Notisar.

Til det norske Bibelskap kann Sokneprestarne i Landet etter kongeleg Avgjerdsla taka mot Offer i Kyrkja paa ein dertil fastsett Helgedag anten i detta Aaret elder det, som kjem.  
 
Ny Kyrkja skal byggjast i Erfjord, Jelsa Prestegjeld i Ryfylke. 
 
Veeret. Denne Vika kom det litet Snjo her i Byen; men han vart do snart upp i Surpe og Søyle.  Innved Trondheim skal det hava komet so mykjet, at det alt hev voret Sledeføre. 
 
Korvetten "Nornen" skal no taka ei Øvingsferd til Middelhavet.  
 
Fem og tjue Aars Fest. Maandag heldt Juristarne eit Lag fyr Professor Aschehoug, som  no hev voret Lærar ved Universitetet i 25 Aar.
 
Bispemøtet er no slutt; det hev voret samanjamt ein Maane. 
 
Jonas Lie skal no halda eit Par Fyredrag her i Byen.
 
Studentarne.  I det siste Laurdagsmøtet i Studentsamfundet let det so paa Stormengdi av Studentarne, at dei mislikte Tilstelningarne paa Haustfesten.
 
Ein Basar til Biskop Schreider skal haldast her i Kristiania aat Vika att.
 
Retting. I fyrre Nummer der det stod at Utlendingar, som vilde veida i Norig, skulde betala 2000 Kr., var det komet med ein Nul for mykjet.  Det skulde vera 200 Kr.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum