
26. Og Gud sagde: Late oss gjera (ein) Mann, ei Likneskja, som skal vera oss lik, som raade (el. skal raada) yver Fiskarne i Havet og yver Fuglarne under Himmelen og yver Feet og yver heile Jordi og yver alt Krekelde, som kreker paa Jordi.
27. Og Gud skapade Mannen til Likneskja av seg sjølv; til Guds Likneskja skapade han honom; og han skapade deim, Mann og Kvinna.
28. Og Gud signade deim og sagde til deim: Vere frjovsame og auke dikker og fylle Jordi og gjere henne dikker sjølve: underlagd, og raade yver Fiskarne i Havet og yver Fuglarne under Himmelen og yver alle Dyr, som kreka paa Jordi.
29. Og Gud sagde: Sjaa, eg hever gjevet dikker allskyns Urter, som fræva seg, paa heile Jordi, og allskyns frjovsame Tre, og Tre som fræva seg, til dikkar Føda;
30. Og alle Dyr paa Jordi og alle Fuglar under Himmelen, og alt Krekelde, som liver paa Jordi, (hever eg gjevet), at dei skulo eta allskyns grøne Urter. Og det vardt so.
31. Og Gud saag paa alt, som han hadde gjort og sjaa, det var storo godt. Daa vardt av Kveld og Morgon den sette Dag.
 
2. Kap.
1. Soleides vardt Himmel og Jord fullendad med deira heile Her.
2. Og soleides fullendade Gud paa sjaunde Dagen sine Verk, som han gjorde. Og han kvilte paa sjaunde Dagen etter alle sine Verk, som han gjorde.
3. Og han signade den sjaunde Dagen og helgade honom, av di han hadde kvilt den same Dagen etter alle sine Verk, som Gud skapade og gjorde.
4. Soleides er Himmel og Jord vordne, daa dei ero skapade til den Tid, daa Gud Herren gjorde Himmel og Jord.
5. Og allskyns Tre paa Marki, som inkje fyrr hadde voret paa Jordi, og allskyns Urter paa Marki, som inkje fyrr hadde vakset. For Gud Herren hadde endaa inkje latet det regna paa Jordi, og der var ingen Mann, som dyrkade Landet.
6. Men ei Skodda steig upp av Jordi og vætte alt Landet.
7. Og Gud Herren gjorde Mannen av ein Jordklepp, og han bles honom ein livande Ande i Naserna hans; Og soleides vardt Mannen ei livande Saal.
8. Og Gud Herren plantade ein Hage i Eden imot Austr, og sette Mannen        deri, som han hadde gjort.
9. Og Gud Herren let upp veksa or Jordi allskyns Tre, som vaaro huglege at sjaa til og gode at eta av, og Livsens Tre midt i Hagen og Kunnskaps   Treet paa godt og vondt.
10. Og det gjekk ut or Eden ein Strøym til at vatna Hagen, og han deilte           seg der i fjore Hovudstrøymar.
11. Den fyrste heiter Pison og renn um heile Landet Havila, og der finn ein Gull.
12. Og Gullet i Landet er kostelegt; og der finn ein ogso Bedellion og Adalsteinen Onyx.
13. Det andre Vatnet heiter Gihon, det renn um heile Morlandet.
14. Det tridje Vatnet heiter Hidekel; det renn fram med Assyria. Det fjorde Vatnet er Frat.
15. Og Gud Herren tok Mannen og sette honom i Hagen Eden, at han skulde dyrka og halda honom.
16. Og Gud Herren baud Mannen og sagde: Du skal eta av allskyns Tre i Hagen,
17. Men av Treet til Kunnskap paa godt og vondt skal du inkje eta. For kvat Dag du eter av di, skal du døya Dauden
18. Og Gud Herren sagde: det er inkje godt, at Mannen er einsaman; eg vil gjera honom ei Hjelpa som kann vera hjaa honom.
19. Daa som Gud Herren hadde gjort av Jordi allskyns Dyr paa Marki og allskyns Fuglar under HimmeIen, daa førde han deim til Mannen, at han vilde vita,korhan kallade deim; for soleides som Mannen vilde kalla allskyns livande Dyr, so skulde dei heita.
20. Og Mannen gav alt Fe og (all) Fugl under Himmelen og (alle) Dyr paa Marki sitt Namn; men aat Mannen vardt ingi Hjelpa funni, som kunde vera hjaa honom.
21. Daa let Gud Herren ein tung Svevn falla paa Mannen, og han sovnade. Og han tok eit av Rivbeini hans og fyllte Staden til med Kjøt.
22. Og Gud Herren bygde ei Kvinna av Rivbeinet, som han tok av Mannen, og førde henne til honom.
23. Daa sagde Mannen: Dette er Bein av mine Bein, og Kjøt av mitt Kjøt. Ein skal kalla henne Manninna, av di ho er teki av Mannen.
24. Difyre skal ein Mann avlata sin Fader og si Moder og vera med sitt Viv, og dei skulo vera eitt Kjøt.
25. Og dei vaaro baade nakne, Mannen og hans Viv, og dei blygdest inkje,
 
3dje Kap.
1. Og Ormen var sløgare en alle Dyr paa Marki, som Gud Herren hadde gjort; og han sagde til Kvinna: Ja, skuIde Gud hava sagt: De skulo inkje eta av allskyns Tre i Hagen?
2. Daa sagde Kvinna til Ormen: Me eta Alden av Treom i Hagen.
3. Men um Alden av Treet midt i Hagen hever Gud sagt: Ete inkje av det, og røre det inkje, at de inkje døya.
4. Daa sagde Ormen til Kvinna: De skulo paa ingen Maate døya Dauden.
5. Men Gud veit det, at kvat Dag de eta av di, so verda Augo dikkar upplatne, og de skulo vera likasom Gud og vita kvat godt og vondt er.
6. Og Kvinna tyktest sjaa, at Treet var godt at eta av og huglegt at sjaa til, og at det var eit lystelegt Tre, som ein kunde verda klok av; og ho tok av Alden og aat, og gav Mannen sin og, og han aat.
7. Daa vordo Augo deira beggje upplatne, og dei vordo vare, at dei vaaro      nakne, og dei flettade Fikablad saman og gjorde seg Stakkar.
8. Og dei høyrde Røysti av Gud Herren, som gjekk i Hagen, daa Dagen kolnade. Og Adam løynde seg med si Kona fyre Gud Herrens Andlit under Treom i Hagen.
9. Og Gud Herren ropade Adam og sagde til honom: Kvar er du?
10. Og han sagde: Eg høyrde di Røyst i Hagen, og eg ottadest; for eg er naken, og difyre løynde eg meg.
11. Og han sagde: Kven hever sagt deg, at du er naken? Hever du inkje etet av det Treet, som eg baud deg, at du inkje skulde eta av?
12. Daa sagde Adam: Kvinna, som du hever ført til meg, gav meg av Treet, og eg aat.
13. Daa sagde Gud Herren til Kvinna: Kvifyre hever du gjort det? Og Kvinna sagde: Ormen daarade meg, og eg aat.
14. Daa sagde Gud Herren til Ormen: Av di du slikt hever gjort, vere du bolvad framfyre alt Fe og framfyre alle Dyr paa Marki. Paa din Buk skal du ganga og eta Jord, medan du liver.
15. Og eg vil setja Uvinskap imillom deg og Kvinna, og imillom ditt Saad (Avkjøme) og hennar Saad; det same skal sundertrøda ditt Hovud, og du vil stinga det i Hælarne.
16. Og til Kvinna sagde han: Eg vil fyreleggja deg store Verker, naar du skal ala Barn; med Verkjom skal du Borni føda, og din Vilje skal vera din Mann undergjeven, og han skal vera din Herre.
17. Og til Adam sagde han: Av di du hever lydt Røysti aat Kona di og etet av det Tre, som eg baud deg um og sagde: Du skal inkje eta av det; daa vere Marki bolvad fyre di Skuld, og med Sut skal du nøra deg av henne alle dine Dagar.
18. Tyrner og Tistel skal ho bera aat deg, og Urter paa Marki skal du eta
19. I ditt Andlites Sveite skal du eta ditt Braud, til dess du verd atter til Jord, som du er teken av. For du er Jord, og til Jord skal du verda.
20. Og Adam kalIade si Kona Heva, fyredi ho er ei Moder til alle livande.
21. Og Gud Herren gjorde Kjolar av Skinn aat Adam og Kona hans og førde deim paa deim.
22. Og Gud Herren sagde: Sjaa, Adam er vorden som ein av oss og veit, kvat som er godt og vondt. Men no. at han inkje skulde retta Handi si ut og brjota av Livsens Tre og eta og liva ævenlega;
23. Daa let Gud Herren honom ut or Hagen Eden, at han skulde dyrka Jordi, som han er teken av.
24. Og han dreiv Adam ut; og fyre Hagen Eden sette han ein Engel (Cherubim) med eit bert og hoggande Sverd til at vakta Vegen til Livsens Tre.
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd.  vardt ~ /hende/  vardt ~ /hende/  og fræva ~ /slike som/  vardt ~ /hende/  vardt ~ /hende/  laupande ~ /kryande/  vardt ~ /hende/  {ein}  Mann og {ei} Kvinna. Naserna /hans/  vita ~ /sjaa/  vardt ~ /fanst/  førde ~ /leidde/  sin og ~ /med seg/  og ~ /so at/  vere Marki ~ /skal M/
 
- I kladden er ordlag frå Luthers omsetjing skrivne til i margen. Kva utg. av Luthers Bibel I. Aa. har nytta er ikkje nemnt. I 1861 fekk han av J. Belsheim Luthers Biblia, 13. Aufl., Halle 1725 (jfr. Lista nr. 1088).
 
M. L.s «Das allte Testament» kom fyrste gong ut i Wittenberg 1523, og «Biblia» i Wittenberg 1534 (jfr. «Hist. Catalogue of the printed editions of Holy Scripture», utg. av T. H. Darlon og H. F. Moule, bd. II, Lond. 1911, s. 487 og 492 f. Sjå òg ein katalog som «Deutsches Bibel-Archiv» har gjeve ut: «Schrift, Bild und Druck der Bibel», Hamburg [1955]).
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band I. Oslo, Samlaget 1957. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2008