Utlandet

Tyskland. Fredagen og Laurdagen i Vika som var heldt det prøysiske Landstinget Raadlag um Riksraadet si Stelling til Tinget, serleg um Innriksraad Gulenburgs Avgang og Bismarcks Orlov. Det var eit Renn utan Likning til Tilhøyrartrevi, allvisst um Laurdagen, daa dei tvo Partiførararne Lasker og Windthorst nappadst. Førararne aat Framgangsflokken sette fram eit Forslag, som gjekk ut paa Mistillitsdom yver Riksraadet, og Føraren for Millomflokken, Windthorst, gjorde Forslag um, at Tinget skulde mana Styret til aa koma med Forslag til Log um ein fast Skipnad av Riksraadet og um Riksraads-Andsvar. Baade Forslagi vart negtade.
 
Frankrike. Ein Sundag var det 15 Umval til Tinget, og 11 Valsokner valde Styret sine Tingmanns-Emni. Det er sjølvsagt, at dette Utfallet er til stor Hugnad for Styret, men likevel er det ei aalgjengeleg Tru at det vert RiksraadsUmskifte.
 
Krigen. I Bulgaria skal Ryssen no vera komen so langt, at han hev fenget Plevna reint innstengt. Den rysske Herføraren Gurko hev sett seg fast paa Vegen millom Sofia og Plevna; den 24de Oktober tok han fraa Turkarne eit vigtugt Feste ved Dubnik, og den 28de nøydde han Garnisonen i Telisj til aa gjeva seg; Ryssarne tok her 100 Offiserar, 7 Kompani med Mannskap og 3 Kanonor. Det er liti Von um, at Plevna kann faa nokor Hjelp, og det er trulegt, at Vestheren aat Turkarne snart er seld; det stend berre paa, kor lenge dei i Plevna kann hava Mat og Kulor og Krut. – I Armenia hev Muktar Pasja og Ismael Pasja naatt saman, og dei hev dreget seg undan til Køprikøi, eit sterkt Feste 7 Mil fraa Erzerum; her kjem trulege det næste Hovudslag til aa standa. – Rysseheren skal til den 6te Oktober hava misst 60,100 Mann alt i alt.
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum