Per Bø, 30.5.1873

Gausdal 30te Mai 1873

 

Ivar Aasen!

 

Av Bladom har De venteleg sett, at me den 13de og 14de Juni no kjem skal hava eit større Folkemøte paa Vetlehamar til Ordskifte om politiske og andre folkelege Emne. I Emnet om Maalsaki, som skal fram fyrste Dag, kjem Kristofer Bruun med eit innleiande Fyredrag. – Fraa Styret fyre Møtet skulde eg her beda om De vilde gjera oss den Æra aa koma paa denne Samlingi. Det vilde været oss framifraa kjært om De vilde komet. Sume Maalmenn vil De ialfall raaka. – Er det Dykk nokor Raad vonar me De kjem. Tak aug Ferdi uppum Gausdal med det same! De vil vera vælkomen.

Lev vel og vælkomin paa Møtet!

Per Bø

 

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]