Kristiania den 20de Oktober

Som me gat i fyrre Bladet hev Herstyret gjenget yver i nye Hender. Den Riksraaden, som no gjekk av, Hr. Segelcke, hadde ikkje stadet lengere enn i 5 Aar, men likvel er det Mange, som meiner, at han stod lenge nok. Han hev fyrr voret Ingeniørofficer, og Folk meiner, at Officerarne ved Ingeniørkorpset hev litet aa gjera, naar det ikkje nettupp er eit stort Arbeid i Gang, som no den Steingarden ned i Drøbakksund.
Visst er det, at Hr. Segelcke vann med aa taka Tott i Eit og Annat, som laag utanfyr Officersyrkjet, daa han stod i Korpset. Det var allvisst Professor O. J. Broch, som drog Hr. Segelcke fram, med di han tok honom til "teknisk Assistent" i Marine-Departementet – til Fyrtrengsla fyr seg, sa' Sjøofficerarne. Daa Broch gjekk av som Riksraad, gav ogso Segelcke upp Posten sin, og det saag ut, som um han hadde same Meiningi som Broch og Irgens, imindsto i den Saki, som mest gjorde, at desse Herrar laut gjeva seg fraa Riksstyret (Riksraadsaki). Men daa dei Riksraadarne, som stod att, bad Hr. Segelcke um aa taka ei "Portefølje", var han trast viljug, og det viste seg snart, at han hadde meir enn godt fyr aa semjast med dei hine Herrar, som Broch og Irgens ikkje kunde arbeida saman med. Verre vart det fyr Segelcke, som skal ha liten Hir (Skyn) paa reine Herspursmaal, aa koma til Rettes med ymse Officerar i Heren, og Storthinget likte helder ikkje, saag det ut til, at han, som elles ikkje kom fram med ei einaste "Reform", som det var Mun i, tok so hardt paa elder let seg bruka til aa kuubba so hardt til ein av dei duglegaste Officerarne, som han gjorde, daa det Norske Jægarkorpset hadde slitet ut Klædeploggi sine litet tidlegare, enn Styret hadde gjort Reikning paa.Detta er daa nokot, som ogso pla' henda andre Herkorps.
Ymse andre Ting kom til, sosom Kinnertangsaki, og paa sidste Storthinget gjekk det jamt høg Sjøgang mot Formannen i Herstyret, og det vart ikkje betre, daa 30000 Kronur, som Arme-Departementet meinte aa hava att paa ei av Kontoerne sine, kom reint burt, elder daa det viste seg, at Herstyret ved Budget  framlaget heilt hadde gløymt av, at Underofficerarne hadde fengjet eitt Tillegg av 20 Øyrur Dagen til Løni si. – Hr. Segelcke, som vandt var paa rette Staden i Brodden fyr Heren og visst skynad det sjølv ogso, var difyr visst glad til, at han fekk hamna i eit nytt Embætte (som Styrar av Jarnvegsdrifti). Det vil no visa seg, um han er det nye Embættet meir vaksen; det skal ikkje litet til i detta helder, daa me no tek til aa faa eit Jarnvegsnet, som segjer nokot, me og. Attaat di, at Jarnvegerne vaare vert lange, hev me ogso det aa dragast med, at private Folk eig Jarnvegerne saman med "Staten", og naar ei Lina, som den fra Skien til Trondheim, skal drivast saman, og Staten hev andre Medeigarar med seg fyr kvar Stubben (mindst 8 ymse Lag), er det vandt aa finna ein Maate aa gjera upp Reikneskapen paa, som alle Medeigarar er nøgde med, men det skal "Trafikdirektøren" finna.
 
Den nye Formannen fyr Herstyret, Hr. Munthe, skal vera ein godlynd og hugleg Officer. Han hev til dessa ikkje voret stort med i Rikslivet; daa hev han setet i ymse Nemnder um Herspursmaal og dilikt. "Morgenbladet" segjer, at han er helder faavitug i Saker, som ikkje er reint hermannslege. Men det er slike Menn, som Riksministar Stang helst hev Bruk fyr; det viser seg meir og meir fyr kvar Dag, som gjeng, og det er daa nokot, som Fr. Stang hev baade sagt og skrivet alt so tidleg som i 1836, at det ikkje tarvst Menn i Riksstyret, som stend nokot framum Andre i Dugleike. Det er det rette politiske Huglyndet det kjem an paa, maa vita, og det hev berre ein liten "kringel av Menn"; utanfyr den er inkje og vert inkje, meiner dei. Men Storthinget - - - styrer.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum