Utlandet.

Danmark. Den Femtanmanns-Nemndi, som Folketinget sette til aa granska Framlegget av den provisoriske Finanslogi, hev ikkje voret god til aa koma til nokor Semjing. Det skal iser vera Høgremennerue, som det ikkje hev voret moglegt aa faa flutt. Utgangen av detta vert no, at Vinstremennerne aaleine kjem til aa taka Avgjerd um den provisoriske Finanslogi. Det skal vera Von til, at ho vert medfari, som ho verd er, fraaskild fraa Forslaget til Finanslog for 1877-78.
 
I Frankrike stend alt mest i same Skora som sist me skreiv. Det hev gjenget Ord baade um Uppløysing av Tinget og Umskifte i Riksraadet, baade um Semja millom Parti-Flokkarne og um Strid uti Odd og Klo. Det tyske Bladet "Norddeutsche Allgemeine Zeitung" (Bladet aat Bismarck) slutar eit Stykkje um Tilstandet i Frankrike soleids: "Som det no er stellt, synest ein ærleg frilyndt Republik aa vera beste Aabyrgsla for ein fredleg Politik, og dei, som strævar til aa brøyta Veg for eit annat Stell, borde tenkja etter, um ikkje Framgangen av deira Stræv vilde gjera so myket, at det ogso kom Skipl i den Venskapen, som til Bate for alle knytte Frankrike i 1871 saman med dei andre Folk, og som alle, men Tyskland mest, ynskjer maa haldast og fastna".
 
Tyskland. Sundagen den 21de vart det prøysiske Landstinget opnat. Trontalen fann dei ikkje vidare hugleg, for det stend nog ymist til baade med Pengestellet og sumt annat. Innriksministeren Grev Gulenburg hev fenget Heimlov paa eit halvt Aar; det skal vera Usemja millom Bismarck og honom, umfram fleire av Riksraadsmennerne. Det var den same Usemja, som gjorde, at Bismarck i Vaar fekk Orlov paa ei Tid. Kvat Usemja rettugt gjeld, og kvat ho vil føra til, er enno uvisst.
 
Krigen. Sigeren sin i Asia hev Ryssen nøytt so godt han hev kunnat, og Turkeheren der skal vera reint sunderriven. Ryssarne bombarderar Kars; Muktar Pasja hev dreget sig undan paa Vegen til Erzerum, og Ismail Pasja freistar aa naa honom, for at dei kann slaa seg saman.
 

Frå Fedraheimen 27.10.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum