Kristiania, den 25de Januar 1878.

Thinget kjem snart, og vælkomet skal det vera.
 
Me er altid glade med aa faa denne Samling av Landsens likaste Menn her inn, helst naar me veit, at dei fleste av deim er frilyndte og folkelege Menn, som gjerna er med i Alt, som kann vera gagnlegt og godt fyr Folket vaart.
 
Thinget hev, i Aar som vanlegt, ymse Spursmaal aa greida. Av desse er væl Skattespursmaalet det, som vil gjeva mest Vase. Men um detta hev me fortalt sumt fyrr, so me skal ikkje draga det fram denne Gongen.
 
Ei av dei Saker, som Thing og Landsstyre jamt maa tenkja paa og hava uppe, er Upplysningssaki. Det er ikkje tenkjande paa eit helsesamt Riksliv og Folkeliv utan god og jamn Upplysning, det er nokot som Alle no veit. Thinget hev og alt gjort myket i denne Vegen. Det hev ofrat Pengar i Mengdetal fyr aa faa eit godt Skuleverk. Og det hev Thinget gjort Rett i. Men naar me vil spyrja etter Frukti av det som her er gjort, so veit me og, dessverre, at den enno ikkje paa nokon Maate jamnar upp korkje Pengarne elder Strævet. Me talar her um Landsbygderne. Kunnskapen hev ikkje vakset nokot vidare etter det Ein skulde tru. Væl er det fleire, som kann "lesa, skriva og rekna" enn det var fyrr. Men dei, som brukar si Lesekunst til aa samla gagnleg Kunnskap, og dei som kann gjera nokot Gagn av Skrivekunsti si, er meir enn for faae. Den Kunnskapen, som Aalmugeskulen tygg inn i Folk, er det liksom ikkje nokon Drygsel i: han rek ut att, og vekkjer sjeldan nokon Hug til aa læra meir, elder nokor Gleda i Kunnskap og Upplysning. So gjeng daa Folkelivet helder ikkje stort fram. Det er litet korkje rikare, friare elder betre enn det var fyrr, daa "Umgangsskulen" hadde Magti. Ja sumestader finn Ein, at det helder sig atterut, med di at det raae Matstræv vinn meir og meir Magt, og dertil anten raa Njoting og Suml, elder so ei sjuk og sur pietistisk Gudsdyrkjing, som ligg i Strid mod alt Godt og Friskt i Mannalivet og difyre avlar meir Vondt enn Godt.
 
Det er soleids greidt nok, at me enno ikkje kann slaa oss til Ro med det som er gjort. Krevja meir Pengehjelp til Skulen er ikkje Meiningi, um enn Lærarløni altid er ein Ting, som er verd aa hava i Tanken, daa aandsfriske og sterke Lærarar er det fyrste Vilkoret fyr all god Skule. Men her maa fyrst og fremst arbeidast til, at Upplysningi kann verta spreidd paa ein slik Maate, at ho vert meir livande liksom, fær meir Magt i Folkelivet og gjev meir Sans fyr dei Ting, som er "høgre" enn Matfatet og meir "lyftande" enn Brennevinsdunken. Skulen maa verta stellt slik, at Samfundet kann faa meir Gagn av dei mange hundrad Tusund, som det ofrar fyr Folkeupplysningi. Her stend sumt att aa gjera, som maa verta gjort, og det "fyrst best." Og det vert nok Thinget, som fær taka i, um det skal muna; for dei, som væl var næraste til aa gjera det, dei let det visst vera, so lengje dei berre kann.
 
Kunnskapen maa berast fram paa ein slik Maate, at kvar Mann fullt og lett kann fata honom, eigna honom til seg, gleda seg i honom, og faa Smak fyr det som heiter Aands- elder Tankeliv. Lærdomen maa verta nokot meir enn Bokverk og Knot, verta nokot naturlegt og heimslegt, ikkje ein "honet Ambition." Skulen maa berre vera ei Utvidking av Heimen. Han maa tala og fortelja paa same Maaten som Heimen, berre fortelja nokot meir, som daa dei Smaae kann bera med seg heimatt til sams Gleda og Hyggje. Med eit Ord: Skulen maa kasta all framandsleg Svip og verta fullt heimsleg. Det er Kravet no.
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum