Fraa Ryfylke

Kristiania, den 3die November.
(Brev til Fedraheimen).
 
Naa vil eg helsa deg vælkomen, "Fedraheimen." Eg høyre, du tala Bondemaal, saa 1) du har lovt, aa eg helde 2) taa deg før dæ, om inkje før an't. Du kann tru, me Bøndene verte i Godlag, naar me ser vaart eie' Maal paa Prent. Her æ visst altfør mange taa dei, som verte paatvingde eit frammane Bokmaal og saaless verte Utlendingar i sitt eie Lands Bokrikje, men at me frivillegt ska gje fraa oss Retten te stella oss heimslegt i vaart eie Land, aa rolegt sjaa paa, at ein frammane Nationalitet sete i Høgsæte aa dominera baade oss aa Bokrikje vaart, æ harmelegt før den, saa ser, dæ æ dumt av oss, aa skamlegt før den, saa inkje haatta paa dæ.
 
Om dæ naa ska loknast 3) deg, "Fedraheimen", te romreka "Dansken" aa vinna "Norskdomen" fram, dæ vil mykje koma an paa, kor klok du æ sjøl. Dæ hindra 'kje, at du er liten; me veit fraa gamalt, at "Enfoldig Gjæst i Høibænk vil Ingen høre; hvor lavt den vise sidder vil man ham høre." Eg helde føre dæ æ eit klokt Grep av deg, at du lete Brevskrivaradne dine faa skriva i Bygdamaal. Du hadde f. Ex. inkje faatt 4) detta Breve ifraa meg held'e, hadde eg 'kje hatt Lov te dæ. Aa endaa meir æ dæ, at dæ Maale, saa paa den Maaten verte Skriftspraak, kjem'e te aa verta eit naturlegt Maal, forma or Folkje sjøl; vart dæ derimot forma av ein einaste Mann, maatte dæ verta eit konstigt Maal. Aav den Grunn meina eg, at Maalsakjo faar større Mæhelle 5) taa Aalmuen og. Hermæ Lokka aa Framgaang!
 
Ø.
 
1) som
2) held. Les: hell'e.
3) les: lukknast (open u).
4) fenget.
5)Medhelde.
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum