Samfundets Støtter

(Sluten.)
 
[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
Bjørnson hev i dei seinste Diktarverki sine med stor Ihuge lært, at Samfundslivet vaart er gjenomdreget av Lygn, og vantar Sanning og Aand, og det daa fyrst i dei "høgre Lag". Fyr detta hev Folk haldet Mannen mest fyr halvgalen, og dømd honom av med all baade politisk og bokleg Æra. No skriv Ibsen, den gamle Kristiania Nationalskalden, ei Bok, og segjer plent det same. No lyt væl Klokingarne vaare tru? - Imindsto er det merkjelegt, at Morgenbladet tigjer.
 
Det "Samfundet", Ibsen skildrar, er ihopsett av berre "Heidersmenn" av det kjende Slaget, som "nyder almindelig Agtelse" fyr sin "uplettede moralske Hæderlighed" og sine store "Fortjenester af Samfundet", og som daa jamt ender med ein "Orden" elder ei onnor Premie. Sume av dei vil endaa vera gudelege. Alle er dei so nette paa det og so pyntelege og "anstændige", at dei toler ikkje so myket som eit ufint Ord; gjeng liksom paa Tæerne av berre Sedskap, og takkar Vaarherre til, at dei er so gode og reine og sedelege som dei er, og ikkje slik som dei fleste andre Folk i Heimen.
 
Detta Samfundet er soleids fælt blankt utantil; men innantil er det helder krankt. Der er det Armodsdom og laakt Stell det meste. Dei lætst vera Styttur fyr Samfundet; men dei strævar fyr sjølve seg i Grunnen. Dei lætst vera reine og sedsame; men i Grunnen er dei ikkje likare enn andre Folk, er dei ikkje verre. Heile Samfundet liver soleids i Lygn. Det er Rotenskap og "kalkslegne Graver", som det stend i Testamentet.
 
Desse Samfundsstøtterne gjeng no der seg-imillom og gjøler kvarandre upp, alt de kann, og mest gjøler dei fyr Storkulten, Mønstermannen, Konsul Bernick. Det slutar, kann du vita, med ei "festleg Tilstelling," der alle desse "Hædersgubbarne" fær Premie. Ein fær eit Sylv-Kaffestel, ein ei gild Tekstbok o. s. fr. 1), og ein Adjunkt, som sjølv er ei "Samfundsstøtte," held ein forglupande Festtale, som er plent slik som me so godt kjenner dei fraa Livet.
 
Men Konsul Bernick er betre paa Botnen, enn Ein skulde tru. Det snur seg slik, at han fær Augo upp fyr all den Lygni og Armodsdomen, som er i detta, og dermed stig han fram fyr Festfolket og fortel dei heile Sanningi fraa fyrst til sist. Folk vert so vitskræmde av detta, at dei tagnar radt av og gjeng kvar til seg, stilt og sturt. Festen er slut, alle Ljosi sloknar. Konsulen er støytt ut av "Støtte"-Laget, det er greidt aa sjaa. For ein heilt upp ærleg Mann er "Støtterne" rædde.
 
Det er rart, at Ibsen hev haldet Boki si so rein fyr Politik. Detta lyt vera gjort med Viljo, og det er vandt aa segja, kvi so er gjort. Likevæl ser det ut fyr, at Boki hev "trefft"." Me hev slikt eit politisk Lag, som lever paa denne "moralske Hæderlighed" istadenfyr paa politiske Tankar. Tek du aat aa vil refsa dei, t. D. fyr galne Meiningar og uvis Framferd, so skyt dei til Moraliteten sin. "Me er ærlege Folk, som meinar det væl," segjer dei. Javist meinar dei det væl, - dei som andre! Det var ikkje det, der spurdest um. Var dei ikkje skikkelege Folk, so laut Ein setja dei fast. Me hev alle den Skylda "aa meina det væl," so det er Ingen, som kann rekna seg det til framifraa Fyremun.
 
Likaeins kjenner me godt den norsk-politiske Humbug med alle dei Premie-Gubbar og "Jubelfestar". Det hev vortet slik ein Vane detta, at snart som ein Mann hev havt eit godt Embætte i 20 Aar, so kann han ikkje sleppa ifraa Festtalarne og Sylvskeiderne, um han vilde. Og so Snerpeskapen. Ein lyt vera so sedsam, at det liksom ligg utanpaa Ein. Det er ikkje Syndi, som det spyrst um; men det gjeld aa agta seg fyr "alt, som kann mistydast", d. e. aa stella seg slik, at Folk ikkje "fær nokot aa segja". Difyre hev me all denne forpinte Ræddhugen og denne usanne Snerpe-Sedsemd, som drep ned all Natur og Friskleike i Folk og tidt gjer dei til Hyklarar i baade Tale og Aatferd.
 
Mot all denne rædde skikkelege Finslegdomen syner Ibsen upp – Amerika. Folk er kannhenda ikkje so "pyntelege" og smaa-finslege der; men so er dei meir naturlege, meir sannfarande, meir endefram seg sjølv, og ikkje so forpinte av "Hensyn" og Ræddhug; der er friare og friskare, større Rom liksom, og dermed større Tankar. Endaa den amerikanske "Humbug" er meir frisk og sann og ærleg enn denne norske, som er heilt lygn-sjuk, av di han gjev seg ut fyr aa vera Aalvora og Sanning.
 
Kyrkja hev Ibsen teket likaeins som Politiken. Han let Prestarne vera utanfyre, - men raamar lel. Det er ein "Adjunkt", som fær Skuringi. Han er klok, Ibsen. Han slær paa Skaaki og meiner Merri. Men me skal ikkje lasta honom fyr det. Kann han gjera det same med aa piska Skaaki, so er det vænt av honom, at han sparar Merri. Dei, som treng det, skynar nok Meiningi.
 
Den "byggjande Tanken," Ibsen hev naad fram til, er ikkje ny; men han er god. Det er den, at dei, som kallar seg Samfunds styttur, berre er Samfunds reidskapar, og at det er "Frihedens og Sandhedens Aand, som er Samfundets Støtter." Me treng um aa høyra detta her, der so mange vil halda Samfundet uppe med kunstige Støttur og Stengslur og Stellingar, og trur, at Fridomen er faarleg fyr Samfundet. Vil Ibsen halda paa aa dikta ut av slike Tankar, daa lyt Ein storleg ynskja, at det ikkje var sant, som eg sist sagde, at han er paa Nedvegen som Skald.
 
G.
 
1) "Ordenen" er daa ikkje med, denne Gongen. -
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum