Samfundets Støtter.

[Del 1 av 2]
 
Henrik Ibsen er ein stor Skald. Det er ikkje Mange, som kann syna fram slik ei Rad av store Skaldeverk som han kann; "Kongsemnerne", "Kjærlighedens Komedie", "Brand", "Peer Gynt", "De Unges Forbund", "Keiser og Galilæer", - alt er store og gilde Ting. Likevæl hev han Litet kunnat gjera i Livet, av Godt daa. Han hev rivet ned (voret "negativ"), men ikkje bygt upp. Ulukka er, han hev ikkje aatt nokon Livstanke. Han hev berre havt detta kvasse og saare Augat, som ser Prestar og Vant og Veilur i all Ting, men ikkje kann sjå nokot godt og sannt i Livet. Det er "Tvikargaava", sam hev gjort honom til Skald. Han hev berre kunnat "spyrja", men ikkje "svara". Slik ein Kar gjerer litet tilgagns, imot Ein kunde tru. Spyrja, det kann me alle, - og Daararne mest; men svara, leggja fram Livs og Framgangs Tankar, det kann berre den store Mannen. Me kann og alle riva ned, um ikkje so tilgagns som Ibsen; men byggja upp, som betre kunde turvast – det er det Faae, som kann, og det hev ikkje Ibsen helder kunnat.
 
Det er eit Umerkje, naar eit ungt Folk, som enno ikkje paa lang Leid er ferdugt med sjølve Samfundsbyggverket sitt, fær Rivarar fyr Reisarar, slik som me no hev havt det med denne Ibsen. Han hev og avlat fram myken Sjukdom. Det skulde vera mange fleire heile og sterke og gode Menn, t. D. millom Studentarne vaare, um ikkje denne sjuke Ibsenske Dikting hadde havt slik Magt i desse Aar. Han hev det med seg, Ibsen, at han gjev Folk Uhug til Livet. Han lærer deim upp til aa halda seg utanfyr Alt, og berre døma og spotta. Heile denne Ibsensflokken er av eit ufriskt Slag liksom. Dei er inn-sjuke. Dei gjeng der som Rek, og er leide – elder lætst vera leide – av all Ting. Slike Folk "kann Livet ikkje bruka", minst her hjaa oss, der alt enno er so ungt og uferdugt og smaatt, so det krevst Menn med Tru, og med Elsk og Hugvarme, skal dei herda Strævet. Sjuklingar og Spottarar, dei berre ser Armodsdomen i det som er, og hev ikkje Mod elder Tru til aa vona paa nokon Framgang.
 
Ibsen hev nok preikat um aa arbeida elder "liva fyr Ideen" (fyr gode og sanne Livstankar); heile "Brand" er liksom ein einaste Dundertale um detta. Og det kjem att i mest alle Bøkerne hans. "Du skal vilja!" ropar han. "Naar du ser det Rette, skal du gjeva Livet ditt til aa faa det fram!" – Og detta er rett og godt nok. Men det er daa Ingen, som hev lært Arbeidshug av Ibsen lel. For under all den Preikingi hans ligg den store Tvilen: tru kann det nytta nokot aa arbeida?
 
So hev no ikkje Ibsen helder livt etter Læra si. Eg sagde her uppe, at han ikkje hev aatt nokon Livstanke ("positiv Ide"); det maa eg taka i meg att. Ibsen hev aatt ein Tanke; - men det var ein Baktanke elder Bakstrævstanke: "Amalgamismen" elder den Tanken at dei 3 Nord-Folki skulde rørast ihop til eit. Kjølen skulde rivast og brukast til Fylling i Øresund. No, lat Tanken vera som han vil; det er ikkje det, me skal tala um. Men hev Ibsen arbeidt fyr denne Tanken sin? – Nei. Han hev sitet ned i Tyskland og gjort Bøker, "diktat fornemt paa Velin (fint Papir)", som han kallar det, "ventat paa betre Dagar" i ei "flekkfri Brudlaupsklædning", - og so bilimillom skjendt paa dei Andre, for dei ikkje hev arbeidt som dei skulde. Det er nett paa rette Gjerdi, det. Og som Meistaren er, slik er Sveinarne au. Det vert Letingar og Spottarar, som nok kan hava aat Andre, naar ikkje dei er "store" og "reine" og "heile" nok i Livsverket sitt; - men sjølv gjeng dei helst og ser etter, at dei ikkje fær "Flekkar" paa "Klædningarne" sine. Det er Stasfuglar, maatru; dei blandar seg aldri i "Sværmen" elder i "Døgnets Kiv"; for der kunde dei so snart faa Fleikar paa Kjolen!
 
Det er sjølvsagt, at Ibsen ikkje hev nokon Samhug med dei Folk, som trur paa ei norsk Framtid. I "De Unges Forbund" gjerer han Fridomsmennerne vaare til reint Skarvety, og i "Peer Gynt" set han "Maalstrævet" paa Daarekista. Det hender og, at han riv Sinne ut paa sjølve Folket. I "Brand" ser dei norske Bønder ut som ein Flokk Trælar, og i "Peer Gynt" vert dei reint ut til "Orangutangar" 1).
 
Han held seg daa og so væl utifraa Norig som han kann. Han bur i Tyskland, prentar Bøkerne sine i Danmark, og er no svensk "Doktor i Filosofien". Med Norig hev han ikkje stort annat aa gjera enn at det er derifraa, han fær – Diktarløni si.
 
Han er ikkje rik paa sjølvskapte Tankar; i so Maate liver han mest av andre. Men Skald er han, og ein Ovkar til aa gjera Vers og laga gode Komediar. Det vantar ikkje paa Vitet. Det skal ikkje helder dylgjast, at han hev skrivet mange Ting, som er baade fagre og hugkveikjande, um enn det meste er kaldt og kvasst. Det Gode, han hellest hev gjort, er aa eggja Folk upp til aa tenkja yver mangt, som Stormugen jamnaste aldri bryr seg um, og det kann og vera ein Ting som trengst.
 
- "Samfundets Støtter" er i ymse Ting ulik dei andre Bøkerne hans. Der er ikkje detta Sjuke og eitrande Sure i den som i dei hine. Du fær ikkje vondt av henne, naar du les. Ho ender ikkje slik reint burt i Villska helder som dei andre. Du legg Boki fraa deg med den Tanken, at du daa hev lært nokot Godt og Sannt der. Det er mest som Ibsen skulde vera leid no av all den Nedrivingi og vil freista paa vera med aa byggja.
 
Um so er, er det eit stort Vende i Diktarlivet hans; - men og eit faarlegt Vende. Det var "Tvilen", som gjorde honom til Diktar; slepper han den, daa kann det henda det er ute med heile Skalden. For han er hofta gamall no til aa læra upp att.
 
"Samfundets Støtter" gjev meg og som ei Kjenning av, at han er paa Nedvegen. Der er liksom ikkje den Eld og Brann og Sprett i den som i dei hine. Ho er meir spak av seg. Det Gode, ho hev, i Bygning og Forming, er berre Tame elder "Rutine"; me kjenner det att fraa fyrr alt ihop. Reint Vas kann han ikkje skriva, so driven er han altid i Kunsti; men den Eld og Glod, som er i Diktingi hans hellest, den er her som sloknad paa.
 
Detta var no helder ikkje annat ventande, um so var. Mannen hev diktat so lengje no, at han lyt tømast, han au, og verta utbrend. Det er soleids ikkje paa nokot Vondt, at eg kjem med detta. Og at han vinn seg fram med byggjande Tankar, det er kannhenda so stor ei Vinning, at det gjev Lika fyr all Fraagang i andre Ting.
 
(Meir).
 
1) Det stend ein Stad i den Boki:
                "... Ak men saa kom Fremmedaaget
                og forplumret Urskogssproget,
                firehundredaarig Naaten
                ruged over Abekatten" o. s. fr.
Folk er saa raae, at dei hev likt detta, for det var slikt eit "djervt" Hogg etter Maalmennerne. Det er snaudt dei hev lagt Merke til den utrulege Raaskapen, som Ibsen her hev synt mot sitt eiget Folk.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum