Rispur.

Ein Missionær i Afrika fortalde eingong fyr Negerborni um Annanies og Safira. Til slut spurde han: "Kvifyre slær ikkje Gud kvar Ein ihel, som lyg?" Ein liten Gut svarad strakst: "Jau for det vilde ikkje verta Menniskjur att paa Jordi daa!"
 
Ein Prest saag eingong ein Arbeidsmann, som braut upp Stein, og fyr aa koma betre til, hadde han lagt seg paa Kne. Daa sagde Presten: "Aa, Jon, eg skulde ynskja, at eg kunde brjota Steinhjarto paa mine Soknefolk so lett, som du bryt upp desse Steinarne." "Kannhenda, Far, at ikkje du arbeidar paa dine Kne," svarad Jon.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum