Fraa Telemorki

(Brev til Fedraheimen).
 
Jamen er det forvite aa sjaa eit Vikublad paa eit egta norsk Maal eigong koma ut. Eg er stø paa, at de er mangein, som kjenner seg huga paa aa skrive i de Blai, om han alli førr hev havt kvorkje Hug hell Mot til Slikt. So gjeng det meg, og derfor er de, at eg no sender ei Melding fraa dei øvste Bygdar i Telemorkji, om de er nokon, som hev Hug te høyre noko derifraa. Eg skaa 'kji rose meg, at eg hev mykji aa forteljejust; d'er no berre litigrand om Aarvokstren og Tilstandi hellest heruppe.
 
Makje te stutte og kalle Sommaare trur eg kji mange minnest. De var eit almindelegt Or Folk imidjom, at Aakeren sto innpaa tri Vikur tebakars imot i almindelege Aar. Me vontest ein go Haust te Bergjing, men fekk deristaen hovustup Frost Dagane fyri Krosmess, saa at Aakeren maatte skjerast liti mata, inkji skjærna og aataat ymist frosen. Jorepli slo fælande lite te og likeins Fori, saa at her ser ut te bli ein knappe Vete. Me Fjøllfolk kjeme te trengje ein usturtelege Mengdi Gronvare fraa Byen iaar, og hart skaa de koma te sjaa ut fe mangein Maun aa klara seg i denne Peningløysa. Me fær no kravle so gott me kann, og vonast, at Matprisane inkje bli for ividrive haage endaa, avdi de ser ut te aa hava vori eit horvelege gott Aar noko kvorsta i Utlaandi. – Her hev fari ein yrande Mengdi me Kjy og Sauer or Fjølli ihaust, og Prisane var saa haage, at eg t. D. saag ein Bøkaare 1), som Eigaren forlanga 15 Dala fe. Han var store og væl ulla, de va'en, men 15 Dala er Kjyvær au. Hesteprisane derimot er laage, som væl venteleg er. Det maatte no eingong vise seg atte, all den Mengden, som hev blivi dregen hit norafjølls heile Aari og inkje minst no i Slagtetii i Haust.
 
- Me Telebønder hev jamnan havt de te Vis aa reikna konn me dei Fremste i Uplysning, Bokkunskap og ana slikt. Hoss de kann no vera me detta, kann eg helfte seia, eg inkji veit; men eg held det mykji truleg, at de "held kvor me sin Stygjing" i de som ana, og ondrast gjer'eg paa, hoss de teke seg ut i ein Fremmindkars Øyre, naar han av og te fær høyre Uttalur som slær paa slikt. Nok er de: me strævar me konn, og vi' lære. No hev me jamvæl fengji Aftenskuli. Han hev hellest sama Lykka som are Statsskular: han trivst 'kji. Hot felar 'n? spørs kanskji. Ja, de veit eg somen 'kji. Er det 'kji helfte Altsamen tru? Hot Meining er de t. D. i aa raske ihop ein Skuleflokke av Likt og Ulikt, ja so ulike (dvs. gradsulike) Ting som tvo vaksne Menniskje kann vera i Kunskapsvegjen? Den eine kan hava forsømt seg so reint, at naar Læraren gjer sitt Beste, so "forstende 'kji han meir hell ei Kjyr paa ei rau Rispe", som dei seia, og ein anen kann vera so langt komen, at han me seg sjave lær aat alt de Læraren seie; - fe d'er 'kji jamt, Læraren er so dugeleg maavita.
 
Aa ja, dei skaa 'kji rose seg av Leikjen, dei som slite ut sitt Liv i Almuskulen helle. Eg talar 'kji om Betalingji, den som fedde 2) i klingande Mønt, fe den er 'kji so liti. Men er de ein, som gjønni vilde gjera like fe seg, og trøytnar av, naar han ser, at han inkji utrettar noko tegagns, der han er, so trur eg, at han snart kjem te sjaa, at Almuskulen er 'kji den rette Arbeidsplads. Lat vera, at det kann lykkas aa lære Bonnni nokle tungvinnte Reiknemaatar, som dei fær liti Bruk fe, og lære dei litigrand Skrivning, som eg inkji vi' laste paa, so hev han au Kristendomen, de Fag, som er so uhorveleg mykji vigtugare hell adde 3) hine ihop, at ein alvorlege Lærare mest maa halde de fe de einaste vigtuge. Endaa trur eg, at eg tore seia, at de ivi jamnan gjeng so, at de Bonni inkji fær i seg av Kristendomen heime, de fær dei inkji i seg i Skulen. Her hev daa au Læraren eit Ansvar paa seg, som er stort. Konne han endaa trygt seia med seg sjave, at dette Ansvari var lagt paa 'en av Gud, so var han heppen, fe daa var der Velsignelse i de; men kann vel adde de? D'er sletinkji sagt, at de var Guds Tankar og Vilje, at Skulen fille arte seg so, som 'en hev gjort hjaa okkon, og endaa minder er det sagt, at adde dei, som er Lærarar, hev Guds Kall te aa vera de.
 
Eg lyte slutte; eg er kanskji komen djupare i Leksa, hell meint var fraa fyssto her.
 
- So va de ein Ting, eg vilde spørje om, dersom eg fekk Lov. Hev De set noko te han Falck Ytter der inne i Kristiania? Eg og nokle are lae Lag og løyste eit "illustrera" Bla, som han gav ut se tvo Aar sia. Me betala heile Aargangjen fyriaat; men daa me ha' fengji eit Kvartal, so stoppa de, og i seiste Numeri sto skrivi, at Utgjevaren hae fengji Verk i Haandi; men han vontest bli saa go te næste Haust, at han konna begjynde ette. No hava me skrivi tvo Brev te 'en og inkji Svar fengji. Dersom Mannen hev begjengji seg og blivi skriveføre atte, so ha' det vori forvite set nokle Or ifraa 'en om den Greia anten i Fedraheimen hell eit ana Folkebla, avdi eg trur, me er 'kji dei einaste me; her er vist mange Lande rondt, som de hev gjengji paa sama Maaten. Eg trur 'kje Mannen er dau, fe eg hev høyrt, at han gjev ut eit ana Bla, som heiter "For Ungdommen", og daa maa han væl baade liva og konne skrive, om han so maa bruke Kjeiva.
 
G-p.
 
1) = Bekar elder Bekre: Ein Beder.
2) fell.
3) alle
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum