Notisar.

Bjørnsons "Magnhild" kom no um Onsdag. Ho er godt fortalt, kann Ein vita, men nokot tung i Tankarne.
 
Eit Studentlag fyr Bjørnson vart haldet Onsdagen. Bjørnson heldt der ein Tale um vaare Samfundstilstand og meinte, at ikkje alt var rettig bra i vaart Samfund. Det er ikkje med løynd Kjeltringskap, som Ibsen meiner, at me dregst, men me gjeng og lyg fyr os sjølve, me lid av mykjen Lygn, som me slet ikkje ser, og av mykjen Lygn, som me ser, men som me ikkje veit, kvat me skal gjera med. Det er Lygn baade i vaart Skule- og Kyrkjestel. Folk vil ikkje høyra Sanningi des helder, dei torer ikkje snakka heilt ut; naar ein gjer det, soleids som han sjølv hadde gjort det i ei Bok, "Kongen," ropar dei: aat Tukthuset med honom. Me vert forfuskad og forfuskar ogso Ætti etter os. Han vilde beda alle prøva aa vera i Sanningi, det er den einaste Veg til Frelse og til aa liva eit dugande Mannaliv.
 
Dubbeltmord. Ein Smid i England, som heite March, vart usams med ein av Kameratom sine, med dei helt paa og arbeidde; fyrst kastad han honom aat Marki, sidan tok han ei diger Jarnstong og til aa berja paa honom, med di han sagde: "Eg kann likso-godt gjera ein Ende paa det; det vil ikkje henda verre, en at eg vert hengd." Mannen, som aatte Smida, kom daa til, han var endaa 70 Aar gamal; March kastad honom likeins aat Marki, og gjekk laus paa honom med Jarnstongi. Sidan gjekk han heim og fortalde, kvat han hadde gjort. Dei tvo, som var skamfarne, vart heimførde og andad ut nokre Timar etter. Daa March vart fastsett, var han reint roleg, som um aldri var.
 
Eksplosion i Kolgruva. I ei Kolgruva i Skotland høyrde dei tileg Maandagsmorgonen ein kvass Small, og det slog upp av Gruvholet ein Straum med Eld og Røyk og alt, som hadde voret i Gruva, Mannabein fannst det og imillom. Daa detta hende, var det 219 Mann i Gruva. 6 Gonger freistad Folk aa stiga ned aa berga deim, men dei maatte berre venda att fyr den ulidelege Røyken, attaat det, at Veggjer og Tak hadde fallet ned og stengt Inngangen. Dei tok straks til aa grava fyr aa koma ned aat dei innstengte. Men baade var Lufti so urein ned i der, so dei helt paa reint aa kjøvast, og Jordi hadde losnat, so det var vaalegt aa ferdast der, so kunnuge Folk meiner det, at det skal vera eit Raak, um dei, som er innstengde, kann halda Livet uppe til dei hine fær gravet seg igjenom. Thorsdag hadde dei gravet ut 25 Lik. Detta er den største Gruveulukka, som er hendt i Mannaminne i Skotland.
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum