Altslag.

Friing. Folk held det mykje fyr ein vandsam og ubein Ting aa fria, og det kann so vera, at det er ikkje so endefram helder, slik som me gjerer det. Men upp i Finland er der ei Folkeferd, Kvænarne dei kallar, som hev funnet ut ein greidare og meir lettvinn Maate aa gjera slikt paa, og den Maaten skal eg her fortelja, um det kannhenda var Ein elder Annan, som vilde taka etter.
 
Naar Kvænen skal paa Friing, flir han seg no fyrst sjølv upp so godt han kann, og dertil stasar han au Reinsdyret sitt ut, og Sleden med, paa likaste Maaten, med rosutte Baand og annat slikt. So tek han med seg ein Kaffekjetel, og fær av Garde.
 
Naa han daa kjem fram til Bidlegarden, tek han Kaffekjetelen med seg og gjeng inn. Helsar so paa Husens Folk og gjev seg i Drøs um Eit og Annat; men under detta set han Kjetelen paa Elden og til aa koka Kaffi. Det vert ikkje mælt eit Ord um Friing og slikt; - men Folk skynar no altid Meiningi lel, naar dei ser Kjetelen.
 
Naar Kaffien er kokt, skjenkjer Friaren i Kopparne og byd rundt. Fyrst byd han Mannen i Huset; drik han av Koppen, daa er det so myket som, at han ikkje hev nokot imot Bidlemaalet. So byd Friaren Moeri, og drikk ho med, so er Saki greidd med dei Gamle. Tilslut byd Friaren Gjenta ein Kopp, - og drikk ho, er det so godt som "Ja". Men drikk ho ikkje, so kann Friaren patla seg heim att; for det er "Nei", det, naar Gjenta ikkje vil drikka den Kaffien, som Guten hev lagat. 
 
Paa den Maaten gjeng heile Friingi fyr seg baade stilslegt og fint, utan at det tarv mælast eit Ord. Denne Bidlemaaten kunde soleids vera overlag hæv fyr alle slike Friarar, som hev vondt fyr aa "faa Ord fyr seg", elder er bljuge fyr aa tala med Folk um slike Ting. Tenk, um du berre kunde taka Kaffekjetelen i Neven og inn til Gjenta di og koka Kaffi, og so -: "maa eg by paa ein liten Taar?" istadenfyr aa halda lange Preikur um "Elsk" og alle desse andre Ting, som høyrer til i ein Friartale! - -
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum