Matias Skar, 21.10.1874

Ivar Aasen.

 

Her sender eg daa "Haavard Isfjordings Saga". Og med det same lyt eg beda dykk um litet Hjelp. De vil sjaa at eg hev umskrivet alle Kvadi. Eg hev gjort det so godt, som eg kunde, med Hjelp av G. Brynjulvson. Um det likvel skulde vera nokot galet, vil De vel lata meg faa vita det. Eg hev sett til Ordtydingar. Men eit Par av Kvadom treng ei onnor Tyding attpaa; henne hadde eg tenkt aa setja bak-etter, Men naar eg skal giva andre Rettleiding, ser eg, at eg sjølv maa faa Rettleiding fyrst, naar den eine blinde skal leida den andre, so veit de, kvat Veg det ber. Avdi lyt eg beda dykk um Rettleiding: i tredje Verset (Sida 30 i Handskrifti, Sida 24 og 117 i Grunnteksti): kvat er "hræfa gaukr" (Daudar-Gauken) for nokot, og i kvar for eit gamalt "Tre" sat han? "Hildinga haukar" er vel Haukarne hans Odin.

(Sida 42 H. – 33, 179 og 183) Kvat er meiningi med: "hoggvit her saklausa baurna eirlaust skarlit trausta?"

Det er ved eit Mistak, at Ordtydingarne er komne inn i Teksti "Soga um Vigl." Men eg tykjer godt um det eg, at dei stutte Ordtydingarne, som er berre ei rein Umskrift paa dansk, vert sette like attaat dei Ordom, som dei skal tyda; for so kjem dei lettast til Nyttes. Ei onnor Sak er det med slikt, som meir er Uttyding enn Ordtyding, og naar det er Kvad, for i Kvad vil eg hava Ordtydingar (dei stutte) under og dei lengre Tanke-Tydingar baki Boki.

Eg hev no umskrivet Helvti paa lag av Gledebodet hans Markus, og eg ser, at mitt eigit Bygdemaal rekk utruleg godt til, so eg treng ikkje aa laana vidare Ord fraa andre Stader.

Venleg Helsing

Matias Skar

 

21/10 74.

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]