Dømd bokhandlar.

Bokhandlar Jens Jensen er av Politiretten dømd til aa betala 200 Kr. til Kristiania Fatikkasse fyr ulogleg Handel. Han hev drevet Handelen paa den Gjerdi, at han hev deilt sund Bøker i mange smaa Luter elder Hefte og ved Kolportørar elder Utsendingar bodet dei fram heftevis, elder fenget Folk til aa tinga paa heile Verket, soleids at dei skulde betala, etter som kvart Hefte kom ut. Dei som daa heldt ut og betalte, til heile Verket var utkomet, skulde faa attpaa att ei Premi, so som Klokkur, Gull- og Sylvsaker, Byrsur, Oljetryksbilæte og so framleides. Men so var Prisen fyre Boki ogso fastsett etter, kvat Premi, dei valde. Soleids kunde han koma heilt upp til 3 Kr. fyr eit Hefte, som berre var eit Ark elder 16 Sidur. Var so Heftet ei 30-40 Hefte, vart det ein stor Sum. Daa det er mange, som driv detta Slag Handel og fer umkring i Bygderne og narrar Folk, vil me telja deim fraa aa faast med slike Karar, ikkje berre fyre di, dei snyt Pengar fraa ein, men iser fordi dei fører Lestr utgjenom Landet, som korkje er sunn elder god. For sjølve Bøkerne er ikkje Hovudsaki fyr deim, annat dei er berre som ein Løynmidel til aa avhenda andre Varur, so dei ikkje bry seg so mykjet um, koss Innhaldet i deim er.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum