449 Omsetjingar av stykke frå Bibelen, omlag 1860

Rom. 8, 22. For me vita, at all Skapningen sukkar og verkjer saman med oss til denne Stund.
 
1. Cor. 4, 13. Me era vordne som eit Utskot fyre Verdi, eit Avsop (Avskrap) fyre alle (Folk) til no.
 
1. Cor. 14, 10. Der er no so mange Slags Maal i Verdi, og inkje nokot av deim er utydelegt.
 
2. Thess. 2, 11. Difyre vil Gud senda deim kraftige Forvillingar, so dei trua Lygni - 12. Til det, at dei alle skulo verda dømde, som inkje trua Sanningi, men heve Hug til Urettferd.  
 
-
 
Merknader Reidar Djupedal:
Kladd (saman med kladd til Br. nr. 450) som ikkje er datert. Skrifta kan minna om handskrifta frå om lag 1860, men til så lenge får dette spørsmålet stå ope. På kladden er det elles sitert ymse «Bibelstader» på gamalnorsk etter «Barlaams og Josaphats Saga», 1851 (s. 37 og 42) med jamførande sitat frå Luthers omsetjing. Vidare finn ein på same ms. eit slags register med overskrifta «Til Minnes», som inneheld ei rekkje oppslagsord (på nynorsk) og personnamn frå Bibelen (utan nærare tydingar eller opplysningar), og handskrifta i desse peikar òg mot om lag 1860.
 
- Sjå elles Br. nr. 374 og Br. nr. 396.
 

Frå Ivar Aasen: Brev og dagbøker.Ved Reidar Djupedal. Band II. Oslo, Samlaget 1958. Merknadene til Djupedal er publiserte med løyve frå familien. Elektronisk utgåve ved Dokumentasjonsprosjektet, UiO 1998 / Nynorsk kultursentrum 2009