No. 70,000.

Forteljing fraa Tyskland, fritt etter Fr. Køck.
 
[Del 4 av 9. Fyrste delen.]
 
III.
(Framhald).
 
Thorbeck var ein høgvaksen, staut Kar, uppi Midten av 30-Aari, og tok seg godt ut. Dei, som fyrr hadde kallat honom ein "brun" Kar, hadde ikkje teket so reint imist; Hamliten hans var brun, elder gulbrun, og det ikkje av Solbrann elder slikt, men av sjølve Fødesupplaget, som Ein greidt kunde sjaa av di, at Liten var so jamn allestader, og so djup liksom. Dertil passad Haaret au godt, som var reint ramende svart, mest med ein Daam av Blaatt, slik som ein sjeldan ser det hjaa dei Tyske. Men Augo – hu! – dei var svarte som Kol, og hadde so lynande skarpt eit Kast, at Ein skulde tru dei kunde stikka. Hellest var det lett aa sjaa, at denne Mannen hadde voret ymist ute bland Folk og hadde lært god Folkeskikk; for han visste so væl aa snu og laga seg i kvar ein Ting; og ikkje vantad det paa Talegaavur helder.
 
Lange Bord stod uppdukad i baade Stovurne, og i tvo Kammers attaat, med all den beste og finaste Maten du vilde sjaa. Tallerkar og Fat var av ægte Postelin med gyldte Render og Rosur, og store Blomekostar stod i fine Glas millom Matfati til Stas. Alt var slik, som Folk hadde ventat det hjaa Thorbeck, ja kannhenda endaa nokot gildare.
 
Presten, som var ein gamall vyrdeleg Mann, var drjug i Dag; det var no hellest ikkje hans Vis. Klokka var alt fem, og han var ikkje komen. Men Folk hadde so mykje aa sjaa paa aa røda um, at det vart ikkje langsamt fyr det. Dei kom snart til det, at det var ei Æra fyr heile Buchenheim, at slik ein Riking hadde gift seg med ei av deira; mang ein Faer tok no med ein løynleg Sukk i seg att det han fyrr so tryggt hadde sagt: "M i Dotter skulde han aldri fenget." Berre ein Ting fann dei rart: at Bruri enno ikkje var aa sjaa. Kvinnfolket var so forvitne paa Brurestasen hennar, at dei var mest fraa seg; men di laut tigja og bia, og trøysta seg med, at so vart ho væl so mykje gildare, naar ho kom.  
 
Endeleg so kom daa Presten, og i same Stundi steig Brudi au inn, framleidd av Moer si. Men - var det den Brudlaupsstasen, som det hadde voret so mykje Snakk um? Nei, det var den uvande svarte Sundagskjolen, som Alle godt nok kjende. Ingen annan Stas hadde ho held, ikkje so mykje som ein Brurekrans dessmeir; berre ei kvit Rose hadde ho festat i Haaret sitt. Detta var daa merkjelegt! Men dei fann seg snart i det. Den staselege Bunaden, som Thorbeck hadde kaupt til henne, hadde ho væl tott var altfor fjong; ho var enno ikkje van med slik Rikdom og slik Stas, kunde Ein tenkja.
 
"Men ser daa verkeleg ei Brur ut slik?" spurde dei unge Gjenturne kvarandre, daa dei saag det naableike Andlitet og dei raudgraatne Augo aat Maria. "Og det so lukkeleg ei Brur, som no ho skulde vera?"
 
Men snart steig Presten inn i Brudlaupsstova, og dei laut sluta Drøset sitt. Presten hadde eit stort Brev i Haandi, som han strakst gjekk og gav Thorbeck.
 
"Orsaka meg, Hr. Thorbeck," sagde han, "at eg kjem nokot seint. Eg vart hindrad paa Vegen. Det kom ein Kar til Mots med meg, det saag ut til aa vera ein langfarande ein, - og bad meg paa klen Tysk um aa taka med detta Brevet til Dykk. Eg meinte det var likaste, han gav Dykk Brevet sjølv, men han forstod meg visst ikkje, og eg laut taka Brevet."
 
Paa Brevet stod det med diger Skrift, so dei Næraste godt kunde sjaa det: 70,000.
 
Daa Thorbeck saag Talet, stokk han braadt upp og vart so bleik som eit Lik, og det var lengje, fyrr han fekk so vidt Mæle fyr seg, at han kunde stota fram: "det er ein stygg, utidig Skjemt . . . ei skamlaus Tigging . . ." Dermed strauk han som ein Vind upp aa Romet sitt, og let Gjesterne gjera seg sine eigne Tankar um detta uventelege Treffet. Sume meinte, det kunde vera eit Skuldbrev; men den Tanken sleppte dei snart att, naar dei saag paa all den Stasen og Rikdomen, som her var aa sjaa i alle Ting. Det Andre tenkte, vart iallfall godt gjøymt i kvars Hjarta.
 
I det Bilet Folk stod slik og undrast og saag paa kvarandre, gjekk Presten burt til Maria og helste paa henne med eit stilt, hjartelegt Handtak og med eit Augnekast, som lyste av innerleg og sorgmild Medhug.
 
So kom Brudgomen att, og saag so glad ut som Inkje var. Fint bad han Prest og Brudlaupsfolk aa ganga ovanpaa, der Alt var tilstellt til Vigsla, og sjølv tok han Bruri ved Armen og fylgde etter Presten; dei andre gjekk etter.
 
I den store Stova i Loftshøgdi stod eit Bord med svart Duk og Blomar; det skulde svara fyr Altar. Vigsla tok aat. Men Presten, som hellest mest aldri let vera aa halda Tale fyr Brudfolket, gjorde det stutt i Dag og sagde berre upp dei Spursmaal og Bibelspraak, som høyrde til sjølve Vigsla etter Altarboki. Endaa hadde dei ventat, at han hadde gjort ein sers gild Tale i Dag; for dei visste, at han altid hadde gjort av Maria Kugler, og dertil var detta slikt eit serskilt Tilhøve, at her kunde vera mangt eit Ord aa segja til det. Men Presten berre fullførde Vigsla, som snart var ferdug. Maria svarad høgt og lydt Ja paa sine Spursmaal.
 
Daa Presten hadde lagt av seg Kjolen, gjekk han burt til Maria, tok Haandi hennar og sagde, mildt og rørt: "Du hev gjort di Skylda som lydugt Barn; no lyt du og gjera di Skylda som Viv. Den, som gav deg Kraft til det Fyrste, vil visst ikkje negta deg Hjelp til det sisste, naar Du altid hev honom fyr Augom og i Hjartat. Med Gleda hev eg set deg bløma upp alt til no; lat meg faa same Gleda av deg heretter. Gud føre og styrkje deg!"
 
Dermed gjekk han.
 
Alle stod handfallne; for det var gamall Skikk der i Buchenheim, at Presten altid drygde ei Stund i Brudlaupet etter Vigsla, til Ære fyr Brurfolket og Huset. Thorbeck var ikkje kjend paa detta; men daa Verfaer hans sagde det til honom, sprang han strakst etter Presten og bad honom um aa ikkje ganga so snøggt, men vera Brudlaupsgjesten hans ei Stund. Men Presten svarad, rolegt og aalvorsamt: "Hr. Thorbeck, kvar Sundag hev Kyrkjeklokka vaar bedet Dykk til Gjest, men De hev altid forsmaatt. Idag maa eg faa Lov til aa segja nei, for eg kann ikkje tru, at eg kann vera nokon vælkomen Gjest hjaa Dykk. Lev væl!"
 
Detta beit litegrand; Thorbeck gjekk inn att, drog paa Akslom og murrad nokot um "Preste-Ovmod" og "presteleg Trongsyn," som høvde klent til Taarerne i Augo aat den bleike Bruri. Dei meste undrast paa detta; men Thorbeck visste aa taka det alt so lett, og baud dei til Bords i so kvate Ordelag, at det Leide snart var gløymt. Folk vilde ikkje missa nokot av Brudlaupsgleda fyr Prestens Skuld, og let Mat og Drikka smaka seg godt.
 
Maria var tagall og bleik; men Thorbeck var so kvatleg og kringmælt, at det var mest underlegt. Og daa Vinet kom, drakk han baade jamt og væl, liksom han vilde gjeva Brudlaupsfolket eit godt Fyredøme, - og dess meir gladvær vart han, so det var vandt aa kjenna den gamle faamælte Thorbecken att.
 
Men dei, som ikkje drakk for myket, kunde lett sjaa, at han ikkje var so glad som han skapte seg. For sumetider hende det, at han vart sitjande still, og daa kunde det koma nokot reint Annat yver honom; Andlitet vart myrkt, Augo glodde og stirde ende ut i Lufti, liksom han var paa reint andre Stader med Tankarne sine. Men so skvatt han upp att, og slog seg endaa meir lystig enn fyrr.
 
Maria saag alt detta væl, og vart jamt stillare og jamt bleikare. Med ein Gong reis ho upp og gjekk ut or Stova. Folk meinte, Bruri vilde berre ut og visa seg i Tenarstova, som Skikken var. Men ho kom ikkje attende, og daa dei spurde Brudgomen, svarad han, at ho hadde kjent seg klen heile Dagen, so no laut ho kvila; dei fekk orsaka detta, og ikkje bry seg vidare um det. Det gjorde dei daa ikkje helder, dei flestalle; og daa
den sidste Brudlaupsgjesten endeleg tok paa Heimvegen, spratt det alt ein ny Dag.
 
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum