Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
I.
Um Italia-Folket.
 
[Del 3 av 25. Fyrste delen.]
 
Polititenaren gav seg inkje, det rignde og var slikt ufyset Ve'r sagde han, og han sat myket meir i Live inne i Vogni med hin Herren. Endelega fekk han honom inn. Men daa Aalen vel var i Teina, læser Karen Døri og stig upp til Kusken atter. Den andre tenkjer inkje paa Uraad, men daa dei var framkomne til Politistationen, opnar Polititenaren Vogndøri, fer i Bringa paa honom, og med eit gasta Halsklutatak segjer han: "De er Tjoven, min Herre!" Hin Karen bleiknar, verd reint forfjettrad og vil verja seg; men Politimannen held honom fast, so han inkje kann røyva seg. Han gjekk daa ved, at han var Tjoven, og kom fram med dei 15 Dalarne. Men han slapp inkje med det. Dei drog med honom inn paa Skiftet, klædde honom spildrande naken og ransakad baade Plogg og Styvlar. Her fann dei daa baade Snadda aat Bonden og endaa nokre Dalar, som han ventelege hadde stolet fraa ein annan.
No skulde Tjoven fordast til Rom, og Tjovsgodset stakk Polititenaren til seg solenge. Stakkaren vardt sett upp paa Bukken millom Kjøyresveinen og Politimannen, og no bar det stad atter. Tjoven sat i fyrsto reint sturen og modlaus, han bad um at faa sleppa og lovad vakkert fyre seg; men det hjelpte inkje. Dei andre iddest inkje svara honom. Men alt som Tidi leid og skreid, og dei nærmad seg Byen, høyrer Venen min inne i Vogni slikt Godskratt utanfyre, og der sit desse try Sellarne, lægja, moroa seg og prata isaman som dei beste Vener i Verdi. Han er undren paa, kvat detta skal segja, og vil til at spyrja, men i det same rullar Vogni inn paa Gatesteinarne. Dei stana, Polititenaren stig av, helsar og gjeng. Kjøyresveinen gjerer seg ei Ærend burt til ei Korgekjering, og Tjoven smett burt, som inkje var hendt. Vennen min ser det, dunkar paa Glaset og ropar: "ser de inkje han spring?" Men Kjøyresveinen kjem helder logn burt til honom, nikkar naadigt med Hovudet og segjer: "aa ja min Herre, me hava tilgivet honom." So hadde dei Fantarne Politimannen og Kjøyresveinen, skift Tjovsgodset millom seg, Politiet i Roma fekk ingen Ting vita, Tjoven smatt burt, og den arme Bonden verd gangande ute i Marki og ventar paa dei 15 Dala'rne.
 
Naar slikt kann henda, og det millom Rettens Folk, so kann ein skyna, kor myket rotet her maa vera hernede, og at det trengst um ein ny Ande, som kann blaasa Liv i dei daude Beini. Italia er no og det Landet i Europa, som mest er plaagat av Røvarar, Grekland undanteket kannhenda. Dei tykja inkje, det er Skam at vera Røvar, og so gjerer det varme Ve'ret myket til at fremja Røvarlivet, med di dei kann halda til i Holor og Hellarar mest heile Aaret. Endaa heve inkje den nye Stjorni voret god til at faa Ende paa dette Vanstyret, for Bønderne giva aldri Greida paa, kor Røvararne er at finna, so rædde er dei Hemnen, og rett som det er, høyrer ein um, at Soldatararne er lokkade inn i ei Skora, og at Røvararne hava tynt deim. Paa Sisilia, denne ovrike Øyi, skal det vera verst med dette Røvarstellet, so det er faarlegt at ferdast der.
 
Det er inkje berre i det store, Italiamennerne gjerna vil snyta Folk, det er og i det smaae. Skal dei veksla Pengar elder kaupa nokot i ei Bud og faa Skilingar atter, er du viss um, dei giva deg forlitet, naar dei sjaa, du er Utlending. Du lyt telja vel, alt til sidste Skilingen.
 
Eg heve no fortalt so myket stygt um Italiafolket, at det var paa Tidi at fortelja nokot, som var meir hyggjelegt. Og det var inkje vel, um detta skulde vanta. Med alle deira Fel er dei so elskverduge desse brune Fantarne, at dei reint stela Hjartat ditt. Dei er so endeframme og barneglade, at du umogelegt kann vera harm paa deim lenge. Kann du berre garta litetvetta med deim, vera skjemtsam og blid, kann du vinna Hjartat deira fyre heile Livet, og daa veit dei inkje, kor myket godt dei skal gjera deg. Og so maa du inkje tru, dei sjaa uhamlege og ufjelge ut, endaa dei er skitvorne og fillutte. Nei dei veit at sveipa og slengja Fillorna kring seg, so det verd som den fagraste Klædnaden, og so treda dei fram med slik ein Stødleike og Byrgskap midt i Fatigdomen sin, som var det eit Folk av Kongar. Dei kjenna seg lika gode i Larvom sine, som den rike Borgarmannen i den gylte Stova si, og sit du atmed slik ein Tiggar i ei Skjenkjarstova og inkje heve Vin i Glaset ditt, so byd han sitt fram utan Blygsla og med ei fin Bøygjing av Hovudet.
Eg heve helder aldri set so liten Skilnad millom dei serskilte Stand som her, naar dei inkje nett er av Adel. Soldaten tek um Kvelden eit Slag Billard med Løitnanten sin, som han heve blenkt Styvlarne fyre um Morgonen, og den ringe Arbeidsmannen verd tent med same Tydleike og Blidskap, naar han kjem i den fine Skjenkjarstova og vil hava seg ein Kopp Kaffe elder eit Glas Vin, som den storvyrdne Greiven elder Baronen. Og aldri heve eg set elder høyrt, at slik ein ring Mann fraa Gata heve skjemt ut Stova elder Laget, han var i. Dei hava slik ein merkeleg fin Tokke i alt det dei gjera og handsama og er aldri bljuge og uliduge, so eg stundom var reint skamfull og tykte meg Smaamenne atved deim.
Eg skal fortelja eit Døme paa, kor frie dei kjenna seg. Nyttaarsnotti gjekk me fleire Skandinavar inn i ein fin "Kafé", der det gleim av Ljoskrunor og blenkte Marmorbord. Det sat fullt med Folk fraa alle Land, las Blaadi, rødde isaman og drakk sin Te elder Vin. So kom det reikande inn ein Hop med Handverkssveinar med Mandolinar (eit Slag Strengespil lik ein Guitar), slengde seg ned paa dei mjuke Høgjende og kravde Tody. Dei steig inn so fritt og naturlegt, som dei skulde hava voret borne og fødde millom Ljoskrunor og Stas. Reidsveinen bar fram fyre deim, likso tyd og blid som fyre alle dei ardre. So tok dei Mandolinarne fram og gav seg til at syngja og spila, rett som dei var Husherrar.
Daa det skiplad Pratet og Lesnaden fyre mange, vardt dei bedne um at tagna, og dei tagde daa strakst utan Knurr elder grove Ord. Slikt kunde inkje henda hjaa oss. Dern vilde baade Arbeidsmannen og Handverkaren blygjast fyre at treda inn slik ein Stad, og var dei inn komne, so vilde Rikmanssønerne kjenna seg tykne og bruka Munnen, um dei vilde vaaga at bera seg aat, som no desse gjorde. Og endaa kalla me oss her frie Borgarar og gilda oss av, at hjaa oss er det ingen Stands-Skilnad. Kvar Italiafolket heve denne frie Aatferdi si fraa, dette yndelege, lette og liduge, som er i kvar deira Handaburd, det veit eg inkje. Det er likt til, at dei er fødde med det, for ein ser paa Smaaborn, at berre dei lyfta paa Hand elder Fot, so gjera dei det yndelegt. Detta syner seg mest i Dansen, og dei hava mange fagre Dansar hernede. Det er Sprett og Spenn, Liv og Ynde i deim heilt igjenom. Dei er no og uppalne millom Bilætstyttor og andre fagre Kunstverk, som kann giva deim Syn fyre Vænleike baade paa Kropp og Sjæl. Og so gjerer inkje det minst, at Italiafolket er eit gamalt Kulturfolk, som sit fast i Sadlen og som heve voret Læremeistrar til so mange av dei andre Folkeferd i Europa.
 
Det vilde vera underlegt, um slikt eit Kunstfolk som Italiafolket inkje skulde hava huglagt Tonekunsti; men det hava dei og gjort. Mange av dei fagraste Tonstykke me eiga, skriva seg fraa Italialandet. Og ein ser det same i Tonarne som ellest i Livet. Dei er lette, ljose, smjugande, men vanta det, som me tykkja so myket um, djup Aalvora og dette hugsjuke og drøymande, som kling i Tonarne fraa vaare Fjell og Dalar.
Det er inkje berre dei fine Folk, som elska Strengespil og Toneleik; det er liksomyket dei ringe. Eg fortalde nyst um Handverkssveinar, som leikad Mandolin; men det er inkje berre dei. Den ringaste Sotaren og Kolbrennaren kjem tidt med sin Mandolin paa Ryggen, naar Arbeidsykti er til Endes, og sit og spelar og syng i Vinkjellaren, der han et sin Kveldverd. Det er hyggelegt detta. Det kann stytta mang ei Stund og kveikja mangt eit Hjarta, og so er dei inkje freistade til Brennevinet og Kortleiken, som so ofta hjaa oss. Den fælande Raaskapen, som syner seg so tidt her heima, naar Aalmugefolk koma i Hop, ser ein aldri hernede, endaa Folket er minder upplyst. Og so syngja dei med, store og smaae, Kjeringar og Born, dei kann Songarne av alle dei namngjetne Songspil, som dei leika paa Komedihuset, med Laup og Rullingar paa Tonen, so det er svære Ting. Stundom er det kvinande og stygt; men med Liv syngja dei, og ein ser, kor dei gledja seg i Songen.
Ofta kann ein og høyra Mandolinen klinga paa Gata um Notti, og det er daa ein og annan Elskaren, som skal klaga si Naud fyre Gjenta si. Det læt stundom ufagert nog, paa Lag som naar ein knip Katten i Rumpa, men so er det velmeint. Det kunde vera ynskelegt, um Folk vaagad seg meir fram med Songen sin heruppe hjaa oss og mest hjaa Bonden. Han er glad i Toneleik og eig mange fagre og friske Songar; men so torer han mest inkje bruka deim, men syng helder paa alt Slag Skrapevisor, som Skreppekararne hava med seg fraa Byen. Mange tru no og, det skal vera syndugt at syngja annat enn Salmar, men kvar dei finna det skrivet, det veit inkje eg. Fuglarne kvitra nogso lystugt dei, og eg trur inkje dei skjemma Gud. Frisk Song er fyre Hjartat som Dogg er fyre turr Mark; han kveikjer upp og gjerer Hugen meir sterk, meir takksam, meir lagad til at skjota fagre Tankeblomar. Folkehøgskularne hava gjort myket til at fremja Songen. Og det er eit gledelegt Teikn, at det eine Upplaget etter det andre stryk av desse smaae gilde Visebøkerna, som er komne ut i den sidste Tid.
 
[Meir.]
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum