Skildringar fraa Italia.

(Ved Kristofer Janson).
 
[Del 12 av 25. Fyrste delen.]
 
IV.
 
Ei Helgenvigsla. Ei Nonnevigsla. Ei Dyrvigsla.
(Framhald).
 
Ein gamall Mann med Haaret kvitt,
med Fred som Kruna paa,
med Augnalag so mildt og blidt,
at han dreg Born til Fanget sitt,
at alt lyt segja: "eg kann sjaa,
at deg eg elska maa."
 
Ein herskarskapnad – inkje ein
som alt med Sverdet naar,
som fegen lær, der Kula kvein,
som søv paa Mold og harde Stein,
men ein, som tek mot Saar paa Saar,
og smiler som igaar.
 
So er han gamle Mannen, som
no sit paa Petri Stol,
som fyrr vil døy enn sleppa Rom,
som stengjer fyr med Laas og Bom,
som myrkja vil ei Fridomssol
med Limpen av ein Kjol.
 
Han trur, han med ein Lykel kann
hardlæsa Skam og Tjon,
han drøymer, han er Gregor 1) han,
og "Bullar" skriv og slengjer Ban,
han leikar Jupiter paa Von
men – utan Eld og Ljon.
 
I gamle Dagar var det Skil,
daa Paven sat heilt godt,
han trappad bert – eit litet Bil,
og Legionar strøymde til;
men denne trappar harm – og braatt
Europa slær i Laatt.
 
For Tidi toler inkje no
at styrdna, rotna ned,
heit er ho, som den raude Glod,
fram spring ho um paa slitne Sko,
han, som vil inkje vera med,
maa stupa, trakkast ned.
 
Men denne trur ei, Huset er
rotet i Botn og Grunn,
at Folket vaknar upp og ser,
at Stormen, Elingen er nær,
og at ho komi er den Stund,
daa det maa bresta sund.
 
Kor gjeng det? verd daa Øksi sveist,
som no er brotnad av?
verd Paven reken, svivyrd, neist?
verd han som heilag Martyr reist?
verd Fridomssulen, Folket gav,
eit Minne paa hans Grav?
 
Ja desse Spursmaali heve vaar Tid svarat paa, sume i det minste. De veit alle det, at no heve Viktor Emanuel vunnet Rom, og dei hava fraateket Paven den verdslege Magti, og sjølv sit han helselaus i Borgi si, Vatikanet, og ventar kvar Dag paa at faa døya. Men den katolske Kyrkja er sterk som nokot Sinn fyrr, og Paven kjem visst at sitja som øvste Biskopen endaa i lange Tider.
 
Kor som er, var det eit velsignat Andlet paa denne Pius. Og eg heve stroket av meg Hatten og bøygt meg so djupt, eg kunde (ein Protestant er altid so merkeleg stinn i Knei, naar det gjeld Paven) og teket mot Velsigningi hans so glad som den beste Katolik. Og Mannen Pio nono vil eg altid elska som ein velsignad, fredsæl, gamall Mann, som eg vil lita paa i lengste Laget, um eg inkje kann skyna hans politiske Ferd.
 
Songen er byrjad. For ein underleg Song.
 
Snart yl og tyt det og kvin ikring deg, som heile Helvite med alle Rædslor var sloppet laust, og so sig det atter burt so mjukt og mildt og smjugande som ljose Draumar. Det er, som du sundslegen sig i Golvet og so verd lyft til Himmels i ein Gong. Tonarne renna ihop som Bekkjer, snart er det Bassen, som bryt seg fram lik den breide Straumen, snart Sopranen, og so sikla alle dei andre Samljod med denne eine store Straumen som Elvarsus til Fosseduren. Snart er det Einsong, snart Tvi- og Trisong og so Samsong med 8, stundom 16, serskilde Røyster. Og høyr for underlege Tonar! Dei er granne som Kvenderøyster men fulle og sterke som Mansrøyster, inkje kvellande men liksom innhole. Det er dei pavelege Gjeldingarne, som syngja. Kvende kann inkje Paven taka i Tenesta til den embættelege Gudstenesta, men Kvenderøysti treng han um til dei store Korarne. So spotta dei Gud fyre Kunsti si Skuld; dei skamfara Mannsskapnaden og skapa desse ulukkelege Skjepnor, som ganga til Spott og Spe fyre kvar Mann. Og Kyrkja set Innsekt paa denne skamlause, unaturlege Gjerdi ved at taka desse Folk i si Tenesta og bitala deim høgt. Paven segjest mislika det, men han meinkar det inkje, og Prestarne uppmoda dei stakkars vankunnige Foreldre og lova deim Velsigning fraa Madonna.
 
Paven heve byrjat messa. Han heve god Røyst so gamall han er, det ljomar i Kyrkja. Og no er daa den store Stundi komi, Teiknet verd givet, og - bum – der small den store Kanona paa Engelsborg (Festningi der), Floret fall av Kransen øvst uppe i Korveggen, og ein saag Benedetto i sin brune Munkekyrtel sviva med utbreidde Armar paa ei Ljossky. Og no tok dei til at syngja Lovsongar, medan Kanonorna paa Engelsborg gav Skot paa Skot. Ute paa Kyrkjemuren flagsad det eit stort Flagd, og der sveiv Heilagmennet millom raudleitte Basunenglar, medan Folket, som urde paa Plassen, glaapte og lyfte Fagnadrop.
 
Men me vil inkje standa her og glaapa lenger, lat oss ganga ein Stad, der Livet møter ein med større Aalvora. I Kyrkja Gesú Bambino skal ei ung Gjenta verda vigd til Nonna. Klokka er yver tio, og me venta paa Kardinalen, som skal gjera Tenesta i Dag. Der kjem han i si raude Kaapa og raude Kollhuva. Han bøygjer Kne fyre Altaret paa ein raud Kodde, som ligg framfyre eit raudt Knefall. Han ser ut som ein snild, gamall Tutling denne Kardinalen, men Vyrdnad heve haninkje med seg. Fatige Folk er glade i honom for han er godgjerande. No taka Klokkorna til at ringja, Orglet spilar, og inn kjem den unge Gjenta, som livande vil grava seg ned. Farvel Foreldre, Systkjen, Sol, Sumar, Engjer med raude Blomar, alt – alt - no skal eg aldri sjaa dykk meir! -
 
Korleides ser ho ut? Andletet er som hoggeti Stein, bleikt, kaldt. Det er eit ægt Romarandlet, runde, brunleitte Kinner, svarte Augo og kolande svart Haar. Ho ser mest ut til at vera 30 Aar, og ho skal inkje vera meir enn 22. Kvat skal Orsaki vera til at ho soleides vil kasta seg veg? Er ho fatig og einsleg? er ho ulukkeleg? Ho skal vera rik, segja dei, hava det godt i alle Maatar. Ho heve havt mange Tilbod fraa mæte Folk, - men nei, ho vil vera Nonna. Det heve ho ynskt, fraa ho var liti. Ho heve tvo Syster, som ogso vil vera Nonnor, naar dei veksa til. Er det inkje underlegt? Foreldri liva inkje lenger, so ho kann raada seg sjølv. Ho er klædd som Brud i kvit Silkekjole med Brudeslør og Hovudlad (Diadem) med dyrlege Steinar i. Paa Bringa og kring Armarne heve ho Kedjor og Ringar av Gull. Ho bøygjer fyrst Kne framfyre eit Altar og bed stilt, so gjeng ho gjenom Knefallet og inn i Altarringen og set seg ned i ein Ryggstol, som er settframfyre henne. Atmed henne sit Principessa Torlonia, ei fornæm, fin Dame i skraavande Silkekjole med langt Drags. Paa eit litet Bord atmed Altaret liggja hennar Nonneklæde, den svarte Kjolen og det kvite Linet, Krossen, Rosekransen og so – ei Vaksdokka i berre Skjyrta med stort, gult, krullat Haar, nettupp slike Lindeborn, som dei selja i Budom hjaa oss til Barneleikor.
 
1) Ein namngjeten Pave, som alle Folkeslag skalv fyre.
 
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum