Utlandet.

Den engelske Trontalen hev i det heile vortet uppteki i fredsam Meining. Den same Tokke fær ein ogso av dei Svar, Regjeringi gav i Parlamentet, daa Maalsmennerne fyr Motstandet i baade "Hus" (Ting) klandrad Styret fyr det, som det hadde gjort og ikkje gjort i dei sidste Tider. I Herrehuset var det Lord Granville med Tilstudnad av Hertugen av Argyll, som førde Ordet fyr Motstandet, og Lord Beaconsfield svarad. Regjeringi hadde alt, fyrrenn Krigen braut ut, - sagde han – samstemmigt sett seg fyre aa halda seg utanfyre, men paa det Vilkor, at Englands Interesse ikkje leid nokot Mein, og denne Fyresetningi hadde ho ikkje latet seg rikka ifraa. Granville hadde sagt, at Englands Politik hadde voret sjølvnyttug; men hadde ikkje Austrike boret seg aat likeeins? Og Tyskland, hadde det vist seg minder sjølvnyttugt? Regjeringi fylgde same Politikken som fyrr, og ho hadde fenget i Gang Tingingar, som kunde lukkast elder vanlukkast, og ho hadde difyre Grunn til aa venda seg med Lit aat Parlamentet og søkja Midlar til aa vardveita Englands Interesse. England stod ikkje einstaka. I Fyrsteluten av Aarhundradet hadde England aaleine av alle dei modfallne Samfund i Europa forsvarat sin nationale Fridom, og England vilde ikkje no helder skvetta undan, men reisa seg til Forsvar fyr ei slik Sak. Riket havde Vegt i Europas Raad, og Regjeringi vilde gjera henne gjeldande fyr aa naa ein stød og varug Fred. – Ministeren Salisbury viste tilbake den Tanken, at Regjeringi hadde eggjat Turkiet til nytt Motstand med det, at ho hadde kallat Parlamentet saman. Turkiet fær ingi Hjelp – sagde han – til aa verja sine Ser-Interesse; derimot kunde det henda, at det vart Naud paa aa verna um dei engelske Interesse. Den Politiken, som Hertugen av Argyll heldt paa, og som gjekk ut paa aa jaga Turkarne utor Europa, vilde myket meir mana Turkiet til Motstand. Det var ikkje nokot Tvidrætte i Styret. Krigsbranden kom no hosta nær inn paa dei Stelle, der Englands Interesse vilde verta snertade, og hadde dei ikkje Tiltru til Regjeringi, so fekk dei taka seg ei onnor ei; men hadde dei Tiltru til Regjeringi, so fekk dei og lata til dei Midlar, som vilde til, fyr at ho kunde gjera Skil fyr den gode Trui. – I Underhuset talad Hartington og Gladstone paa Motstandets Vegner, og Skattkammerkansleren Northcote svarad fyr Regjeringi. Regjeringi kjende enno ikkje dei Vilkor, Ryssland vilde setja, og det var Grunnen til, at ho ikkje hadde nokot Framlag aat Parlamentet. Men det var visst, at kvatslagsVilkor Ryssland sette fram, vilde Saki verta avgjord med Samraad av dei andre Magter, soframt Vilkori gjorde nokor Forandring i annat enn det, som Ryssland og Turkiet vedkom. Regjeringi hadde gjort alt det, ho kunde, til aa faa Ende paa Krigen, og ho vilde gjera det same heretter. Det var god Von um, at det vilde lukkast aa halda Krigen innum dei Grensur, han no hadde.
 
Krigen. Det hev ikkje stadet nokot stort Slag i den sidste Vika, men kvar Dag hev gjort Naudi større fyr Turken. Etter Yvergangen yver Balkan, som er Meisterstykket til Ryssen i denne Krigen, hev han gjenget fram fraa Stad til Stad og hev no opne Vegjer fyre seg radt til Konstantinopel; og fyrr han kjem dit, stadnar han vist ikkje. Turken hev likeso stendigt dreget seg undan, og i Konstantinopel sankast no baade Leivningarne av dei turkiske Herar og andre Rømingar, so det skal vera ei oversleg Røra der. Sultanen hev gjort eit Upprop til alle Truande, at dei skal koma Fedralandet til Hjelp, for det er i den største Faare; men det vert fulla liten Mun i det. – Hadde ikkje den Heren, som stod i Sjipka-Skardet, vortet teken, kunde Turkarne endaa dreget Krigen ut eit Bil; han kunde altid ha forsvarat Adrianopel ei Tid, dersom han hadde boret seg vitugt aat. So var det Meiningi, at Suleiman Pasja, som stod med sin Her ved Filippopel, skulde freistat aa naa Adrianopel; men Ryssen kom atti Vegen fyr honom, og han laut draga seg undan. Filippopel gav seg den 16de og Adrianopel den 20de utan Sverdslag. Suleiman Pasja hev deretter gjenget ein Krokveg og skal ha naatt fram til Sjøen, so det kann lukkast honom aa faa Heren førd Sjøvegen til Konstantinopel. – Serbarne hev ogso gjort Framgang; dei hev teket Festningi Nisch, og freistar aa leggja so myket Land under seg, som dei kann, fyrr enn Fredsvilkori vert fastsette. I Tessalia er det Uppstand mot Turkarne, og Grekarland held seg ogso reidugt til aa nappa ein Bite ved Fredgjerdi. – Det er sjølvsagt, at Turkarne no bed vakkert um Fred, og endeleg skal Ryssen ogso ha samtykt i aa byrja tinga um Vilkori; at dei vert harde, er greidt nog; men det heiter seg, likevel, at Ryssland ikkje vil krevja nokot, som ikkje dei andre Magter vil samtykkja i, og at det attpaa vil leggja Spursmaalet um den endelege Skipnaden i Turkiet fram fyr etn europæisk Kongress.
 
- Etter dei sidste Telegrammer ser det styggt ut til, atEngland kjem medi Ufreden. Fredsministrarne Derby og Carnarvon hev bedet um Avskil, Regjeringi bed um Pengar til Rustningar, og Admiralen paa Midelhavsfloten skal ha fenget Bod um aa setja iland Soldatar og millomtidigt verja Gallipoli, som Ryssen segjest aa vera i Framgang mot. –Greklandvil og ut, er det likt til. - Etter ett annat Telegram skal Turkland ha teket mod Rysslands Fredsvilkor, og dermed skulde daa Freden vera godt som viss. Meldingarne er soleids ymise, og det er vandt aa vita, kvat som vissaste er.
 

Frå Fedraheimen 26.01.1878
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum