Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
I.
Um Italia-Folket.
 
[Del 2 av 25. Fyrste delen.]
 
Er detta Tilfellet med dei Folk, som no skulde vera framifraa godt upplærde, so lyt ein orsaka det stakkars Italiafolket, naar det ingen Ting veit. Jau nokot litet veit dei likavel. Dei veit, at det finst eit Land, som heiter England, av di det fer so mange Engelskmenner i Italia, og difyre kalla dei alle Utlendingar fyre Engelskmenner. Eg kunde Gong etter Gong negta, at eg var Engelskmann, det nyttad inkje, eg laut vera det, kor som var. Rødde ein med fine Folk, som no hadde studerat og borde vita betre Greida, so spurde dei, um inkje Noreg var ein Part av England elder Tyskland. Danmark er det einaste af Londom i Skandinavia, som er kjent, og det kjem seg av di, at ein vidgjeten Bilæthoggar, Torvaldsen, som fekk stort Namn i Italia, var av Danmark.
 
Dei fleste Aalmugesfolk kann slett inkje skriva, og difyre kann ein i Napoli under Bogagongen til det namngjetne San Karlo Theatret, sjaa ei Mengd med Skrivarar, som sitja atmed dei store Steinstolparne med eit Bord, Pen og Papir, ferduge til at taka mot kvar som kjem og vil søkja Raad. Der sit ein av deim og lyder paa ei gomol Kjering, som legg ut fyre honom, um kor ill Mannen hennar heve voret, og at han, Skrivaren, no lyt setja upp Klagemaal fyre henne. Hjaa ein annan stend det ei bljug, svartøygd Gjenta og segjer fyre eit Brev, han skal skriva til Guten hennar, som er ute paa Langferd. Med eit Bord stend ein ung Bondegut lutt yver Skrivaren og ser paa, korleides han set i Hop eit Friarbrev fyre honom, og atmed sit ei Kona, og ventar paa, at han skal verda ferdug, so ho kann faa eit Brev uppsett til Son sin, som er langt burte i Amerika. Det er baade Laatt og Taaror, baade Harm og Kjærleike, som logar her under Bogagongen til San Karlo Theatret, og det er inkje litet trøysamt at sjaa den vigtuge Mina, som desse lurvutte Skrivararne taka paa seg, naar dei sitja og breida seg i Stolen og lyda etter det, som no skal verda sett i Stil, og som Mannen, Kona, Gjenta og Guten stotande kjem fram med. Dei hava Lykelen til mangt eit Hjarta i Staden desse Kararne.
 
Orsaki til all denne Vankunna er no Pavedømet og Presteveldet, Dei døma soleides: Skrifti segjer, at eit er naudsynlegt, og dette eine er Kunnskapen um deira Gud og Frelsar. Alt hitt er verdslegt og skader ofta meir enn det gagnar. Naar Folk faa meir Upplysning, verda dei Fritenkjarar og Kjættarar og kjæra seg inkje meir um sin Gud. Difyre er Bibelboki og ei faarleg Bok at giva fri, av di so mange mistyda henne og misbruka henne. Nei det bedste er, at Folket trur det me segja, so tarv det inkje meir."
 
Men me kann svara desse Prestarne: "kvifyre heve Gud daa givet oss Augo og Øyro, naar me skal lata deim i Hop fyre alt, som yr og kryr kring um oss? kvifyre heve han nedlagt denne Torste etter Kunnskap i Bringa vaar, naar det inkje skulde vera Rett at fylgja honom? Er det inkje at syna Mistru til Gud og hans Magt gjenom Ordet detta at segja, at hans guddomlege Læra inkje er god nog til Stæma fyre Utru-Straumen, som vil koma fossande, naar ein let Folk faa opne Augo? er det inkje at gjera all verdsleg Kunskap til Djevelens Verk og segja, at dei Folk er dei likaste, som er mest like dei umælande Dyri? Nei Saki er den, at dei gode Prestarne gjerna vil hava Aalmugen som slik ein Deigklump, som dei kann knoda og skapa etter sitt Godtykke, og difyr stræva dei at gjera honom so umyndug som mogelegt. Naar det stakkars Folket kjem med Spursmaal um eit og annat, som Prestarne inkje vil elder kann svara paa, so skræma dei deim burt med det Svaret: "spyr inkje um detta, annars kjem du i Helvite," og no er Mannen maalbunden kann du tenkja.
 
At Folket gjeng og trælar under Presteoket er no og Orsak til di, at dei er so vonde mot Dyri hernede. Dei berja paa dei stakkars Æslarne med tjukke Lurkar, so ein kunde tru Ryggjartavla maatte springa, og ein Øyk lyt tidt draga 10-12 Mann, som standa stuvade paa Kjerra, sume paa Skjækerna og sume attanpaa, og det gjeng inkje Fet fyre Fet, nei i strjukande Tvisprang, so Øyken er um at sturta. Dei hua og dengja paa med Svipa, so Busten fyk. Det gjerer inkje nokot segja dei, for Dyri hava inkje Sjæl, dei er like Heidningarne, og med deim kann ein gjera, kvat det skal vera. Detta er Visdomen, dei hava fenget fraa Prestarne.
 
I denne tjukke Vankunna veks det no fraudigt Ugras, og difyre finna me hjaa dette Italiafolket so mange range Meningar um Rett og Urett, at ein reint maa fæla. At stela og snyta er korkje Synd elder Skam hernede, for det gjerer baade store og smaae, berre dei kann koma seg til. Stjorni heve og sett mange Embættesmenner paa slik smal Kost, at dei lyt eit finna paa, skal dei berga seg med Kjering og Born. Det hende soleides nokot løglegt i so Maate ned i Napoli, daa eg var der. Det laag ein norsk Skipar i Hamni, og so kom daa ein Toldar um Bord med nokre Mann og skulde sjaa, um han hadde Tobak, for Stjorni heve lagt stor Toll paa Tobak. Skiparen lagde daa fram, det han hadde, og det var nie Rullar med Skraatobak; men Toldaren vilde sjaa betre etter og foor og grov ned i Kistorna til Skipsmanskapen. Daa han inkje fann nokot, skulde no desse nie Rullarne fram berast og uppskrivast. Toldaren tok i deim han, men daa ein skulde sjaa aat, var det berre aatta. Ingen kunde skyna, kvar den niande Rullen var avkomen og Toldaren minst. Det vardt no inkje gjort meir Braak av detta, og Toldaren strauk heim atter i Baaten sin. Men snaudt nog er han komen fraa Bord, fyrr Kokken slær Henderne i Hop og ropar reint fjettrad av Undring: "nei no heve eg aldri sett slike Folk til at stela!" "Stal dei?" spurde Skiparen. "Stal? ja saag eg inkje, kor han stakk ein Tobaksrull til seg daa, og so tok han eit Kjøtstykke, som hekk i Kabysen og ein Fleskebite fraa Kista hans Per". "Og du sagde inkje ifraa?" "Sagde ifraa? nei kven kunde tenkja slikt daa? eg vardt som klumsad eg". "Aa du er ein Tosk, skynar du inkje, det er for seint aa fakka honom no?"
 
So hadde denne kongelege Embættesmannen, som no skulde vera ein fin Mann, inkje skjemst stela Maten ut or Kista til ein stakkars Matros, med' han paa sin Konungs Vegne skulde agta paa, att alt gjekk etter Log og Rett.  
 
Eit annat Hende bar til i Roma, medan eg var der. Ein Kjenning av meg skulde hava seg ei Ferd til Tivoli, ein liten Stad ute millom Fjellom inkje so langt fraa Rom. So foor han daa med Diligencen, dei kalla, ei stor Vogn med mange Sæte, som daglega fer millom Byen og Tivoli. Daa han skulde heim um Kvelden, var han eine i Vogni, men frampaa hjaa Kjøyresveinen sat det ein, som sagdest vera paveleg Polititenar. Daa dei var nedfyre Bakken komne og ut paa den store Sletta, kjem ein Bonde springande reint andsloppen, og med Graaten i Halsen fortel han, at tvo Karar hadde teket paa honom og stolet alle Pengarne hans, og det var 15 Spd., og no hadde han inkje annat, enn han stod og gjekk i, Tobakssnadda hadde dei og teket, dei Skarvarne. Han hjelpa honom. Polititenaren frette daa, korleides dei saag ut, og so sagde han, han skulde melda det til fyrste Politiskiftet, dei kom til. Bonden laut nøgja seg med detta, og so kjøyrde dei vidare.
 
Um eit Bel kjem ein velklædd Mann reikande og bed um Lov til at sitja paa eit Stykke. Jau det fekk han daa. Polititenaren ser njosnande paa honom og byd honom reint tyd og blid at setja seg inni. Nei han vilde helder sitja ute i fri Luft.
 
(Meir.)
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum