Barbara Alexandrovna

Ei Forteljing or det gamle russiske Huslivet.
(Etter P. Otschkina).
 
[Del 1 av 3]
 
Alexander Dmitriewitsch Bogslawski 1) var ein hard og stridlynd Mann. Han var fulla glad i Kona og dei tri Døterne sine; men likevæl heldt han seg til det gamle Ordet, at Katten er i Huset til aa jaga Myser og Kona til aa koka Kaal. Dermed maatte Kona hans, Anisja Gregorowna, aldri bry seg um annat enn sitt Husstell.
 
Døterne hans fekk helder ikkje fara fram etter sitt eiget Hovud. "Kvinnfolket hev langt Haar og stutt Vit", sa' gamle Alexander, og meinte paa, at dei var ikkje til fyr annat enn sylta Agurkar og laga Supa. Let ein dei fara aat som dei sjølve vilde, meinte han, so kom dei til aa gjera so mykje galet, at Ein snaudt kunde faa det i Lag att paa Aar og Dag.
 
Kona hans fann seg heilest godt i detta; for ho heldt Mannen sin fyr eit reint Ovmenne, som aldri gjorde annat enn det som rett og godt var. Eingong hendte det, at Stoveklokka stanad. Alexander gaadde detta, og tok strakst til aa vilde faa henne paa Gonga att. Fyrst freistad han med aa hengja ein Bolt paa Loddet; Klokka gjekk daa eit Par Sekund – og stod att paa nytt Lag. Gamlingen tek daa til aa blaasa inn i Gongverket, pikkar og bankar paa alle 4 Sidur, og vert varmare og varmare – nei! Klokka stend, og rører seg ikkje. Daa vert Alexander vond, og braar i, som han var galen: "Hm? Du vil 'kje lyda? Ja bi du!" – og bardus i Golvet med heile Klokka, so ho laag der i tusund Bitar. Detta høyrer Anisja, som er ute; ho vert rædd og kjem farande med Andi i Halsen -: "Kvat er tids, Batjuschka 2) Alexander Dmitriewitsch? De hev væl ikkje gjort Dykk nokot?" – "Aa nei", svarad Husherren; "det var berre Klokka. Ho vilde ikkje lystra; - der ligg ho". – "Hund fortenar Hunds Ende", svarad Anisja Gregorowna, hugmjuk og blid. –
 
Det leid og det skreid, og dei unge Døterne voks upp; ein god Dag hadde den eldste av deim, Barbara, heilt uformerkt naad upp til det 15de Aaret. "No tek det til aa verta Tid fyr Barbara med", sagde Gamlemoer ein Dag med Bordet. Sjølvbyrg og blidlaaten saag Husherren burtpaa den fagre Dotter si, som sat der og glødde so vænt i sine unge Kinnar, plent liksom ei Rose. "Ja, ja", sa han venlegt, "det vert nok Tid! Ein Friar finst det altid, og er han etter mitt Sinn, skal han hava Gjenta i Guds Namn."
 
Barbara Alexandrowna vart likevæl baade 16 og 17 Aar, og ingen av alle dei Bidlar, som kom, var som Gamlefaer vilde. Detta var no ikkje Barbara imot. Ho likte beter sine Barneleikar og Barnesongar enn Brurestas og Giftarmaal, og var difyr altid glad, naar Gamlefaer styrde ein Friar Vetervegen.
 
Daa braaddøydde ein Dag gamle Ignaschenko, rike Grannen deira, som altid hadde legjet i Strid med Alexander. Dermed kom Son hans heim, ein ung, fin og fjong Major, som hellest gjorde Hertenesta i Hovudstaden. Han kom snart paa Innstig til Alexander, like sæl um den gamle Striden. Kjøyrde fram fyr Huset aat Alexander Dmitriewitsch i ei Vogn med 4 fljote Graaskimlar; - det var nett paa den Tidi, daa Gamlefaer brukte aa sova seg sin Middagslur.
 
"Herre Gud!" ropta Anisja, reint uppskræmd; "der skal du sjaa, det er sjølve Woiwoden 3) som kjem! – Hoss fer eg no? Alexander vaagar eg meg ikkje til aa vekkja; - og Husstellet mitt, - og Klædebunaden min – nei no er det reint forsett!"
 
"Kor kann du snakka um Woiwod, Mor", lagde Barbara inn; "det finst ikkje Woiwodar no lenger, veit du! – Det er paa Hægdi, er det Guvernøren".
 
"Faaviting, du er, Barbara!" svarte Gamlemoer vond; "Raadsmagt er Raadsmagt, 4) og Husstellet, det kjem paa meg. Kvat hev eg med Raadsmagti aa gjera?"
 
Bil dei so stod og talad att og fram, kom Gjesten inn i Gangen, heiv Kappa av seg der, og steig so radt inn i Storstova. Barbara gav seg snaudt Stunder te sjaa paa den blenkjande Munduren og den staute Karen, men smøygde seg ut so snøgt ho kunde; ho laut fli seg nokot fyrst.
 
Gamlemoer vart no aaleine med den store Herren, rædd og skjelvande var ho. Korleids ho tilslut fekk vita, at han ikkje var nokon "stor Herre", men berre Grannen deira, Feodor Petrovitsch Ignaschenko, det kann vera det same. Nok er det, daa Barbara paa nytt Lag kom inn i Romet og steig fram mot den unge Mannen, rodnande og bljug, daa var Gamlemoer heilt upp seg sjølv att og sagde til honom baade heimholt og fritt: "Her er eg so hæv aa kunna gjera Dykk kjend med eldste Dotter mi. Eg bed – vilde De henne elska og æra" 5).
 
Den staute Hermannen bøygde seg ned og kysste henne paa Handi, og saag paa henne so varmt og traust, liksom han vilde segja henne, at han meinte det helder aalvorsamt med det gamle fagre Helsarordet "Elska og æra". So sette dei seg ned, svallad og log, til dess at Gamlefaer, Alexander Dmitriewitsch, tottest rett vera aa vakna upp og koma ut i Framand-Stova.
 
Han tok overlag væl imot den unge Gjesten, og slepte honom ikkje burt att fyrr etter Middagsmaten den andre Dagen. Men um Barbara er aa fortelja, at ho heile næste Notti, endaa ho hellest sov framifraa godt, berre laag og drøymde om Epaaletterne 6), og Munduren, og dei lakerte Ridestyvlarne aat den unge Gjesten, og heile den fagre staute Hamen hans.
 
Var det Under, at Feodor Petrowitsch, etter slik ei Fagning, kom til Gards att fleire Gonger, og det berre tidare og tidare? -
 
Naar Gamlefaer um Sundagen og andre Helgedagar kom or Middagsmessa 7), sagde han deim altid fyre, dei skulde bia eit Bil med aa setja fram "Piroggarne" 8). "Lat oss venta paa den Flytfuglen", sagde han gjerna, "kann henda kjem han enno". Og den unge Grannen, han kom stødt. - Men so eingong ein Mariafest-Aftan, daa Alexander med Huslyden sin heldt Bøni, daa gaadde Gamlen, at Barbara bad so reint utifraa hjarteleg, som han aldri hadde set fyrr. Daa ropte han henne burtaat seg, strauk henne nedetter Haaret og spurde blidt: "Kven er det du bed fyre, Dotter mi?"
 
"Aa – berre so fyr meg sjølv," svarad Gjenta og vardt raud.
 
"Berre so fyr deg sjølv – hm!" tok Gamlen uppatt, "eg vil berre segja deg det, Barbara, - slaa dei Elskhugstankarne av Hugen. Han er ein nymodens, ovklok Mann, og me er berre uvande Steppebuar; 9) du høver ikkje aat honom, og han fær deg ikkje."
 
Barbara torde snaudt anda. "Høyr væl etter, og skyna meg rett!" tok Gamlingen paa att. "Um so han bidlar til deg, so vert det ikkje av. Han er van med aa liva i Storbyarne og driva med alle Slag; - du kjem ikkje ut av det med slik ein. Kort vil han spila liksom Far hans. Kor vilde du lika deg, naar du laut sitja heime aaleine og vantrivast og vogga Born? Bed helder um, at du stødt fær vera ei lydig og god Dotter aat Faer din."
 
Barbara kysste Gamlingen paa Haandi, og det draup ei varm Taar ned paa den daa. Dagen etter kom Feodor Petrowitsch att. Ein Augneblink, daa Gamlingen hadde annsamt med dei hine Framandfolki, smatt Feodor burt til den unge Gjenta, som daa stod aaleine.
 
"De er so sorgfull," sagde han. Barbara slog Augo ned og tagde.
 
"Naar De er sorgfull, daa lider eg med, Barbara Alexandrowna."
 
"Kven vil væl lida fyr framand Sorg?" var Svaret.
 
"Sorg, som De hev, er ikkje framand Sorg fyr meg," kviskrad den unge Mannen i varm, skjelvande Elskhug; - "um eg drøymer elder vaker, so er De, De aaleine, i all min Tanke... Ver god mot meg og seg meg berre det einaste eine Ordet -: held De av meg?"
 
Henderne aat Barbara bibrad, slik tok det henne; men Ord kunde ho ikkje faa fram.
 
"Eg bed Dykk, eg bed Dykk, De, den Einaste eg elskad: svara meg, vil De gjera meg glad og vera mi -?""
 
"Eg elskar Dykk, Feodor Petrowitsch," kviskrad ho stilt, mest uhøyrande . . . "men Faer min, han vil ikkje, at eg maa."
 
Snøggt var ho burte og gjøymde seg av i eit Side-Rom; men han bidde og gav Taal, til ho kom att, og so passad han paa i ei høveleg Stund og spurde henne ut um Grunnen, kvifyr Gamlefaer ikkje vilde.
 
Barbara gret og fortalte alt, som han hadde sagt hin Kvelden.
 
Enno fyre Kveldsmaten tok den unge Mannen paa Heimvegen, og i fulle tvo Vikur korkje høyrde elder saag dei honom. Men daa fekk gamle Alexander eit Brev, der han beintfram, og paa vanleg Maate, bad um Dotter hans til Viv. Gamlingen las Brevet og skreiv attende soleids:
 
"Høgvyrde Herre! Eg er utifraa takksam fyr den Æra, De hev vist meg med aa bidla um Dotter mi til Viv. Paa Brevet Dykkar av 30te Oktober lyt eg daa, dess verre, svara, at Dotter mi ikkje kann verta Viv aat Dykk, av di at baade den sæle Faer Dykkar – Gud glede Saali! – og De, høgvyrde Herre, likte og enno likar Kortspil og annan Uskikk, og Dotter mi soleis ikkje høver aat Dykk. Eg bed Dykk aa sleppa alle Bidletankar og gløyma Vegen til mitt Hus. Hellest er eg den lydsame Tenaren Dykkar, Alexander Boguslawiski."
 
1) Endingen – witsch er paa Lag som vaart "-son",  Dmitriewitsch er daa som me vilde segja: Deme triusson. Likaeins er Endingen "-owna" vaart  - "dotter"; Gregorowna vert daa som "Gregors dotter", Alexandrowna "Alexandersdotter" o. s. fr.
2) "Far min", "kjære Far".
3) Woiwod: fyrst Herførar, sidan Titel paa dei styrande valbare Fyrstar; i Polen Styrar av ein Provins (eit Fylke). – "Guvernør": Styrar av eit "Guvernement" (Amt).
4) Eg brukar "Raadsmagt" istadenfyr "Øverheit" elder "Øvrigheit", som er eit meiningslaust og ukvæmt Ord. (Umskr.)
5) "Elska og æra!" var eit gamalt Helsarord.
6) "Boletter", Ækselstasen aat høge Ofiserar.
7) Rusland er (grekisk-katholsk) og hev dermed mange Helger og Messur.
8) Ein Mat-Rett, som dei likar fælt godt i Russland.  Det er eit Slag Mjølbollar elder "Kompur" (Kamsar), fyllte med søt Dravle elder andre Tilsetningar, og framsette i smeltat Smør.
9) Steppe: Ei vid Slett, der det ikkje veks annat enn Gras; ofta er det og Sannbotn der, elder vatssurt. Slike Steppur er det mange av – og store – i Russland. Me vilde kalla det "Moar".
 
(Meir.)
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum