Ymse Dyr, som era til Gagn eller til Mein fyre Landmannen

(Røda haldi af Stivendiat R. Collett ved Landmannmødet den 5te Oktober 1).
 
[Del 1 av 3]
 
Av dei uttallege Dyrskapnadar, som liva umkring oss, er det eit ikkje litet Tal, som i Strævet fyre sitt daglege Upphelde rører ved vaar Velferd paa ein og annan Maate ved aa gjera anten Gagn eller Mein. Detta Tilhøvet var fraa fyrstunne litet aktat paa, men i Aari 1850-60 toko ymise tydske Forfattarar fyre Alvora til aa draga fram, kvat som den Tid var kjendt um Livet aat desse Skapningar, og dei stridde med stor Ihuge, - endaa dei stundom voro helder framfuse, - fyre det Paastand, at Landmannen ved aa tyna Smaafuglar og Haukar og Ulor og ymise Spendyr i Grunnen tynte sine beste Hjelpesmenner i Striden mot dei meinsame Insekter eller Skordyr. Skrifterna aat desse Forfattarar vordo snøgt udbreidde i nokot nær alle Tungemaal i Europa, og hava tvillaust voret til allra største Gagn, dei hava ogso endefram voret Upphavet til dei ymise Avgjerder som era sette til Freding av Smaafuglar, og til Innreiding og Uppsetjing av Reidkassor fyre Fuglom og ymist annat, som kann tena til aa naa detta Fyremaalet. Men Vitskapen heve ikkje stadet still i den framlidne Tidi, og nett etter den Uppmoding, som desse Menner gaavo ved sine Skrifter, hava me vunnet oss større Kjennskap til Levemaaten aat desse Dyri, og me hava lært, at ymise av deim, som Folk trudde stodo fremst i Radi av vaare Hjelpesmenner, knapt fortena denne Æra; medan me hava lært aa kjenna andre, som fyrr hava voret mismætte, men som helder fortena Livd og Freding fraa vaar Sida.
 
Kvar av oss heve vel lagt Merke til, kor Engjarne i sume Aar kunna vera herjade av tumelange grøne Makkar eller Aamor, som høyra til ymise Slag av Nattfly (noctuæ) eller for Frukttrei kunna vera so fulle av graaduge Mol-aamor, (Mælarmakkar), at Greinerna snart standa snaude atter. Me granska daa i dei fyrrnemnde Skrifter, og faa vita, at me hava true Hjelpesmenner i Naudi, Smaafuglarne, som skula fria oss fyre detta Tjonet. Men me ganga faafengt aa venta Berging fraa Fuglar og Spendyr. Den Innverknad som desse hava paa meinsame Dyrskapnadar er i Røyndi smaaleg. Fyre det fyrste era dei Dyrslagi, som i Røyndi era vacre betste Viner, ikkje i Annsemd um Dagen, men dei era mest berre Nattdyr; dei som søkja si Føda um Dagen, gjera derimot jamnast inkje munarlegt Gagn, med di at dei Skordyri, som dei eta, fyre ein stor Lut høyra til sovorne Slag, som korkje era til Bate eller Skade.
 
Den fyrste av desse natlege Skapningar – um me vilja byrja med Spendyri – er Flogmusi, som heile Natti ikkje gjere annat enn aa fljuga atter og fram yver Engjar og millom Tre til aa stilla sin graaduge Mathug med Nattfly, som nett er det meinsamaste av alt, og faa Metta si fyre heile den komande Dagen. Desse smaae uvænlege Dyri era røynlege ein av dei mætaste Viner fyre Landmannen, endaa dei gjera sitt Verk stilt og løynelege. Av di at Norgje er det nørdste Landet, so er Dyreriket vaart armt paa Skapnadar av denne Dyrhopen, men det Gagnet, som dei sjau innanlendske Avdeilder gjera oss, er ikkje litet mætande. Lat dei difyre sova sin lange Vetterdvala i Fred, der dei hava teket seg Hus paa vaare Loft eller under Ufsarne paa Husi. Dei sjaa i Vissa ikkje væne ut med si nakne Flogskinna og sine kvasse Tenner i den vide Kjeften, men det er nett med desse Tenner at dei knasa det meinslege Nattflyet, som er ute og yrer um Sumarnætarne til aa leggja sitt Veitt, som sidan dei graaduge Aamorna koma fram av.
 
Flogmusi heve ein Skylding, som ikkje orkar aa sviva i Lufti, so som ho gjere, men som kryper kverv og annsam umkring millom Røter og Mose, der han iser um Natti ikkje hev annat Yrke enn aa stilla sin Mathug, som det aldri skortar paa. Detta er Musskjeri, smaae fløyelsmjuke Spendyr, som likjast Musom i Skapnad men hava ein lang tilspitad Snute. Det aalmenne Musskjer (sorex vulgaris), liksom dei tvo andre Musaslagi, ferdast mest berre um Natti og er utbreidt yver heile Landet paa alle Høgder yver Havtrømen og under kvar Breiddargrad fraa Lindesnes til Nordkap. Eg trur ikkje det er for myket sagt, at detta Dyret finnst i større Mengd og i større Utbreiding enn nokot annat innanlendskt Spendyr. Skoda me paa Munnen paa desse Smaadyri, so sjaa me, at han er utreidd med kvasse Kinntenner og eit Par utstandande Framtenner, som saman med den tilspitade Yverkjaken verka som ei Tong. Denne Spiten stinga dei inn under Borken og millom Røterna og kunna lettlege draga fram Skordyr, som vilde vera dulde fyre dei fleste andre Skordyr-etarar. Dei liggja ikkje i Vetterdvale, men era ute og ferdast til kvar Aarstid, og difyre verd det so myket større Gagn av deim, serlege fyre di at dei hava ein Mathug, som er mest maatelaus, og i detta Stykket era dei sanne Løver og Tigerar i Smaaskapnad. Dei era ikkje stort ettersøkte av andre Dyr, og det er eigenlege berre Ulorna, som eta deim. Kattarne taka deim vistnog, men eta deim ikkje, fyre di dei tevja av Moskus, men elles so litet, at det er snaudt kjennande fyre menneskjelege Sansar.
 
Eit Dyr, som er nærskyldt til Musskjeret, er Bustyvelen eller Igelen, som i seinare Tid heve vordet innførd mange Stader, der det ikkje fannst fyrr. No fyre Tidi finnst det snaudt paa denne Sida av Glaama i villt Tilstand, so som elles var Tilfelle i fyrre Aarhundrad; men paa ymse Stader hava dei innført det fyre det Gagnet, som det tvillaust gjere ved aa tyna ymist meinsamt Smaakrek. Men naar me røkja etter, kvat Slag detta er, vilja me finna, kann henda, at Gagnet ikkje verd so munarlegt endaa. Det er ikkje tvilande paa, at Bustyvelen eter upp ei stor Mengd med Engjesprettor (Grashoppar) og Markfly, og at han tyner Hoggormar, og berre detta sidstnemnde Tilhøvet er Grunn nog til at me skula spara honom. Men heilt upp meinlaus er han do ikkje. Paa sine Umsviv um Natti kjem han yver og tyner mangein Smaafugl i Reidet paa Marki, gløyper i seg baade Egg og Ungar, og ofta stiller han seg paa Fuglarne sjølve, naar dei sova eller klekkja, og jamvel Kjuklingarne aat Aakerhøna era ikkje trygge fyre Tonni hans. Difyre kunna me ikkje utan Undantak lova Bustyvelen som vaar betste Hjelpesmann. Tennerna era ikkje so kvasse paa honom som paa Musskjeret, og detta er nog til, at dei Naturkunnige kunna segja paa Fyrehand, at han ikkje er nokot bert kjøtetande Dyr; Kinntennerna, som era nokot kuvade, visa, at han til Deils søkjer si Føda av Voksteriket, og i Røyndi eter han ogso nedfallne Ber og Frukt; men ved detta gjere han daa ingen Skade, som er verd aa nemna.
 
(Meir.)
 
1) Etter Mgbl.
 

Frå Fedraheimen 03.11.1877
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum